Hopp til innhold

Charlie Hebdo-raseri i den muslimske verda

I fleire muslimske land har det i dag vore store demonstrasjonar mot Charlie Hebdo. I Niger vart eit fransk kultursenter angripe, og i Senegal brann det franske flagget. Fire menneske vart drepne i uroa i Zinder i Niger.

TOPSHOTS-PAKISTAN-FRANCE-ATTACKS-CHARLIE-HEBDO

Pakistan

Foto: ASIF HASSAN / Afp

Algeria Charlie Hebdo Protests

Det kom til samanstøytar mellom politiet og demonstrantar i Algerie.

Foto: Sidali Djarboub / Ap
TOPSHOTS-PAKISTAN-FRANCE-ATTACKS-CHARLIE-HEBDO

Eit fransk flagg vart sett fyr på i Pakistan.

Foto: BANARAS KHAN / Afp
SENEGAL-FRANCE-ATTACKS-CHARLIE-HEBDO-DEMO

Også i Senegal vart eit fransk flagg sett fyr på.

Foto: SEYLLOU / Afp

I samband med dagens fredagsbøn har mange muslimar i dag rast mot Charlie Hebdo sine teikningar, som dei meiner er blasfemiske og krenkande mot religionen deira.

– Demonstrantane roper ut - på Hausa - Charlie er Satan - la helvete omfamne dei som støtter Charlie, fortel Aboubacar Mamane, ein lokal kjøpmann i Zinder i Niger.

I Zinder vart ein politimann og tre sivile drepne i uroa i byen Zinder, som er nest største byen i den tidlegare franske kolonien. 45 andre vart såra i uroa.

– Je suis Mohammed

Eit fransk kultursenter i byen, og to kyrkjer vart i dag sette fyr på, og i Pakistan vart ein pressefotograf skoten under ei anti-Charlie Hebdo-markering.

– Dagen kom då to eller tre personar vart brukte av Allah til å straffe og audmjuke desse vantrue. I dag veit vestleg media og dei vantru at muslimar vil ta hemn, sa ein radikal muslim, som protesterte mot Charlie Hebdo i Istanbul i Tyrkia.

Slagord som «Charlie er satan» og «Je suis Mohammed» vart ropt og politiet hadde store utfordringar med å roe ned opprøra fleire stader. I Algerie enda det heile med samanstøytar mellom demonstrantar og politi.

Demonstrajon mot Charlie Hebdo i Amman i Jordan.

I Jordan samla rundt 2.500 menneske seg for å demonstrere mot satiremagasinet Charlie Hebdo.

Foto: KHALIL MAZRAAWI / Afp

Bladet forbode i mange land

I Jordan samla demonstrasjonane 2.500 menneske, og tryggingsnivået vart heva i landet. Også i Jerusalem og Sudans hovudstad Khartoum har det vore uroleg.

Også i Russland er det motstand mot satirebladet. Eit organ som skal drive tilsyn med landets aviser og medium har sagt at det er ulovleg å trykke teikningar frå bladet i russiske medium.

FRANCE-SHOOTING/ Supporters of religious groups protests against Charlie Hebdo in Peshawar

I Lahore i Pakistan var mange rasande på Charlie Hebdo.

Foto: MOHSIN RAZA / Reuters

Medan bladet er forbode i mange muslimske land, og ikkje er å finne i butikkane, så sel bladet som varmt kveitebrød i vestlege land.

I Noreg vart alle eksemplara selt på 45 minutt, medan fleire hundre menneske stod i kø i London for å få bladet.

SISTE NYTT

Siste nytt