Konspirasjonsteorien framstiller president Donald Trump som ein hemmeleg krigar mot det som blir påstått å vere ei hemmeleg samansverjing som sel barn. Ho skal vere leidd av pedofile kjendisar og demokratiske politikarar i den såkalla djupe staten.
Tysdag kunngjorde Facebook at selskapet frå no av vil fjerne Facebooksider, grupper og Instagram-kontoar som ope støttar QAnon, òg når dei ikkje oppmodar til vald.
For mindre enn to månader sidan gav Facebook beskjed om at QANON-grupper berre vil bli fjerna viss dei fremjar vald.
Avgjerda er ledd i arbeidet med å prøve å slå ned på falsk informasjon og konspirasjonsteoriar føre valet 3. november. Facebook ønskjer ikkje å bli brukt til å lure eller forvirre veljarane, slik som førre val i 2016.
Bisarre teoriar
Frå ein første post i 2017 om ein bisarr førestilling om sal av bortførte barn og politiske plott, har QAnon fått stadig fleire tilhengjarar og ein plass til og med i president Donald Trumps Twitter-profil.
FBI sa i fjor at QAnon er ein av fleire rørsler som kan få både grupper og individuelle ekstremistar til å gjennomføre valdelege handlingar.
Ein forløpar for konspirasjonsteorien var den såkalla Pizzagate-teorien då ein mann frå Nord-Carolina beit på førestillinga om at barn vart utnytta som sexslavar i kjellaren til ein pizzarestaurant i Washington som var populær blant demokratiske politikarar.
Han storma restauranten med gevær for å «redde barna». Ingen vart skadde, men han vart dømd til fire års fengsel.
Satan-inspirert
QAnon baserer seg på ein fantasifull førestilling om at verda blir driven av ein Satan-inspirert elitegruppe som utnyttar og sel barn. Den hevdar at gruppa står bak koronapandemien for å få kontroll over folk ved hjelp av vaksinar og 5G.
Konspirasjonsteorien, som er klart antisemittisk, hevdar at ei rekkje leiande demokratar, blant dei tidlegare presidentar som Bill Clinton og Barack Obama, saman med ei rekkje «venstrevridde» kjendisar og kulturpersonlegdommar, driv satanisk og pervers seksuell utnytting av barn, er kannibalar og konspirerer for å styre USA og verda.
USAs tidlegare førstedame og utanriksminister, Hillary Clinton, er ei ynda skyteskive for QANON-kyrkjesokna. Det same er den jødiske filantropen George Soros og Microsoft-grunnleggjar Bill Gates.
Inn i politikken
Sjølv om det kan vere vanskeleg å fatte at nokon verkeleg trur på dei elleville påstandane som blir sette fram, som at Angela Merkel er Adolf Hitlers barnebarn og at 5G-teknologien spreier koronavirus, er det stadig fleire som sluttar opp om konspirasjonsteorien.
Felles for dei alle, er at dei ser på president Donald Trump som den store redningsmannen, som i all løyndom alt har redda tusenvis av barn frå å hamne i klørne på det hemmelege nettverket.
Konspirasjonsteorien har fått stadig større utbreiing blant tilhengjarar av Trump. Republikanarar som bidreg til å spreie teorien, stiller til val i minst tolv delstatar i USA.
Ei av dei, Marjorie Taylor Greene, vann nominasjonskampen i ein sikker republikansk krins i Georgia.
Ho vert dermed truleg å finne i Kongressen i Washington frå neste år.
Teorien har byrja å få følgjarar i Europa og var synleg i den store demonstrasjonen i Berlin i august mot koronatiltak, saman med nynazistar, folk frå ytre høgre og ytre venstre og vaksinemotstandarar.
LES OG:
LES OG: