Hopp til innhold

– Gingrich får støtte frå Trump

Donald Trump vil truleg støtta den republikanske presidentkandidaten Newt Gingrich. Samstundes flyktar dei kvinnelege veljarane frå Gingrich i ei ny meiningsmåling.

Donald Trump og Newt Gingrich

Donald Trump har sjølv vurdert å stilla i presidentkampen, men gir no truleg si støtte til Newt Gingrich.

Foto: Seth Wenig / Ap

Kjelder tett på presidentkampanjen til Gingrich har stadfesta at Donald Trump kjem til å gi si støtte til Newt Gingrich på ein pressekonferanse i ettermiddag, skriv den britiske avisa Daily Mail.

Annonseringa kjem i tilfelle to dagar før nominasjonsmøtet til republikanarane i delstaten Nevada. Ein talsmann for kampanjen til Gingrich vil førebels ikkje kommentera opplysningane.

Les også: Chuck Norris: Gingrich kan få Amerika tilbake til sine glansdager

I fjor flørta forretningsmannen Donald Trump sjølv med tanken om å stilla som presidentkandidat for republikanarane, men blei latterleggjort etter utspel om at president Barack Obama kanskje ikkje var fødd i USA.

Trump forlot det republikanske partiet i desember.

Kvinnene unngår Gingrich

Kampen om å bli republikansk presidentkandidat står no i hovudsak mellom Newt Gingrich og Mitt Romney.

Sistnemnde vann med solid margin over sin konservative rival i nominasjonsvalet i delstaten Florida denne veka. Romney fekk 46 prosent av røystene, medan Gingrich enda opp med 32 prosent.

Særleg er det kvinnene som unngår Gingrich. Berre 28 prosent av kvinnene røysta på 68-åringen, som er blitt råka av ei rekkje uheldige historier i valkampen. Gingrich er skilt to gonger, og har vedgått utruskap.

Marianne Gingrich

Den andre kona til Gingrich, Marianne Gingrich, hevdar eksmannen ville ha eit ope ekteskap.

Foto: HANDOUT / Reuters

Han hadde ein affære med ein sekretær i kongressen medan han som leiar av representanthuset pressa på i skuldingane mot dåverande president Bill Clinton, som laug om sitt forhold til Monica Lewinsky.

Hans første kone har hevda at Gingrich bad om skilsmisse medan ho låg på sjukehus og kjempa mot kreft.

Samstundes har den andre kona hans sagt at Gingrich ville ha eit ope ekteskap slik at han kunne halda fram med å vera utru. Denne skuldinga har Gingrich hardbarka nekta for.

Les også: Gingrich' eks-kone snakker ut

Ei spørjeundersøking i avisa Wall Street Journal viser at 57 prosent av republikanske kvinner over 50 år har eit negativt syn på Newt Gingrich.

Les også: Med mottoet «stand by your man»

Bachmann nektar for Romney-støtte

Etter talen helsa Michele Bachmann på tilhengjarane.

Michelle Bachmann har trekt seg frå presidentkampen, men det blir no spekulert i om ho kjem til å støtta Romney.

Foto: Charlie Riedel / Ap

Samstundes med spekulasjonane om at Gingrich no får støtte frå Donald Trump, nektar den tidlegare presidentkandidaten Michele Bachmann for at ho vil gi si støtte til Mitt Romney.

Avisa Boston Globe skreiv tidlegare denne veka at Romney var i samtalar med Bachmann, men dette blei altså avvist av støttespelarane til Bachmann i ei utsegn i går.

Les også: Tjener en årslønn om dagen – nå slåss han om et splittet, hvitt USA

Bachmann var kandidat i den republikanske nominasjonen til presidentvalet, men trekte seg 4. januar, dagen etter at republikanarane hadde sitt nominasjonsmøte i delstaten Iowa.

Ho har tidlegare sagt til Fox News at ho vil gi si støtteerklæring til ein av dei andre kandidatane før 7. februar.

SISTE NYTT

Siste nytt