- 14 gruvearbeidarar delte på oksygenet til dei døydde

14 gruvearbeidarar greidde å ta seg inn i det einaste tilfluktsrommet i kolgruva i Soma. Der delte dei på det vesle oksygenet som var til dei døydde ein etter ein, fortel redningsarbeidarar.

Gruveulukke i Soma i Tyrkia.

Ein død gruvearbeidar blir frakta ut av gruva av redningsmannskapa.

Foto: BULENT KILIC / Afp
Bent Tanstad
Journalist

Det kjem stadig fram nye grufulle detaljar om kva som skjedde etter eksplosjonen og brannen i kolgruva i Soma i Tyrkia i går. Katastrofen har også sett søkjelyset på den totale mangelen på tilfluktsrom i tyrkiske gruver, melder den tyrkiske nettavisa Hurriyet .

Eigaren av Soma-gruva, Alp Gürkan, sa i eit intervju i april i fjor at gruva hadde fleire tilfluktsrom. Han sa då at desse tilfluktsromma kunne sørgje for mat og oksygen til arbeidarar i 20 dagar.

Fem kvadratmeter

Redningsarbeid gruve Soma

Redningsarbeidet ved gruva har vore svært vanskeleg. No er det lite håp om å finne fleire overlevande.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

No seier redningsarbeidarar at det truleg berre var eitt tilfluktsrom i gruva, og at det var fem kvadratmeter stort. Dei 14 arbeidarane hadde mest sannsynleg teke seg inn i det vesle rommet etter at dei hadde innsett at det var umogleg å kome seg ut av gruva.

Gruvegangane var fylte av giftig karbonmonoksid-gass, og det gjorde at dei ikkje hadde sjanse til å nå utgangane.

Redningsarbeidarane fortel at dei fann dei 14 gruvearbeidarane liggjande døde oppå kvarandre inne i det vesle tilfluktsrommet. Dei 14 skal ha delte broderleg på dei få oksygenflaskene som var i rommet, og då det vart tomt døydde dei ein etter ein.

LES OGSÅ: – Jeg tror det er mange flere døde

LES OGSÅ: Tåregass og vannkanoner mot demonstranter i Tyrkia

Fire av 400 gruver

Det tyrkiske Mining Engineers' Chamber seier i ein rapport at berre fire av rundt 400 gruver i Tyrkia er utstyrte med tilfluktsrom, men at ingen av desse er kolgruver. Dei fire som har slike sikre rom er alle ulike metallgruver.

Begravelse Soma

Frå ein av dei mange gravferdene i Soma torsdag.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Det finst ei rekkje tilfluktsrom-modellar på marknaden, ifølgje det tyrkiske nyheitsbyrået Dogan er det ein type tilfluktsrom som kan sikre oksygen, mat og vatn for opptil 40 arbeidarar i ein månad. Desse romma er også utstyrte med telefon og førstehjelpsutstyr.

Prisen ligg frå 1,2 millionar kroner til 1,5 millionar kroner. Det er også mindre og billegare typar tilfluktsrom på marknaden.

To kvinner sørger i Soma

To kvinner sørgjer under ei gravferd i Soma torsdag.

Foto: Emre Tazegul / Ap

Fleire land, blant anna USA, Storbritannia og Tyskland, har lovfesta at det skal vere tilfluktsrom dersom det tek meir enn ein time å gå frå gruvegangane og til utgangen.

LES OGSÅ: Her sparker statsministerens rådgiver en pårørende

LES OGSÅ: Skrøt av kostnadskutt i gruven

Lagt til side

Ifølgje Dogan er det berre nokre få land, blant dei Tyrkia, Pakistan og Afghanistan, som ikkje har krav til tilfluktsrom i gruvene sine.

Dogan fortel vidare at selskapa som produserer denne type tilfluktsrom har levert ein rapport om kva dei kan tilby til tyrkiske styresmakter.

Denne rapporten skal ha blitt lagt til side fordi det aldri vart semje om kva departement som var det rette for å sjå på rapporten, Arbeidsdepartementet eller Energidepartementet.

LES OGSÅ: Sinte pårørende jaget statsministeren

LES OGSÅ: Tyrkere streiker i protest mot gruvekatastrofen

Neppe fleire overlevande

Det offisielle talet på omkomne i gruveulukka har i kveld kome opp i 282, medan det truleg er rundt 100 igjen inne i gruva. Det er svært lite håp om at nokon av dei kan vere i live.

Det er erklært tre dagars landesorg i Tyrkia etter gruvekatastrofen i Soma. Det har i dag vore store demonstrasjonar mot statsminister Erdogan og regjeringa hans. Mange meiner dei er ansvarlege for at tryggleiken ved tyrkiske gruver er altfor dårleg.

Slekninger av gruvearbeidere i Soma

Slektningar har venta lenge utanfor gruva i håp om nytt om sine kjære.

Foto: BULENT KILIC / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt