NRK Meny
Normal

Å gå på veggen

Ho godtek klimaoppvarming, høgare straumrekningar og renteauke, berre sommaren er lang og solrik, skriv Sigrun Slapgard i denne kommentaren.

Sommar og sol
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Breane smeltar og forbruket aukar. Full fres på olje og gass og CO2. Bra for meg og bra for Noreg. Aldri har vi vel hatt ein betre sommar – nå som ordet bærekraft er eksportert ut av landet.

Gratulerer med renteauke! Ikkje fordi eg trur det betyr særleg mye for rike deg og rike meg, men eit bitelite signal kan vi vel ta nå som vi sommarbrune kjenner at buksa strammar litt.

Åh, for ein god sommar vi har hatt. Skitt au om det skyldast litt klimaoppvarming. Visst blir det blassare postkort av at isbreane smeltar, men det er da ikkje der på breane vi nyt sola. Gi meg heller høgare straumrekningar og litt renteauke, berre sommaren er lang og solrik.

 

Lettvint

Og det er så mange andre ting eg er glad for også. Livet har blitt så lettvint. Mat kjøper eg ferdig, ofte i slik emballasje som eg sparer oppvask på. Søpla es nok litt ut, men heller ikkje det er noko problem.

Her eg bur i ein velfødd kommune, er det ikkje ein gong krav til søppelsortering. Klede har blitt så billig at eg heller kjøper nytt nå enn å bale med alt for mye klesvask.

Og kollektivtransporten går så sjeldan så eg tar bilen med godt samvit kvar dag, som tusenvis av andre som held meg i selskap på Drammensveien. Riktig nok som oftast i 20 kilometer i timen. Det hender når eg sit slik i kø på veg inn til kjøpesenteret at eg tenker, at jammen, nå har vi det bra her i Noreg. Tenk å ha tilgang på alt dette og ha råd til det, og det gjeld jo dei aller fleste av oss, vi ser det jo på kjøpesenteret.

Oljerik og gjeldfri

Vi er ein oljerik og gjeldfri nasjon som stimulerer oss alle til å forbruke og låne, låne og forbruke. Kven bryr seg vel om slike atmosfæriske og fjerne problem som CO2 utslepp og klimaoppvarming?

Vi treng heller ikkje å reinse utsleppa om vi går i gang med gasskraftubygging når Statoil, NHO og LO har tenkt seg om. Tut og kjør. Vi skal tene oss enda rikare på auka CO2 utslepp.  

Men kanskje er det rett, reint økonomisk vurdert, at hjula går litt for fort rundt, slik bankfolka har advart mot, at kjøpefesten er ørlite grann for stor. Eg kan godta det, vi skal nok leve godt med litt renteauke, livet skal nok halde fram som før. Vi skal sikkert klare å kjøpe like mange og like store hytter til neste år som i år.

Påminningar

Av og til får vi riktig nok eit par påminningar om at alt i denne verda ikkje er like perfekt som her i bilkøen på Drammensveien, men likevel.

Kva kan vel eg for at ein landsby i Nigeria som ikkje får sin del av oljen, går i gang med å kapre kvite, norske sjøfolk for å mjølke rike oss? Og kva har det forvirra vêret med stadig fleire ekstreme påfunn med meg å gjere? Det er jo ingen som har fortalt meg at det skulle vere feil at vi endeleg har fått fart på forbruket.

Bra for meg, bra for Noreg, det er meldinga frå dei som styrer oss. Sjølvberging og moderasjon er ord som høyrer steinalderen til. Eg trur dei har gått ut av dei siste ordlistene til og med. Og bærekraft er eit ord som denne raudgrøne regjeringa syns passar best i utviklingsland.

Veggen

Kanskje det var derfor eg syntes det var ei slik artig påminning i det fine sommarveret å få ei gammal bok i hendene: Veggen er tittelen på romanen som kom ut i 1968, skrive av Marlen Haushofer frå Austerrike.

Historia er om ei bykvinne som midt i livet blir omringa av ein mystisk og katastrofal vegg i ei avsides fjellbygd. Der er ho innestengt og overlate til naturkreftene, somme overlevande dyr og si eiga overlevingskraft.

Boka er ei underleg reise inn i eit ukjent landskap. Først er det den grunnleggande kampen for å overleve, så er det møtet med menneskets essens. For kva er det som er viktig for oss når all ytre staffasje er skrella av? På desse to plana utviklar romanen seg og riv meg med nesten som i eit spenningsdrama.

Poteter i jorda

For korleis kan vel denne kvinna med natur- og dyreerfaring som strekker seg til å mate duer i parken, overleve? Hermetikken i hytta tar jo slutt ein dag.

Ho finn heldigvis ut at ho skal dele dei siste potetene i to og putte dei i jorda. Eg får lyst til å hjelpe henne der ho klønete herjar på utan å vite om groane skal vende opp eller ned. Møkka etter den eine overlevande kua vegrar ho seg i det lengste mot å røre, sjølv om ho ein eller annan stad bak i hovudet veit at det ekle som kjem ut av kua kan fungere som gjødsel.

Det første året slit ho seg nesten ut i ein pesete kamp med naturen. Så kjem ho inn i ein annan rytme. Og ein annan måte å tenke på.  

Men den mest skakande erkjenninga er kor nifst og strevsamt det er å bli glad i dei få ho har rundt seg. Det gjeld dyra som er dei einaste levande skapningane ho forheld seg til, men erkjenninga går vidare: At det er mye lettare å øydelegge, legge i grus – eg hadde nær sagt forbruke – enn å bygge opp.

Det er strevsamt å ta vare på og elske skaparverket. For kvar gong ho mistar eit dyr til villmarka, lovar ho seg sjølv å aldri meir bli så glad i ein skapning igjen. Eit løfte som sprekk kvar gong ein ny kattunge kjem trillande. Men kalven til kua overlever ikkje, hunden overlever heller ikkje.  

Korleis det går til slutt med min hovudperson? Det skal eg ikkje røpe, men ho snodde seg gjennom mange uvante svingar og tankar undervegs. Enda godt at klimaendringa ennå ikkje hadde meldt seg, ho opplevde berre normale stormar, ikkje ekstremvêr. Kanskje får du litt å tygge på om du les boka.

Same testen?

For meg var det som sagt ei artig reise, ei historie som sette meg på ein aldri så liten idé:

Enn om hyttefolket vårt vart sette på den same testen? Å skulle prøve å overleve i samliv med naturen? Ein tullete tanke, sjølvsagt. Det kjenner eg på alle innvendingane som kjem ramlande inn. Sjølv jaktfolket i dag har jo med seg minst like mye innover fjellet som dei hentar ut. Helikopteret tar jo mye medbrakt.

Men likevel? At ein for eksempel skulle dyrke potetene sjølv og skaffe seg kjøtt og fisk lokalt? At ein ikkje skulle skape anna søppel enn det som kunne brukast til gjødsel?

For ein latterleg tanke. Like latterleg som at vi skulle bremse forbruk, olje og gass og alle andre gode norske eventyr. La oss heller ta ei kollektiv avstraffing i form av ei mild renteauke - mens breane smeltar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt