Hamas starta laurdag eit storstilt angrep mot Israel. Angrepet kom uventa, og hundrevis av sivile er drepne.
Konflikten mellom israelarar og palestinarar og områda dei stridar om har lege der i fleire tiår. I nokre periodar er det relativt roleg, andre gonger er det open krig.
Men også i «fredelege» tider er det steile frontar. Både på kvar side av grensene – og blant ulike støttespelarar verda rundt.
I kartet over kan du bevega deg rundt i Midtausten for å sjå kva område det er strid om.
Vel 70 prosent av FNs medlemsland anerkjenner Palestinas suverenitet over Vestbreidda og Gaza. Noreg og USA er blant landa som ikkje anerkjenner Palestina som stat, sjølv om dei seier områda er okkuperte av Israel. Derfor blir både Palestina og «palestinske område» brukte om kvarandre.
Her er nokon av stadene og omgrepa det er strid om:
GOLANHØGDA
Dette området strekkjer seg frå Genesaretsjøen opp mot platået som Syria ligg på, og grensar mot det landet i aust. Heilt i nord går grensa mot Libanon. Arealet er på 1680 kvadratkilometer og det bur rundt 40.000 menneske der.
Golanhøgda vart teke av Israel i 1967, men då frå Syria.
Israel har annektert dette området på lik linje med Aust-Jerusalem.
AUST-JERUSALEM
Byen som no har 900.000 innbyggjarar vart delt i 1948. Vest tilhøyrde Israel, medan aust vart kontrollert av Jordan. Den austlege delen vart okkupert av Israel under Seksdagarskrigen i 1967, og deretter annektert i 1980.
Israelske styresmakter ser på byen som éin by, men dette er ikkje anerkjent av det internasjonale samfunnet.
Sidan Israel har annektert bydelen er det israelsk rett som gjeld også der.
Sidan nesten ingen land anerkjenner Jerusalem som israelsk hovudstad, ligg dei fleste utanlandske ambassadane i Tel Aviv.
GAZA
Gaza er eit smalt landområde heilt inst i Middelhavet, med Israel mot aust og Egypt i sør. Arealet er på berre 360 kvadratkilometer og det bur rundt 2 millionar menneske der. Til samanlikning er vesle Vestfold på 2225 kvadratkilometer og har 250.000 innbyggjarar.
Israel okkuperte Gaza med soldatar og militærbasar mellom 1967–2005. Dei har sidan innført streng kontroll med kva og kven som blir sleppt inn og ut. Også Egypt held i stor grad grensa stengt.
Sidan området er under ein blokade og er underlagd streng israelsk kontroll meiner fleire organisasjonar, blant dei Internasjonale Røde Kors, at omgrepet okkupasjon er dekkjande.
Israel opplyste måndag at dei no innfører ein full blokade av Gaza, og det ikkje blir sleppt inn noko mat, straum eller drivstoff til området.
VESTBREIDDA
Dette området ligg mellom Israel og Jordan, med sistnemnde i aust. Vestbreidda er på 5844 kvadratkilometer er langt større enn Gazastripa. Det bur ifølgje Israels statistikkbyrå 2,8 millionar palestinarar der, i tillegg til i underkant av ein halv million israelarar – i såkalla busetjingar.
Desse områda vart okkuperte i samband med Seksdagarskrigen i 1967.
Israel starta i 2002 bygginga av ein mur og eit gjerde på Vestbreidda som skal bli over 700 kilometer lang når han står ferdig. Muren skal ifølgje israelarane hindre terrorangrep.
I nokre område er den som eit stort gjerde, andre stader er den ein opptil ni meter høg mur.
Muren delar her delar av Vestbreidda og Aust-Jerusalem med Israel.
Foto: NIR ELIAS / Reuters / NTBANDRE OMRÅDE
Sjølv om kjernen av konflikten er mellom Israel og Palestina, har den heile tida spelt ei stor rolle i Midtausten og også stått høgt på den globale agendaen.
I den regionale militære konflikten har Israel og nabolanda Egypt, Jordan og Syria vore delaktige. Også Irak og Libanon har delteke.
Hizbollah i Libanon har bekrefta at dei har meldt seg på den pågåande konflikten.
Allereie søndag sa dei at dei står bak skyting mot eit israelskkontrollert område. Libanon sa då at angrepet var i solidaritet med det palestinske folk.
Iran har lenge finansiert Hamas. Wall Street Journal melde søndag at Iran var involvert i planlegginga av Hamas-angrepet. Dette har Iran avvist.
OMGREPET «OKKUPASJON»
Det internasjonale samfunnet reknar Vestbreidda som okkupert. Israel erobra området frå Jordan etter seksdagars krigen i 1967. Israel avviser dette, med bakgrunn i at Jordan ikkje tok over området før i 1950.
I Israel blir ofte brukt dei bibelske nemningane Judea og Samaria om området.
Situasjonen rundt Gaza er meir tvitydig. Israel trekte busetjarane ut i 2005, og har ingen fysisk nærvær inne i Gaza lenger, men utøver ein streng kontroll på kva og kven som slepper inn og ut. Derfor meiner eksempelvis Internasjonale Røde Kors at Gaza framleis er okkupert.
OMGREPET «BUSETJINGAR»
I tillegg til nesten ein halv million israelarar på Vestbreidda bur det rundt 230.000 israelarar i Aust-Jerusalem.
Dette blir rekna som ulovleg av det internasjonale samfunnet, med tilvising til paragrafen etter Genèvekonvensjonen 49.
Der står det mellom anna at «okkupasjonsmakta kan ikkje deportere eller flytte ein del av si eiga sivilbefolkning til det området som ho okkuperer». På bakgrunn av dette blir kalla busetjingane nokre gonger også koloniar. Israel avviser dette.
TERRORORGANISASJON?
USA og EU har frå før karakterisert Hamas som ein terrororganisasjon, på grunn av angrepa deira mot sivile i Israel. Noreg har ikkje følgt denne linja.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ikkje villa kalla Hamas for ein terrororganisasjon, men onsdag snudde han.
Då orienterte han i Stortinget om situasjonen i Midtausten. I sitt innleiande innlegg beskreiv Støre Hamas sitt angrep som terror og krigsbrotsverk, men han kalla ikkje Hamas for ein terrororganisasjon.
Seinare samanfatta han til NRK:
– La meg gjera det heilt klart: Ein organisasjon som har planlagt, gjennomført og tatt ansvar for slike terrorhandlingar må kunna karakteriserast som ein terrororganisasjon. Punktum. Ferdig snakka, sa statsministeren