Hopp til innhold

Flyktar sørover Gazastripa

Bakkestyrkar har gjennomført raid inne på Gazastripa det siste døgnet. Det melder det israelske forsvaret. Tusenvis av palestinarar flyktar no sørover Gazastripa.

Folk med poser i hendene går langs en gate. Kvinner og barn.

Palestinarar i Gaza by fekk fredag morgon 24 timar på seg til å evakuere heimane sine, og reise sørover på Gazastripa.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

SISTE NYTT:

Fredag er tusenvis av palestinarar på veg sørover Gazastripa. Folk som bur i den nordlege delen av området dreg sørover i bilar, på motorsyklar og til fots, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Dei fryktar at Israel skal gjennomføre ein omfattande bakkeinvasjon av området.

Israel har i løpet av det siste døgnet vore inne i Gaza med bakkestyrkar, ifølgje ei melding frå det israelske forsvaret (IDF).

– I løpet av dei siste 24 timane har styrkar frå det israelske forsvaret utført raid inne på territoriet til Gazastripa for å fullføre arbeidet med å reinse området for terroristar og våpen. Det blei også gjort forsøk på å finne personar som er sakna, heiter det i ei fråsegn.

Ordre om evakuering

Det var natt til fredag FN fekk beskjed om at Israel hadde gitt ordre om evakuering av sivile palestinarar som bur nord på Gazastripa. Dei fekk beskjed om å reise sør for elva Wadi, som ligg omtrent midt på Gazastripa, innan 24 timar.

Evakueringsordren gjeld 1,1 millionar sivile palestinarar. Det er uvisst kvar i Sør-Gaza dei skal reise, kor lenge dei må vere der og kva som vil skje med heimane deira.

Den israelske hæren ber spesifikt sivile inne i Gaza by om å evakuere – for deira eigen tryggleik og vern.

«Evakuer heimane dykkar omgåande, og reis sør for Wadi», stod det på flygeblada som israelske dronar sleppte ned over Gaza by fredag.

Det melder AFP-korrespondentar i området.

Israels forsvarsminister Yoav Gallant og USAs forsvarsminister Lloyd Austin heldt fredag ein pressekonferanse i Israel.

– Dette er ein krig mot vår eksistens. Ein krig mot Israel som eit velståande, demokratisk, jødisk heimland. Vi skal halde fram med å kjempe, og vi skal vinne krigen, sa Gallant.

Kartet viser kvar elva Wadi går. 1,1 millionar har fått beskjed om å evakuere sør for denne. Heile Gazastripa er 40 km lang.

Erkjenner at det vil ta tid

Hamas ber derimot befolkninga om ikkje å følge evakueringsordren, og kallar det «falsk propaganda», ifølge Reuters.

Dette får talsperson for det israelske forsvaret (IDF), Daniel Hagari, til å reagere.

– Hamas utnyttar innbyggarane på Gazastripa.

– Ansvaret for kva som kan skje med dei som ikkje evakuerer, ligg på Hamas' hovud, seier Hagari på ein pressekonferanse fredag.

Den korte fristen vekker reaksjonar verda over. FN ber på det sterkaste om at Israel trekker tilbake ordren om evakuering. Flyktninghjelpa kallar det kollektiv avstraffing.

Fredag formiddag vedgjekk IDF at det vil ta tid for palestinarane å evakuere Nord-Gaza:

– Vi prøver å gi tid, og vi legg ned mykje innsats. Vi forstår at det ikkje vil ta 24 timar, seier Hagari.

IDF opplyser at det vil komme store militæroperasjonar i Gaza by dei neste dagane, men seier at dei vil skåne sivile.

Folk går med poser og kofferter i en gate.

Palestinarar evakuerer etter eit israelsk angrep i Gaza by. Fredag morgon får dei over 500.000 innbyggarane beskjed om å evakuere sørover.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

447 barn drepne i israelske angrep

Israel har dagleg utført angrep på Gazastripa etter at Hamas tok seg inn i Israel og gjekk til angrep på sivile laurdag, og har hausta sterk kritikk for ikkje å førehandsvarsel innbyggarane på Gazastripa om angrep.

Fredag melder Unicef at 447 barn har blitt drepne i israelske angrep på Gazastripa, men at talet mest sannsynleg er høgare.

Unicef Palestina rapporterer om at hundretusenvis av barn på Gazastripa har behov for både akutt humanitær hjelp og vern.

sårede barn sitter på en sykeseng. de har bandasje på hodet og blod i ansiktet. en lege hjelper dem

Halvparten av befolkninga på Gazastripa er under 18 år. Fredag melder Unicef om at 447 barn har mista livet i israelske angrep.

Foto: Ali Mahmoud / AP

Hamas seier fredag at dei har sendt 140 rakettar mot Ashkelon i Israel «som svar på fordrivinga og målrettinga av sivile», melder Reuters.

Samtidig hevdar Hamas at 13 israelske gislar skal ha blitt drepne i israelske angrep i natt mot Gaza, og at dette inkluderer utanlandske statsborgarar. Det melder nyheitsbyrået AFP.

– Kollektiv avstraffing

Evakueringa har vekt sterke reaksjonar i inn- og utland. Statsminister Jonas Gahr Støre kallar Israels evakueringsordre for ei oppskrift på store lidingar:

– Det er ei oppskrift på så store lidingar, med så enorme humanitære konsekvensar, at vi må seie tydeleg ifrå, seier Støre.

Leiar i Flyktninghjelpen Jan Egeland kallar det ei kollektiv avstraffing:

– Den kollektive avstraffinga av Gazas heilt uskuldige sivile, held fram. Det er utvilsamt Hamas-terroristar i Gaza by, men det er uendeleg mange fleire spedbarn, gravide mødrer og veldig mange funksjonshemma, seier Egeland til NTB.

Les også NRK Svarer om Midtausten: Er det nokon risiko for at arabiske land erklærer krig mot Israel?

Verdas helseorganisasjon (WHO) seier at det mellom anna er umogleg å evakuere sårbare sjukehuspasientar frå Nord-Gaza:

– Å flytte alvorleg og kritisk sjuke pasientar i Gaza, svarer til ein dødsdom.

Også den amerikanske demokraten Alexandria Ocasio-Cortez reagerer:

– Alle personar kan sjå at å be over ein million menneske flykte på under eit døgn, ikkje er mogleg. Det er uakseptabelt. FN har allereie sag at det er umogleg utan «katastrofale humanitære følgjer». Menneske står på spel. Nesten halvparten er barn. Vi må stanse dette.

Det skriv Ocasio-Cortez, som representerer delstaten New Yorks i Representanthuset.

Mennesker går langs en vei

Fredag morgon fekk dei over 500.000 innbyggarane i Gaza by beskjed om å evakuere sørover.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Noreg fordømmer blokaden

Utanriksminister Anniken Huitfeldt kallar det for ein «dramatisk situasjon». Ho fordømmer blokaden til Israel, men ikkje Israel som stat:

– Eg fordømmer denne blokaden. Når dei ber så mange menneske om å flytte på seg og dei ikkje får tilgang på mat og medisinar, så er det nødvendig.

– Trur du det er mogleg at så mange skal flykte på så kort tid?

– Det er vanskeleg å seie, seier Huitfeldt.

– Kva trur du Israel prøver å oppnå ved å gjere dette?

– Eg synest det er vanskeleg å spekulere i det, men dei har rett til å forsvare seg. Og så kan vi vente at dette blir dramatisk dei neste døgna. Eg kan ikkje kommentere det utover det.

Anniken Huitfeldt

Utanriksminister Anniken Huitfeldt fordømmer Israels blokade av Gazastripa fredag morgon.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Utanriksministeren stadfestar at Noreg er i kontakt med Israels statsminister Benjamin Netanyahu. På spørsmål om ho spør den israelske statsministeren om kva som er planen framover, svarer Huitfeldt:

– Det er unaturleg å gå inn i spekulasjonar om kva som kan kome til å skje.

Eit norsk legeteam er no i Egypt, førebudde til å reise inn på Gazastripa så fort grensene blir opna:

– Vi har saman med FN komme med ein kraftig appell om at grensene no må opnast, slik at Mads Gilbert og andre humanitære aktørar slepper til og inn i Gaza, seier Huitfeldt.

Hundretusen på flukt

Erik Fosse er lege og professor i medisin ved UiO. Han er i Egypt, og er ein av dei som ventar på å få reise inn på Gazastripa. Han er i kontakt med sivile inne i Gaza by, og seier at hundretusen no er på flukt:

– Mange andre vi snakkar med seier at dei ikkje ser noko poeng i å flykte, fordi dei kjem til å bli drepne uansett. Dei forventar at dei skal samlast i sør, også skal dei bombast på nytt der. Det er reaksjonen frå dei vi har snakka med

Fosse fortel at han prøver å komme i kontakt med kollegaene hans ved Shifa-sjukehuset, som er det største sjukehuset på Gazastripa, og som ligg i Gaza by.

FN kallar det forferdeleg

UNRWA, som er FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten, har relokalisert sine kontor frå nord til sør, men reagerer sterkt på oppmodinga om evakuering:

– Oppmodinga frå dei israelske styrkane om å flytte over ein million sivile som bur i det nordlege Gaza innan 24 timar, er forferdeleg.

Det seier Philippe Lazzarini, generalkommissær UNRWA i ei fråsegn:

– Gaza er raskt i ferd med å bli eit helveteshol, og er på randa av kollaps.

Då nyheita om evakueringa kom i natt, var FN raskt ute med å åtvare mot katastrofale følger, og bad Israel om å trekke tilbake evakueringsorden. Dette reagerer Israels ambassadør til FN på:

– FNs svar på Israels tidlege åtvaring til innbyggarane i Gaza, er ei skam, sa Gilad Erdan.

Erdan seier at FN heller bør konsentrere seg om å få returnert dei israelske gislane, og «støtte Israels rett til å forsvare seg sjølv», ifølge The Times of Israel.

Stephane Dujarric
Foto: Bebeto Matthews / AP

FN reknar det som umogleg at ei slik forflytting kan skje utan øydeleggande humanitære konsekvensar.

Gazastripa er 40 km lang og tettbygd. Israel har sendt rakettar og bomber inn i Gaza sidan laurdag, og heile nabolag har blitt jamna med jorda. Minst 1537 palestinarar skal ha blitt drepne i israelske angrep sidan laurdag.

Israel innførte måndag ein fullstendig blokade av Gaza, og den humanitære krisa er kritisk. Torsdag kveld melde FN at over 420.000 allereie er internt fordrive på Gazastripa, ifølge Le Monde.

En gutt bærer en madrass på ryggen.

Sivile palestinarar har byrja å evakuere Gaza by fredag morgon.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Det er åtvara om at helsevesenet, vassforsyninga og sanitære forhold er i ferd med å kollapse. Sjukehus og likhus er overfylte.

Israel sa torsdag at dei hadde sleppt minst 6000 bomber over palestinske område. Det er i snitt nesten ei bombe i minuttet sidan laurdag.

På israelsk side seier styresmaktene at over 1200 personar er drepne og ytterlegare 3000 såra i Hamas-angrepa.

Egypt ønsker humanitær korridor

Sør for Gazastripa, ligg Egypt. Egypt innførte saman med Israel ein blokade av Gazastripa i 2007 for å hindre at Hamas får fotfeste utover Gaza. Det har blitt diskutert om grenseovergangen til Egypt no skal opnast.

Israel har utført tre angrep mot grensebyen Rafah, og Egypt har difor stengd grensa av sikkerheitsomsyn.

Men Egypt har uttrykt ønske overfor Israel om å opne ein konvoi inn til Gaza, for å sende nødhjelp inn.

Ruinar. Menn ser seg rundt.

Palestinarar søker i ruinane i Rafah etter israelske angrep tysdag.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Hilde Henriksen Waage, seniorforskar ved PRIO, trur at når Israel no ber palestinarane om å reise sørover, er Egypt redde for at Israels plan er å skyve palestinarane inn i Egypt.

– Men det vil ikkje Egypt. Regjeringa i Kairo har meir enn nok med å brødfø sin eigen store befolkning, til å skulle sleppe inn 2,3 millionar palestinarar, seier Waage til NTB.

Den palestinske presidenten, Mohammed Abbas, avviser fredag «tvangsflytting av folket i Gaza», og ber i tillegg om humanitære korridorar til Egypt.

Ein bil køyrer gjennom ruinar. Mann køyrer. To jenter i baksetet ser ut vindauget.

Ein familie køyrer gjennom ruinane i grensebyen Rafah tysdag.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Kan bety at ein bakkeoperasjon nærmar seg

Ved å be sivile evakuere, signaliserer Israel at dei vil trappe opp dei militære operasjonane sine i området. Det blir no spekulert i om Israel førebur ein bakkeoperasjon av Nord-Gaza.

Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole, trur evakueringa er eit teikn på at bakkeinvasjonen nærmar seg:

– Det er eit teikn som føyer seg inn i eit mønster som har vore tydeleg sidan angrepet mot Israel starta for seks dagar sidan, og det er at denne bakkeinvasjonen kjem nærare og nærare. Dette er kanskje det tydelegaste teiknet på at det snart kjem noko.

Israel har samla ein styrke på over 300.000 soldatar nær Gaza, og delt ut våpen til fleire tusen frivillige.

Torsdag uttalte ein talsperson for den israelske hæren, Jonathan Concrius, at ein bakkeoperasjon kan starte når forholda ligg til rette for det:

– Vi førebur oss, seier ein talsperson for forsvaret, ifølge Reuters.

Les også Sjå kartet over Midtausten: Dette fjellområdet kan igjen bli aktuelt

Golanhøgda

SISTE NYTT

Siste nytt