Hopp til innhold

Ingrid Betancourts avsløring

Ei spe lita kvinne stod opp mot korrupsjon og våpenbruk i Colombia. I det samme landet var det ei gruppe som hadde utnemnt seg sjølv til å kjempe for rettferd: FARC.

Ingrid Betancourt
Foto: HO / AFP

KOMMENTAR: Sigrun Slapgard
Foto: NRK

Geriljagruppa ville ikkje ha konkurransen frå modige Ingrid Betancourt. Dei tok henne som gissel. Men ingen har som henne avslørt geriljaens sanne karakter.

Dette var den rettferdige kampen: dei fattige mot dei rike, dei reine og ranke mot dei korrupte.

Store kontrastar

Og i Colombia er kontrasten mellom fattig og rik like grell som korrupsjonen er altomgripande. Jordlause bønder, landarbeidarar og urfolk som var tvinga vekk frå sine områder - alle hadde dei nok av grunnar til å ta til våpen.

I over to generasjonar har dei hatt nok av grunnar. Men i kva slags retning har fortvilinga og opprøret gått?

Columbias revolusjonære væpna styrkar, kalla dei seg da dei starta å rekruttere folk til frigjeringskrig først på sekstitalet. Minst 8 000 uniformerte mann under våpen og større landområder under kontroll er stoda førti år seinare.

FARC-geriljaen er i dag den eldste og største gjenværande geriljaen i Latin-Amerika og hovudansvarleg for å halde koken i den einaste aktive krigen på den vestlege halvkula.

”Bestefar” Reyes

Raul Reyes

Raul Reyes - geriljalederen som nylig ble drept.

Foto: ELIANA APONTE / REUTERS

Blant veteranane og hovudansvarlege for å drive denne krigen, var ein som dukka opp som lik før påske.

Han såg ut som ein bestefar og mange av dei norske som har møtt Raúl Reyes, har hatt vanskar med å tru noko anna om han enn at han var godmodig og forhandlingsvillig når han humra i det gråe skjegget sitt. – Som for eksempel når han vart tatt med på båttur på Oslofjorden med Kirsti Kolle Grøndahl og skrytte av det norske sosialdemokratiet.

Men heime i geriljaleiren gjekk den same bestefaren under namnet ”Kamarada Reyes” og var ein skolert gammalkommunist og hardliner. Om det var riktig at han var forhandlingsvillig, måtte nestleiaren i FARC ha hatt ein tvilsam status som leiar.

Da Klassekampens journalist Tone Foss Aspevoll møtte ”bestefar Reyes” i jungelen i 2001 hadde han litt mindre på samvetet enn da han vart putta i likposen for litt sidan. Dette var nemleg like før Ingrid Betancourt vart bortført og tatt til fange.

Til journalistar som kom til leiren på klarerte besøk snakka gammalkommunisten heller om idealstaten han regjerte i (FARC hadde fått ei eiga frisone) og kva slags velferdsordningar som skulle bli fattigfolket til del om FARC fekk større regjeringsmakt.

”Bestefar Reyes” framstod som ein litt småfeit og usporty type som neppe var i første linje som geriljasoldat. Han likte seg åpenbart best bak det improviserte skrivebordet og ved bokhylla med marxistiske skrifter. Ingen som ville sitt eige beste stilte spørsmål om fangeleirane som var under utviding.

Hjernen bak

Raúl Reyes må ha vore like mye hjerne bak denne utviklinga etter som han i aukande grad i det siste hadde tatt over FARC-leiinga frå Manuel Marulanda, mannen som Jan Egeland i si tid forhandla direkte med som FN-utsending.

Men desse hardkokte FARC-leiarane – som når det passar seg jovialt kan varte opp med eit vodkaglass og andre gonger like gjerne plire falskt bak brilleglasa sine over ulike slags forhandlingsbord – har vist å vere fullstendig upålitelege.

Ingrid Betancourt fekk merke det. Ho nekta å godta den gammaldagse måten FARC forsvarte sin væpna kamp på, ho stirra ”bestefar Reyes” inn i kvitauget og sa rett ut: ”Slutt med våpenbruk, slutt med feige gisseltakingar.”

Raúl Reyes viste sitt sanne bestefarsansikt like etterpå: Ingrid Betancourt vart tatt som gissel saman med sin politiske sekretær Clara Rojas. Dette var i februar i 2002, over seks år sidan.

Ei avkappa hand

Når eg nå er i Colombia, er det blant anna for å finne ut av eit heilt enkelt spørsmål: Kva seier våre gjerningar om vår sanne karakter? Eg kjenner eit sterkt behov for å rette spørsmålet til dei som nå er den gjenverande leiinga av FARC-geriljaen, men vil nødig risikere å bli det neste forhandlingskortet i form av gissel.

Altså må eg nøye meg med det eg får tilgang til i trygge områder. – Eg snakkar med mor til Ingrid Betancourt, eg får opplysningar frå den siste FARC-avhopparen, eg les om igjen og om igjen det siste lange brevet frå Ingrid sjølv. ”Her er jungelen svært tett, solstrålene har vanskelig for å trenge igjennom,” fortel ho Men det er ikkje det verste slik Ingrid skildra tilværet hos geriljaen; her er totalt fråver av menneskeleg varme og solidaritet. Ei ”ødemark” av menneskeleg samver slik Ingrid har opplevd det.

Kva seier det oss om dei som i utgangspunktet skulle utkjempe ein rettferdig kamp – ein kamp for å få gitt jorda tilbake til dei som hadde blitt fordrive, ein kamp for sosial utjamning og velferd? For varme og solidaritet menneska i mellom?

Kva kan for eksempel ei avkappa hand fortelle? For det var ei avkappa hand sikkerheitssjefen til ein annan leiar i FARC hadde å by på da han overgav seg til colombianske styresmakter. 2,6 millionar dollar håpar han å innkassere for å ha drept sin eigen sjef Ivan Rios.

Denne Pablo Montoya røpar vondskapens logikk både gjennom handling og ord. Kanskje røper han også at FARC er alvorleg svekka og splitta, trass i at dei framleis har imponerande mange tusen menn og kvinner i våpen og uniform.

Men sin mest vondskapsfulle tanke avslørte Pablo Montoya – ikkje da han i triumf visste fram den avkappa handa til ein geriljaleiar – men da han i samme triumf håna mor til Ingrid Betancourt for å ha eit håp om at dottera kunne bli sett fri: Ingrid vil bli den siste av alle til å bli sette fri, det finst ikkje den grunnen som kan få FARC til å sette nettopp Ingrid fri. – La Yolanda Pulecio tenke over dette, føya han til.

Slik nytta avhopparen som akkurat hadde svikta sine eigne, sjansen til å vri kniven rundt hos dei som har lidd mest under FARCs forvridde logikk.

Forhandla om utlevering?

For kanskje var det slik at Raúl Reyes var i ferd med å forhandle fram ei utlevering av blant andre Ingrid Betancourt da han vart drepen saman med sine menn inne på Ecuadors side av grensa. Meir interessant for meg er vissa om at mannen med bestefar-imaget, mannen som så mange har møtt ved forhandlingsbordet og som ingen har tiltenkt særleg valdeleg kraft, men oppfatta som intellektuell kommunist, denne mannen har sjølvsagt i alle desse åra vore med på langsamt å drepe fleire gislar som aldri har hatt med våpen å gjere.

– Vi gjer med våre krigsfangar som regjeringa gjer med FARC-fangane, er omkvedet. Men kva har sivile fangar som Ingrid Betancourt med ein slik logikk å gjere?

Tok feil

Og mor til Ingrid Betancourt, Yolanda Pulecio, har måtta erkjenne at ho tok feil: I alle desse seks åra har ho trudd på at dottera måtte bli anstendig behandla av ein geriljaorganisasjon som offisielt står for sosial rettferd, eit politisk mål ho har støtta som den utdanna juristen ho er.

Først nå veit Yolanda Pulecio kor feil ho har tatt. Frå rapportane til dei siste frigivne gisla og sidan det lange brevet kom har ho ant kor dårleg det heile tida har stått til med Ingrid Betancourt, kor dårleg ho har blitt behandla, og at Ingrid den siste tida var var så svekka at ho nesten hadde gitt opp håpet. Ei lita trøst er det at Ingrid alltid har vore den første til å hjelpe når andre blant gisla mista motet eller fekk fysiske problem.

Avsløringa av FARCs sanne karakter har kome, ikkje i form av avkappa hender og kraftige slagord, men i eit stillferdig rop frå ei spe lita kvinne som har nekta å bøye nakken.

I kraft av sitt eige eksempel er Ingrid i Colombia kanskje mest å likne med kjærleik i koleraens tid.

Kilder: www.betancourt.info

www.agirpouringrid.com

Ingrid Betancourt: Brev til mor fra hinsides helvete. Arneberg forlag 2008.

SISTE NYTT

Siste nytt