Hopp til innhold

Amerikanske etterretning seier Nord-Korea byggjer nye missil

Satellittbilete viser at Nord-Korea byggjer nye missil utanfor Pyongyang, ifølgje Washington Post. Dette skjer samtidig som Nord-Korea skal jobbe for fullstendig kjernefysisk nedrusting.

Nord-Korea

Dette satellittbilete viser eit produksjonsanlegg i Sanumdong, utanfor hovudstaden Pyongyang. Det er her amerikanske etterretning meiner Nord-Korea byggjer nye missil.

Foto: Handout / Reuters

Bileta er tekne dei siste vekene, og ifølgje avisa viser dei at det går føre seg arbeid på minst ein, og kanskje to, missil av typen Hwasong-15 ved eit anlegg i Sanumdong, utanfor Pyongyang.

Dette skal vere det same anlegget som produserte dei første interkontinentale ballistiske missila som hadde rekkevidd til å nå USA.

Ifølgje avisa ønskjer kjeldene som har kjennskap til denne etterretningsinformasjonen å vere anonyme.

– Ingen atomtrugsel

I juni møtte president Donald Trump Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i Singapore, der dei to vart samde om å starte forhandlingar om nordkoreansk nedrusting.

Dei to vart samde om ei felles fråsegn, der USA forplikta til sikkerheitsgarantiar mot at Kim skal «arbeide for fullstendig kjernefysisk nedrusting av den koreanske halvøya».

– Alle kan no kjenne seg mykje tryggare enn den dagen eg tok over presidentkontoret. Nord-Korea utgjer ikkje lenger nokon atomtrugsel, skreiv Trump på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Rikar opp uran

Utsegna frå Trump vart seinare avvist av USAs utanriksminister Mike Pompeo.

– Dei produserer framleis spaltbart materiale, sa Pompeo under ei høyring i utanrikskomiteen i Senatet nokre veker seinare.

Han viste til rapportar om at nordkoreanarane driv med oppriking av uran ved eit hemmeleg anlegg i Kangson.

Pompeo ville ikkje svare på om Nord-Korea byggjer nye missil eller prøver å utvikle atomprogrammet sitt, skriv Reuters.

Anlegg Nord-Korea

Nord-Korea skal vere i ferd med å demontere delar av dette rakettanlegget i Sohae, men amerikansk etterretning trur landet produserer éin til to interkontinentale missil ved eit anna anlegg.

Foto: AP

Demonterer anlegg

Dersom Nord-Korea skulle vere i ferd med å produsere fleire Hwasong-15-missil, betyr ikkje det i seg sjølv at landet utvidar den militære kapasiteten, understrekar kjeldene til Washington Post.

Nord-Korea har samtidig øydelagt sitt anlegg for atomprøvesprengingar i Pyonggye-ri, og er ifølgje amerikansk etterretning også i ferd med å demontere eit testanlegg for motorar ved eit rakettanlegg i Sohae.

I førre veke sa Trump at det ikkje var sett noko tidsfrist for Nord-Koreas nedrusting, men at det heller ikkje var nokon grunn til å presse på.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt