Hopp til innhold

Asia-forskar om Nord-Korea: – Alvorleg opptrapping

– No er vi tilbake til 2018, før Donald Trump og Kim Jong-un møttest, seier Asia-forskar Stein Tønnesson etter missil-oppskyting frå ubåt. Ein annan Nord-Korea-kjennar meiner landet prøver å true seg til forhandlingar.

Oppskyting av rakett frå ubåt.

Det statlege nyheitsbyrået KCNA har offentleggjort dette biletet av oppskytinga av eit missil frå ubåt.

Foto: AP

FN skal ha krisemøte i Tryggingsrådet onsdag etter at Nord-Korea har testa ein ny type ballistisk missil frå ein ubåt.

Våpenet gjer at Nord-Korea sin undersjøiske militære kapasitet er blitt vesentleg sterkare, ifølgje det nordkoreanske statlege nyheitsbyrået KCNA.

Ifølgje diplomatiske kjelder er det USA og Storbritannia som har kalla inn til møtet.

En TV-skjerm viser en nyhetssending i Sør-Korea om oppskytingen av ubåtvåpenet i Nord-Korea 19. oktober 2021

Nyheita om det nye nordkoreanske ubåt-våpenet blei vist på TV-skjermar i Sør-Korea.

Foto: Lee Jin-man / AP

– Slik det var før Trump og Kim Jong-un møttest

Stein Tønnesson er Asia-forskar ved Institutt for fredsforsking (Prio), og følgjer utviklinga i regionen tett.

Stein Tønnesson

Asia-forskar Stein Tønnesson.

Foto: PRIO

Han meiner vi no er tilbake til situasjonen før tilnærminga mellom Nord-Korea og USA under dåverande president Donald Trump.

– Dette er ei alvorleg opptrapping. Dei siste par åra har Nord-Korea tatt opp igjen rakettprogrammet sitt, men dei har ikkje sendt opp strategiske rakettar. Når dei no sender opp ein rakett frå ein ubåt, så representerer det ei opptrapping av brota på FN sine straffetiltak. Då er vi tilbake i den gamle tralten, seier Tønnesson.

 Kim Jong-un på våpenmesse.

Den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un på våpenmesse i hovudstaden.

Foto: Kcna / Reuters

– Kjenner seg trua

– Kvifor gjer Nord-Korea dette?

– Landet fryktar eit angrep på seg sjølv, dei kjenner seg omringa og trua av andre. Samtidig viser Kim Jong-un på denne måten at han er sterk og har makta.

Dette er den første testen av eit missil som blir skote opp frå ein ubåt på to år. Nyheitsbyrået KCNA melder at prøveskytinga var ein suksess, og at våpena har avansert styringsteknologi.

Missilet landa i Japanhavet aust for den koreanske halvøya.

Nord-Korea viser militær kraft i Pyongyang.

Nord-Korea viste fram si militære kraft i hovudstaden Pyongyang 12. oktober.

Foto: Kcna / Reuters

– Vil komme i forhandlingar

Som forskar har Geir Helgesen følgt koreansk politikk i over 40 år. Han meiner det er mange årsaker til det som no har skjedd.

Geir Helgesen

Forskar Geir Helgesen.

Foto: NRK

– Først og fremst gjer dei det for å komme i posisjon til å forhandle med USA om noko helt sentralt, nemleg at våpenkvila frå 1953 blir omgjort til ein fredstraktat. Det har USA til no nekta. Nord-Korea testar altså USA, samtidig som dei testar våpentypar.

– Er dette ein god måte å invitere til forhandlingar på?

– Ein skulle tru det motsette, men det viser seg at når Nord-Korea oppfører seg «normalt» over lang tid, så er det ingen som eigentleg interesserer seg for landet. Men når dei prøvetestar eit missil eller eit atomvåpen, så opnar det seg straks moglegheiter til forhandlingar.

Sjå det historiske handtrykket mellom Donald Trump og Kim Jong-un i Singapore 12. juni 2018.

– Gjer som Trump!

– Dei truar seg nærast til forhandlingar?

– Ja, det er sannsynlegvis det dei gjer no, for etter at Biden kom til Det kvite hus, har det ikkje vore seriøs dialog mellom Nord-Korea og USA, seier Helgesen.

Stein Tønnesson meiner Biden burde gjere som Trump.

– Etter mi meining bør han engasjere seg litt på same måte som Trump gjorde, ta direkte kontakt med Kim Jong-un og prøve å få til eit møte med han. Møtet mellom dei to førte til stans i alle atomsprengingar og også til stans i utskytinga av rakettar som kan nå tvers over Stillehavet.

SISTE NYTT

Siste nytt