Hopp til innhold

FN anerkjenner folkemordet i Srebrenica og opprettar minnedag

Til trass for store protestar frå Serbia, har FN si generalforsamling anerkjent massakren i Srebrenica i 1995 som eit folkemord og opprettar minnedag.

Bosnia Srebrenica UN

SORG: Sefika Mustafic sørger over sine to søner som blei drepne under Srebrenica-massakren.

Foto: Armin Durgut / AP

FN si generalforsamling har torsdag bestemd at massakren på 8000 bosniske muslimar i Srebrenica i Bosnia-Hercegovina skal markerast med ein egen minnedag frå 11. juli 2025.

Det er no 29 år sidan folkemordet, og 17 år etter at Domstolen i Haag slo fast at massakren var eit folkemord.

Resolusjon fordømmer folkemordet i Srebrenica i 1995. Der står det mellom anna at FN skal motseie fornekting av massakren og gjere 11. juli som internasjonal minnedag.

Teksten er skriven av Tyskland og Rwanda, land som sjølve har gjort seg skuldige i folkemord i det 20. hundreåret.

84 land stemde for, medan 19 stemde mot og 68 land avstod frå å stemme. Bortsett frå Serbia stemde alle landa som tidlegare var ein del av Jugoslavia for resolusjonen.

EU støtta resolusjonen, men fleire EU-land let likevel vere å stemme. Blant dei var Hellas, Kypros og Slovakia.

– At FN vedtek ein slik resolusjon er viktig for å tydeleg seie ifrå at det som skjedde ikkje skal skje igjen.

Det seier Svein Mønnesland som er professor i balkan-studiar ved Universitet i Oslo.

Serbia og bosniske serbere har protestert kraftig mot resolusjonen. Srebrenica ligg i Republika Srpska i den austre delen av Bosnia-Hercegovina. Der styrar den bosnisk-serbiske leiaren Milorad Dodik.

– Det var ikkje noko folkemord i Srebrenica, sa Dodik på ein pressekonferanse i Srebrenica torsdag ettermiddag, berre ein time før FN si generalforsamling skulle møtast.

Bosnia Srebrenica UN

Butikkvindauget er pynta med eit portrett av Vladimir Putin i byen Srebrenica dagen då FN skal stemme over resolusjonen.

Foto: Armin Durgut / AP

Stort og alvorleg krigsbrotsverk

Den bosnisk-serbiske hæren gjekk inn byen Srebrenica i juli 1995 etter fleire år med krig. Dette var då eit beskytta FN-området.

I løpet av nokre dagar blei nærare 8000 menn og gutar drepne, og fleire titals tusen la på flukt. Mange av dei kom aldri tilbake og blei aldri funne.

– Dette er det største og mest alvorlege krigsbrotverket i Europa etter andre verdskrig. Det gjorde sterke inntrykk den gongen, seier Mønnesland.

Fleire leiarar har også blitt dømde for krigsbrot.

TOPSHOTS
Bodyguards try to protect Serbian Prime Minister Aleksandar Vucic (C) from stones hurled at him by an angry crowd at the Potocari Memorial Center, near the eastern Bosnian town of Srebrenica on July 11, 2015. Tens of thousands of people gathered in Srebrenica on July 11 to commemorate the 20th anniversary of the massacre of thousands of Muslims in the worst mass killing in Europe since World War II. Serbian Prime Minister Aleksandar Vucic was forced to leave the Srebrenica memorial when the crowd started to chant 'Allahu Akbar' (God is Great) and to throw stones. AFP PHOTO / DIMITAR DILKOFF

Den serbiske presidenten Aleksandar Vučić deltok på ei minnemarkering i Srebrenica i 2015. Då blei han kasta steinar på og blei tvinga til å reise derifrå.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Viktig for både regionen og dei som blei ramma

– Det betyr utruleg mykje, seier Tarik Ljevo i Bosnia-Hercegovina-forbundet i Noreg.

Tarik Ljevo er bosnjak og er styreleiar for Bosnia-Hercegovina-forbundet i Noreg. Han seier FN ikkje er ein dag for tidleg ute.

– Det er viktig for heile regionen, men også for pårørande etter folkemordet og dei krigsbrota som skjedde på Balkan og Bosnia på 90-talet.

Ljevo gjekk sjølv på vidaregåande då krigen i Bosnia braut ut etter oppløysinga av Jugoslavia. Krigen varte frå 1992 til 1995. Heile oppleving var uverkeleg, fortel han.

Tarik Ljevi

Tarik Ljevo ønsker FN sin resolusjon velkommen. FN si generalforsamling har 19 medlemmar og treng fleirtal for å få gjennom resolusjonen.

Foto: Privat

– Eg skjønte ikkje korleis det var mogleg for det skjedde så raskt. Det var ei normal ungdomstid også plutseleg sit du i kjellaren og ventar på granatar:

– Men personleg så klarer ein ikkje å legge det bak seg, og det heller bensin på bålet ved å nekte for folkemordet.

Men i Serbia er det fleire stemmer som nektar for at det heile var eit folkemord, eller at det skjedde i det heile tatt.

Les også 25 år siden massakren i Srebrenica

Taiba Muminovic

Motstand frå Serbia

Dei politiske toppane i Serbia har den siste tida arbeida hardt for å hindre at resolusjonen går gjennom.

Med ei velsigning frå den serbisk-ortodokse patriarken sette den serbiske presidenten kursen mot New York for å «kjempe for framtida til landet vårt».

– Dette blir den vanskelegaste dagen sidan eg blei president og tidlegare statsminister.

Det sa den serbiske presidenten Aleksandar Vučić i forkant av avstemming i New York onsdag.

Workers install a giant Serbian flag reading "We are not a genocidal nation" on a building in Belgrade, on May 22, 2024, on the eve of a potential UN resolution declaring July 11 an international day to remember the Srebrenica genocide. (Photo by OLIVER BUNIC / AFP)

«Vi er ikkje ein nasjon som gjer folkemord» står på ei bygning like ved det kjente Genex-tårnet i Beograd.

Foto: OLIVER BUNIC / AFP

– I morgon ser vi kven vennane våre er, la han til.

Ein av vennane viste seg å vere Russland.

– Om målet til støttespillarane var å splitte generalforsamlinga ... så har dei lykkast strålande, sa Russland sin FN-ambassadør Vasilij Nebenzia.

I Bosnia arbeider dei framleis for å få anerkjent og sette lys på kva som skjedde den varme sommaren i 1995.

Fleire plassar i Serbias hovudstad Beograd heng det samstundes store banner med teksten «vi er ikkje ein nasjon som utfører folkemord».

Bosnia Srebrenica Anniversary

Sommaren 2023 blei 30 kister frakta gjennom Sarajevo etter at lika hadde blitt identifiserte. Arbeidet å identifisere dei drepne held framleis på.

Foto: Armin Durgut / AP

– Verkar mot si hensikt

Dei konservative og høgre-orienterte partia har også stor medvind på Balkan, også i Serbia. Resolusjonen i FN vil «demonisere» det serbiske folket, ifølgje politikarane.

Under ein pressekonferanse i april sa den serbiske presidenten at resolusjonen er «ein direkte trugsel mot våre nasjonale interesser. Vi kjem til på kjempe. Serbia vil sigre».

Former state security chief Jovica Stanisic, back row left, and former paramilitary leader Franko Simatovic, back row right, await their judgment at the Yugoslav war crimes tribunal (ICTY) in The Hague, Netherlands, Thursday May 30, 2013. The ICTY is set to deliver verdicts in the trial of two senior Serb security officials accused of supporting rebels who murdered Muslims and Croats in Bosnia's 1992-95 war. (AP Photo/Martijn Beekman, pool)

Den tidlegare sjefen for dei serbiske e-tenestene Franko Simatovic og Jovica Stanisic i den internasjonale domstolen i Haag. Dei to blei seinare dømt til 15 års fengsel for krigsbrotsverk.

Foto: Martijn Beekman / AP

– Er dei serbiske politikarane så dumme, at dei trur resolusjonen skuldar på heile nasjonen? spør Mønnesland.

Han seier derfor at den serbiske motstanden verker mot si hensikt.

Resolusjonen seier ikkje noko om kven som har skyld i hending, ikkje den bosnisk-serbiske republikken Srpska eller Serbia.

President of Republika Srpska, Bosnian Serb entity in Bosnia and Herzegovina, Milorad Dodik, often identified as political leader of Bosnian Serbs, addresses media after an appearance in court, on May 22, 2024, on the eve of a potential UN resolution declaring July 11 an international day to remember the Srebrenica genocide. (Photo by ELVIS BARUKCIC / AFP)

Milorad Dodik er presidenten i den bosnisk-serbiske republikken Srpska.

Foto: ELVIS BARUKCIC / AFP

Tidlegare i april tok fleire tusen serbarar til gatene for å demonstrere mot at folkemordet i Srebrenica i det heile tatt fann stad.

Den bosnisk-serbiske presidenten Milorad Dodik talte til folket og sa at Srebrenica var «feil» og «ulovleg», men ikkje eit folkemord, understreka den konservative separatistleiaren i regionen.

Identifiserte 30 nye lik

Men for dei råka og dei etterlatne er denne resolusjonen viktig.

– Dei var ikkje soldatar. Dei var vanlege innbyggarar. Sivile. Dei blei massakrert og skjult i massegraver. Ein hadde ikkje trudd at ein kunne bli utsett for eit slikt overgrep, seier Mønnesland.

Bosnia Srebrenica Anniversary

Sommaren 2023 blei 30 kister frakta gjennom Sarajevo etter at lika hadde blitt identifiserte. Arbeidet å identifisere dei drepne held framleis på.

Foto: Armin Durgut / AP

Det var i juli i 2023 at fleire hundre gjekk i gata i den bosniske hovudstaden Sarajevo. Mellom seg bar dei 30 kister med lik.

Dei hadde nyleg blitt identifiserte etter å ha blitt henta opp frå massegravene.

Tre år tidlegare blei åtte menn og born igjen gravlagde. Etter dei også hadde blitt identifiserte blei dei sendt til slektningar og deretter gravlagde.

Også dette er ein del av FN-resolusjonen: Å sørge for at dette arbeidet held fram.

SISTE NYTT

Siste nytt