Hopp til innhold

Bæsje-protest før Paris-OL

Eit prestisjeprosjekt kan enda med ei skikkeleg dritpakke for to franske politikarar.

Søppel i Seinen i Paris, 10. april 2024

FORUREINA: Mange forbind kanskje elva Seinen med romantiske spaserturar, men elva har i årevis òg vore full av kloakk og søppel. Her eit døme frå 10. april i år.

Foto: Eliot Blondet / Abaca

Motstanden mot Paris-OL har nådd nye høgder – eller nye lågmål, alt ettersom.

Det har nemleg dukka opp ein aksjon som oppfordrar parisarar til å bæsja i elva Seinen 23. juni.

Då skulle president Emmanuel Macron og Paris-ordførar Anne Hidalgo etter planen bada i elva, for å bevisa at ho er rein nok for å brukast til svømmeøvingar under OL.

– Etter at dei har sett oss i ein dritsituasjon, er det på tide for dei å bada i driten vår, heiter det på heimesida til aksjonen.

Emneknaggen #jechiedanslaseinele23juin – eller #egdriteriseinen23juni – har òg fått stor spreiing i sosiale medium.

Anne Hidalgo sa nyleg at ho utset badinga til etter parlamentsvalet, skriv Le Monde. Andre runde går av stabelen 7. juli.

Je chie dans la seine le 23 juin pour Macron

– Eg bæsjar i Seinen 23. juni for Macron, står det på heimesida til aksjonen.

Faksimile: Skjermdump

Dyr oppreinsking

Seinen har vore plaga med kraftig forureining i lang tid.

Det er 100 år sidan det sist var lov å svømma i elva. Under OL i 1924 vart det bestemd at vasskvaliteten var for dårleg.

Les også Paris håper på et OL uten E.coli

Under de Internasjonale olympiske dagene i 2017 ble Seinen gjort om til en løpsbane. Nå skal samme område brukes til svømmeøvelsen under triatlon i OL 2024.

Spesielt har det vore trøbbel med mengda av bakteriar som E. coli og enterokokkar. Ei av årsakene er at kloakk har rent ut i elva ved overvatn.

President Macron og ordførar Hidalgo har gjort det til eit prestisjeprosjekt å reinska opp i elva. Over 15 milliardar kroner er brukt på gjere elva rein nok til sommarens OL.

Reservoaret som skal hindre overvann i Paris er 30 meter dypt og føyer seg i den lange rekken underjordisk infrastruktur i katakombebyen Paris.

Eit 30 meter djupt reservoar skal vere med på å hindra overvatn i Seinen.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Men nokre få veker før leikane startar, ser det mørkt ut for prestisjeprosjektet til dei to politikarane.

I slutten av mai konkluderte miljøorganisasjonen Surfers Foundation med at det var «alarmerande bakteriemengder» i elva.

OL-sjefen Tony Estanguet kunne ikkje utelukka at svømme-delen av triatlon måtte avlysast på grunn av den dårlege vasskvaliteten.

I tillegg vart ei prøvesvømming førre veke avlyst på grunn av kraftig regn, noko som kan føra til auka forureining, skriv Le Monde.

Reagerer på pengebruk

Kven som står bak aksjonen, er ikkje kjent.

Ifølge Franceinfo dukka emneknaggen først opp 22. mai på X/Twitter, medan nettsida vart registrert eit par dagar seinare.

Arbeidere fjerner store mengder søppel fra elven Seine i Levallois-Perret rett utenfor Paris, 8. juni 2023.

Arbeidet med å reingjera elva har pågått lenge. Her fjernar arbeidarar store mengder søppel rett utanfor Paris i juni 2023.

Foto: AFP

Ein person som hevdar å stå bak nettsida, seier til nettstaden at han ikkje er imot å reinska opp i elva. Pengebruken gjer han likevel sint.

– Millionar og milliardar vert investert i dei olympiske leikane. Samstundes forfell offentlege tenester som transport, og byen er skitten og full av rotter, seier han.

Tips og triks frå internett

Emneknaggen som oppfordrar til å bæsja i Seinen har vorte populær i fleire sosiale medium, mellom anna TikTok.

Fleire av innlegga er svært humoristiske.

Mellom anna kjem ein ernæringsrådgjevar med tips om fiberhaldig mat for best mogleg avføring, medan ein matematikar har rekna ut når ein må bæsja i byen Rouen for at han skal nå fram til Paris i tide.

– Eg veit ikkje om Frankrike vil vinna så mange medaljar i OL, men éin ting er sikkert: Franskmennene fortener gullmedalje for humor, seier TikTok-brukaren Olivier Giraud i ein video.

SISTE NYTT

Siste nytt