Hopp til innhold

Arbeidsløysa i USA går nedover

I dag viser ferske tal frå USAs arbeidsdepartement at arbeidsløysa går litt ned i landet. Men trass i relativt liten nedgang, så kan dette vise seg å verte svært viktig for president Barack Obamas leir.

Lågare arbeidsløyse i USA

NED FOR FYRSTE GONG PÅ TRE ÅR: 0,3 prosentpoeng ned er eit lite tal, men kan vere viktig for Obama-kampanjen fram mot valet 6. november.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

Ei arbeidsløyse på veg nedover er gode nyheiter for Obama. 7,8 prosent er det nye talet, som skildrar kor mange menneske i USA som stod utan jobb i september månad. Det er 0,3 ned sidan august. Ikkje ein dramatisk nedgang, men likevel nok til at Obamas leir kan puste letta ut.

– No er USA under den magiske åtte-prosent-grensa for fyrste gong sidan 2009. Dette er psykologisk viktig, seier NRKs Tove Bjørgaas, tidlegare USA-korrespondent og ekspert på landet.

Etter ei laber veke for president Obama og hans kampanje kan dette vise seg å vere viktig på vegen vidare fram mot presidentvalet 6. november.

Onsdagen denne veka gjekk den fyrste store debatten mellom dei to presidentkandidatane av stabelen. Kommentatorane meiner republikanarane sin kandidat Mitt Romney vann denne. No kan Obama snu den negative trenden, trur Bjørgaas.

– Obama-kampanjen vil prøve å nytte dette. Talet har jo tidlegare vore på over ti prosent. Dermed kan dei vise til at arbeidsløysa er på veg nedover, seier ho, og held fram:

– Dette er den absolutt viktigaste saka i USA for tida. Dette er det alle veljarane bryr seg om. Så for Obama så var det det beste som kunne skje akkurat no.

Ingen sidan Franklin D. Roosevelt har klart å verte attvalt med ei arbeidsløyse på over åtte prosent. Desse tala kom altså i grevens tid for Barack Obama.

SISTE NYTT

Siste nytt