– Ein million protesterte mot «Charlie Hebdo» i Groznyj

Styresmaktene i den russiske republikken Tsjetsjenia seier at ein million menneske var ute i gatene i dag for å protestere mot karikaturteikninga av Muhammed i den siste utgåva av det franske magasinet «Charlie Hebdo».

Charlie Hebdo-demonstrasjon i Groznyj

Styresmaktene i Tsjetsjenia seier at ein million menneske deltok i protesten mot «Charlie Hebdo» i Groznyj i dag.

Foto: YELENA FITKULINA / Afp
Bent Tanstad
Journalist

Demonstrasjonen i Grozny kjem etter ei helg med blodige protestar mot «Charlie Hebdo» i den tidlegare afrikanske kolonien Niger, der minst fem menneske er drepne og over 40 kyrkjer er sette fyr på.

Ein journalist frå AFP seier at det var fleire hundre tusen menneske ute i gatene, medan styresmaktene altså seier at det var ein million. Det er 1,2 millionar innbyggjarar i Tsjetsjenia, medan det bur 250.000 i sjølve Groznyj. Styresmaktene seier at menneske frå heile Kaukasus var med.

Flammande tale

Razan Kadyrov, Tsjetsjenias sterke mann.

Ramzan Kadyrov langa ut mot Muhammed-karikaturane og mot Vesten generelt under den store demonstrasjonen i Groznyj i dag.

Foto: MENAHEM KAHANA / Afp

Tsjetsjenias sterke mann, Ramzan Kadyrov, heldt ein flammande tale til folkemassane i Grozny der han langa ut mot både mot publiseringa av teikningane i «Charlie Hebdo», og mot Vesten generelt.

– Dette er ein protest mot alle som alle som støttar publisering av karikaturar av profeten, sa Kadyrov, og tilhøyrarane svarte med taktfaste «Allah Akbar» («Gud er stor»).

Kadyrov, som har gjort den tidlegare opprørsrepublikken Tsjetsjenia til eit massivt støttepunkt for Russlands president Vladimir Putin, var klar på at dei som støttar slike teikningar, ikkje skal gjere det ustraffa.

Tyrkia blokkerer nettsider med Charlie Hebdo-forside

Charlie Hebdo-raseri i den muslimske verda

– Vil ikkje tillate krenking

– Vi seier klart frå at vi aldri vil tillate at nokon kan krenkje namnet til profeten eller religionen vår, utan å bli straffa for det, sa Kadyrov, og demonstrantane sleppte tusenvis av ballongar opp i lufta.

Menneskerettsaktivistar i Tsjetsjenia seier at det er vanleg at styresmaktene gir arbeidarar og studentar ordre om å delta i demonstrasjonar til støtte for Kreml.

Protestar mot Muhammed-karikaturane i Groznyj.

Demonstrantane bar banner med islamske slagord mot «Charlie Hebdo».

Foto: Musa Sadulayev / Ap
Demonstrant i tradisjonelt kaukasisk hovudplagg.

Denne demonstranten gjer det klart kva han meiner om karikaturteikningane av profeten Muhammed.

Foto: EDUARD KORNIYENKO / Reuters

Trass i at Russland offisielt har sendt kondolansar til Frankrike etter terrorangrepa der, og utanriksminister Sergej Lavrov deltok i solidaritetsmarsjen for offera i Paris sentrum, så har fleire kommentatorar som står Kreml nær, sagt at karikaturteiknarane i «Charlie Hebdo» sjølve hadde provosert fram terrorangrepet mot magasinet.

Delte meninger blant muslimske ledere om Charlie Hebdo

Al Qaida ga ordre om Charlie Hebdo-angrep

Brende franske flagg

Det var demonstrasjonar mot «Charlie Hebdo» også i fleire andre land i dag, blant anna i Afghanistan og Pakistan. I den afghanske byen Jalalabad brende rasande demonstrantar franske flagg og kravde at den franske ambassaden i Kabul skal stengjast.

I Pakistan var det demonstrasjonar i fleire byar, blant anna i Peshawar og i Karachi.

På Gazastripa trua rundt 200 radikale islamistar med å storme eit fransk kultursenter i Gaza by.

– Franskmenn, ha dykk ut av Gaza eller så slaktar vi dykk, ropte aktivistane, ifølgje AFP.

Julie Wilhelmsen, seniorforker ved NUPI, om demonstrasjonene i Tsjetsjenia mot karikaturtegningene av Muhammed.

VIDEO: Julie Wilhelmsen om Tsjetsjenia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt