Hopp til innhold

Fem drepne i nytt droneangrep

Fem menneske er drepne i eit amerikansk droneangrep i eit stammeområde i Nord-Waziristan i Pakistan, oplyser lokale tryggingskjelder.

Førerløst angrepsfly, drone

USA har gjennomført tre nye droneangrep mot mistenkte Al Qaida-medlemer i Pakistan den siste veka.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

Dette er det tredje droneangrepet mot mistenkte Al Qaida-opprørarar i grenseområdet mot Afghanistan sidan Osama bin Laden vart teken av dage.

Det amerikanske førarlause flyet skal ha skote to rakettar mot ein bil i Datta Khel-området.

Tysdag vart fire mistenkte opprørarar drepne i eit liknande angrep i Sør-Waziristan.

Sist fredag vart åtte personar drepne då eit amerikansk førarlaust fly skaut rakettar mot ein lastebil i Nord-Waziristan. Pakistanske kjelder seier at det var Al Qaida-medlemer blant dei drepne.

Det var i fjor over 100 amerikanske droneangrep mot militante opprørarar i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan. 670 personar vart drepne i desse angrepa, og den amerikanske etteretningsorganisasjonen CIA seier at desse angrepa har svekt Al Qaida og Taliban sine organisasjonar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Pakistan venter anti-USA-bråk

LES OGSÅ: Minst 38 drept i droneangrep

SISTE NYTT

Siste nytt