Mannen i 50-åra var sjåfør då tiltalte 16. juni filma direkte på Facebook under politijakt med blålys i Orkdal. Politiet hadde tatt beslag i ein motorsykkel som tiltalte brukte. Det likte ikkje tiltalte. På ein film på Facebook same kveld seier tiltalte mellom anna:
– Det er noko som heiter auge for auge, tann for tann.
– Det politiet stel frå meg skal eg personleg stele tilbake.
- Les også:
Deretter drog han heim til lensmannen, med vitnet som sjåfør. Der venta ei politipatrulje og biljakta starta.
Det var aktor som hadde innkalla vitnet. Mannen sit i varetekt, sikta for mellom anna å ha motarbeidd rettsstellet i samband med episodar i Orkdal.
– Fantasikameraten til Albert Åberg
Han har, til liks med tiltalte, brote med det norske samfunnet fordi han meiner det er Staten som eig namn og personnummer og at individa derfor ikkje kan bruke det. Dermed har individa heller ikkje rettar eller plikter overfor Staten, meiner dei.
Domar Anne Marie Selvaag fekk derfor i klare og høge ordelag beskjed om at vitnet ikkje ville svare på spørsmål sidan ho spurte som domar og ikkje som privatperson.
Vitnet opplyste også om at han no heiter «Skybert».
– Det er namnet på fantasikameraten til Albert Åberg, om retten ikkje er klar over det, opplyste vitnet.
Han ville ikkje svare domaren på om han heiter det som står på vitnelista. Eller gje frå seg forsikring om at han ville snakke sant. Etter fleire åtvaringar frå domaren om måten han ordla seg på i retten, forsikra vitnet at han ville snakke sant.
– Det offentlege lyg heile tida
Aktor, statsadvokat Kaia Strandjord, bad mannen forklare kva som skjedde då han var sjåfør for tiltalte og vart sett utanfor huset til lensmannen i Orkdal.
Igjen gjekk vitnet til åtak og skulda aktor for å lyge Vitnet sa han stod parkert på naboeigedomen til lensmannen.
– Det offentlege lyg heile tida, la han til.
Deretter byrja mannen å snakke om alt han og familien hadde vore utsett for av politi og påtalemakt gjennom mange år. Etter at både domar og aktor greidde å stoppe han, ville han ikkje svare meir utførleg på spørsmåla om turen:
– Det kan ein sjå på Facebook.
Han opplyste elles at han tidlegare har fått bot fordi han kalla seg «Donald Duck».
Endra personlegdom, men er ikkje psykotisk
Tiltalte er strafferettsleg tilrekneleg, meiner dei psykiatrisk sakkunnige som er oppnemde av retten. I løpet av rettssaka er dette inntrykket styrka, sa professor i psykiatri Kirsten Rasmussen onsdag.
Ho meiner at tiltalte står fram samla, logisk og samanhengande i retten.
Tiltalte har truleg gjennomgått ei personlegdomsendring dei siste åra, meinte Rasmussen, men det er ikkje noka psykisk liding, presiserte ho.
Tiltalte har i retten fortalt korleis livet hans endra seg etter at huset hans brann ned i 2010. Han freista å bygge det opp att, men kjende seg svikta av bank og kommune. Og rettsstellet.
- Les også:
Ein av brørne til tiltalte vitna i tingretten onsdag og fortalde om ein bror som alltid stilte opp for andre, samstundes som han jobba mykje. Broren støttar ikkje tiltalte sitt syn på namn og personnummer, men respekterer valet hans.
– Hadde det offentlege stilt opp då N.N (red.anm, tiltalte) fekk vanskar under oppattbygginga av huset, hadde det aldri kome så langt.
Torsdag er det prosedyrar.