Hopp til innhold

Valkamp-krangel om amerikanske arbeidsløysetal

Arbeidsløysetala i USA viser ein uventa nedgang i september, men politiske motstandarar ymtar no om at tala er manipulerte for å gi Barack Obama politisk gevinst.

Barack Obama og Mitt Romney

Barack Obama og Mitt Romney kranglar om dei siste arbeidsløysetala.

Foto: STF / Afp

Det er ein månad igjen til presidentvalet i USA, og det betyr krangel om det aller meste, også arbeidsløysetala. Tala vart presenterte tidlegare i dag, og president Obama brukte dei for å vise at det trass alt går rette vegen .

– Vi har kome for langt til å gå tilbake, sa han i ein tale i ettermiddag norsk tid. Han har tidlegare skulda Romney for å lure veljarane .

– Ingen reell oppgang

Det tok ikkje lang tid før kandidaten for Det republikanske partiet, Mitt Romney, var på bana med sin reaksjon:

– Dette er ikkje ein verkeleg oppgang. Vi skapte færre jobbar i september enn i august, og færre jobbar vart skapte i august i forhold til juli. Vi har mist over 600.000 produksjonsarbeidsplassar under Barack Obama.

Det amerikanske arbeidsdepartementet melde i dag at det vart skapt 114.000 nye jobbar i USA i september, samstundes som det var skapt 86.000 fleire nye jobbar i juli og august enn dei tidlegare hadde opplyst.

LES OGSÅ: Oppstandelsen av moderate Romney

LES OGSÅ: Stilpoeng til Romney

– Nektar seg ingenting

Næringslivsleiaren Jack Welch støttar Mitt Romney.

Jack Welch meir enn ymtar om at arbeidsløysetala er manipulerte.

Foto: JOE RAEDLE / AFP

Den tidlegare toppsjefen i General Electric; Jack Welch, ein sterk støttespelar til Mitt Romney, var raskt ute med sin reaksjon på Twitter, der han meir enn ymta om at dei positive tala for arbeidsmarknaden var manipulerte.

– Desse Chicago-karane nektar seg ingenting, skriv han, og siktar til at Obama og mange av leiarane i valkampapparatet hans er frå Chicago.

Arbeidsminister Hilda Solis seier i ein kommentar til CBS at påstanden om at arbeidsløysetala var manipulerte av politiske årsaker, er fullstendig latterleg.

LES OGSÅ: – Dette vil forandre valgkampen

LES OGSÅ: Romney gikk rett i strupen på Obama

Nest siste rapport

Dette er den nest siste månadsrapporten før presidentvalet 6. november, og truleg den som vil ha mest å seie for valkampen. Demokratane er klare på at dette viser at USA er på rett veg, medan Romney og hans støttespelarar truleg vil gjere alt dei kan for å vise at dette ikkje er teikn på at økonomien er i betring.

Temperaturen i valkampen er alt høg. Etter at Mitt Romney gjekk sigrande ut av den direktesende debatten natt til torsdag norsk tid, så viser også meiningsmålingane at han er i ferd med å ta igjen forspranget til Obama.

SISTE NYTT

Siste nytt