Hopp til innhold

Dette europeiske attentatet førte til verdskrig

28. juni i 1914 blei erkehertug Franz Ferdinand skoten i eit attentat i Sarajevo. Politisk motiverte attentat er ikkje noko nytt fenomen.

Skuddene i Sarajevo. Illustrert av Achille Beltrame, og publisert på førstesiden av den italienske avisen Domenica del Corriere 12. juli

TENTE ELDEN: Franz Ferdinand og Sophie blei drepne av den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip.

Foto: Achille Beltrame / Domenica del Corriere

Skota i Sarajevo var indirekte årsaka til 1. verdskrig.

I dag blei Slovakia sin statsminister Robert Fico skoten av ein mann i 70 åra. Skadane er livstrugande – motivet er førebels ukjend.

Tore Wig er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han trur at Russland kjem til å bruke attentatet til eigen fordel.

– Sjølv om Russland ikkje har noko med det å gjere, så er eg overtydd om at det kjem til å bli skapt propaganda og desinformasjon rundt denne hendinga, seier Wig.

Men attentat mot politiske leiarar er på ingen måte noko nytt i verdshistoria. Heller ikkje her i Europa.

Vi kan velje å gå langt tilbake. Vi kunne skrive mykje Julius Cæsar i Roma og Abraham Lincoln i USA, Indira Gandhi i India og Agathe Uwilingiyimana i Rwanda.

Slovakia Fico

Slovakia sin statsminister Robert Fico i kjend positur. Onsdag blei han skoten.

Foto: Denes Erdos / AP

Førte til krig

Men la oss først gå tilbake til Sarajevo i Bosnia. Datoen er 28. juni 1914.

Storhertug Franz Ferdinand av Austerrike og kona Sophie overlevde først eit bombeattentat mot bilkortesjen dei sat i.

Dei blei evakuert til rådhuset og var på veg for å besøke dei såra. Ved reint tilfelle var ein attentatmennene, Gavrilo Princip, like ved bilen til storhertugen.

Han skaut ekteparet med to skot og begge døydde etter kort tid. Serbiske Princip prøvde å ta sitt eige liv, men blei pågripen.

Det har seinare kome fram at Princip kan ha blitt påverka til å utføre attentata. Noko som kjem fram i filmen «Sarajevo» frå 2014.

Drapa gjorde uansett at dei politiske konfliktane i Mellom-Europa auka med stor kraft. Serbia fekk eit ultimatum frå Austerrike-Ungarn som dei avslo.

Kort tid seinare erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia.

Resultatet blei ein av dei blodigaste krigane i verdshistoria. Spora etter 1. verdskrig kan ein framleis sjå mange stader i Europa.

Gavrilo Princip

Den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip blir pågripen etter attentatet i Sarajevo. Det har seinare kome fram at han skal ha blitt påverka av Austerrike i forkant av attentatet.

Foto: AP
TOPSHOT - This image taken from video footage obtained by AFPTV shows security personnel apprehending a suspected gunman (C/GROUND) after Slovakia's Prime Minister was shot in Handlova on May 15, 2024. Slovakia's Prime Minister Robert Fico was battling life-threatening wounds after officials said he was shot multiple times in an assassination attempt condemned by European leaders. (Photo by RTVS / AFP)

Ein mann i 70-åra blei raskt pågripen etter skytinga mot Robert Fico.

Foto: - / AFP

Professor Tore Wig vil ikkje utan vidare dra ein klar parallell mellom Sarajevo og Slovakia.

– Det vi ser er eit angrep på ein statsleiar i ein veldig usikker geopolitisk situasjon, seier Wig.

Han skil tydeleg mellom attentat utført av ei politisk gruppe og angrep utført av «ein gal person».

– Men situasjonen i Europa no har mykje brensel som kan bli sett fyr på.

Tore Wig, professor i statsvitenskap

Professor Tore Wig.

Foto: UiO

Les også Skutt på vei hjem fra kino: Palme-drapet fortsatt uoppklart

Drapet på Olof Palme

Eit svensk traume

I mange år var dei nordiske forskåna for blodige attentat mot statsleiarar.

Men 28. februar klokka 23.21 1986 var den svenske statsministeren Olof Palme og kona på veg heim frå kino.

I krysset mellom Sveavägen og Tunnelgatan blir Olof Palme skoten på kloss hald.

Ein halvtime seinare blir han erklært død.

I åra etter blei Palme-drapet til eit mareritt for svensk politi. Trass den mest omfattande etterforskinga i verda, er det framleis uklart kven som eigentleg skaut statsministeren.

Drapet førte til skjerpa tryggingstiltak rundt sentrale politikarar også her i Noreg. I dag følgjer livvakter kvart steg Jonas Gahr Støre tek.

– Vi må sjå i auga for at det vi ser av terror og vald i verda rundt oss, også kan trenge inn i Norden, sa dåverande statsminister Kåre Willoch (H).

Jag skyndar vidare går norrut genom natten
jag minns att det var här på Medborgarplatsen
som Anna Lindh höll sitt sista tal
det var september 2003

Eva Dahlgren og Peter Jöback

Tekstlinja er henta frå Eva Dahlgren sin song «Stockholm i natt».

Ein ung mann går igjennom byen og ser staden der det svenske samfunnet på nytt blei råka av eit attentat i 2003.

Anna Lindh var ein av dei mest populære politikarane og ein klar favoritt til å overta som statsminister i Sverige.

Men 10. september blei ho stukken med kniv og drepen på kjøpesenteret NK på Norrmalm i Stockholm.

– Heldigvis sjeldan

Drapsmannen Mijailo Mijailovic uttalte seinare at det var hatet mot politikarar og tida han hadde sona i fengsel som var motivet for drapet.

Motivet for angrepet mot Slovakia sin statsminister Robert Fico er framleis uklart. Men dei politiske konfliktane i Slovakia og elles i Aust-Europa er store.

– Heldigvis er politiske attentat framleis veldig sjeldan i Europa, seier professor Tore Wig.

Han peikar på at vald i politikken i Europa er mykje meir sjeldan i dag enn for 100 år sidan.

– Det er noko vi ser meir av i fattigare land med skjøre statsdanningar og land som ikkje er demokrati.

Anna Lindh
Foto: OLA TORKELSSON / AP

SISTE NYTT

Siste nytt