Hopp til innhold

Oppsøkte og filma lensmann – tiltalt for trugsmål og krenkande framferd

I lengre tid har den tiltalte orkdalsmannen oppsøkt og filma særleg lensmannen i Orkdal og publisert det på Facebook.

Trondheim tinghus i september

Mannen skulder politiet for "trakassering","terror" og "sjikane" fordi han nektar å bruke sitt opphavlege namn og personnummer. No er han sjølv tiltalt for trugsmål og krenkande framferd.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Den 45 år gamle mannen svarte nei på alle punkta i den fem siders langs tiltalen, då han møtte i Sør-Trøndelag tingrett måndag.

Dei fleste tiltalepunkta viser til paragraf 158 i straffelova om å truge eller på annan måte motarbeide aktørar i rettsstellet.

Dei fleste episodane som er med i tiltalen skjedde i vår og i sommar i Orkdal. Filmane, ofte sendt direkte på Facebook, viser tiltalte som filmar lensmannen, også når han slår plenen heime hos seg sjølv, og når tiltalte møter eller oppsøkjer politipatruljar i kommunen.

Forutan filmar, er også fleire av kommentarane frå tiltalte på Facebook med i tiltalen.
I retten sa tiltalte at ingen av kommentarane må oppfattast som trugsmål, berre ytringar. Han viser mellom anna til FN si menneskerettserklæring og retten til å ytre seg.

– Eg er ingen valdeleg person. Men når ein ikkje får svar og hjelp frå offentlege etatar, så kan ein av og til bli provosert og skrive og seie ting som ikkje er meint bokstavleg, sa den tiltalte.

– Eit menneske, ikkje ein juridisk person.

Tiltalte fortalde i retten at han inntil 2009 levde eit vanleg liv med jobb og familie. Men då huset hans brann ned, starta problema. Eigedomen vart omregulert til industriområde og tvangsselt. Han meiner han vart motarbeidd frå alle instansar som skulle hjelpe han på fote igjen.

– Skal du underkaste deg forvaltningsorgan som ikkje er i stand til å hjelpe deg?- spurte tiltalte i retten, og svarte sjølv:

– Nok er nok.

Derfor har han dei siste åra vore ein av dei her i landet som ikkje lenger vil vere ein del av det norske samfunnet. Ved å skifte namn og nekte å stelle seg til personnummeret sitt, meiner dei at Staten heller ikkje kan krevje noko av dei.

Tiltalte opnar derfor ikkje lenger post som er adressert til hans opphavlege namn og knytt til personnummeret.

Kaia Strandjord

Aktor, statsadvokat Kaia Strandjord.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Livnærer seg på "grønt arbeid"

Han meiner Staten har tatt seg til rette og påtvunge alle eit personnummer og dermed gjort dei til juridiske personar.

Men tiltalte kallar seg i staden eit "levande menneske" og ikkje lenger noko rettssubjekt.
Han tek ikkje imot stønad frå Staten og livnærer seg på det han kalla "grønt" arbeid.

– Andre vil vel kalle det "svart", men dette er venetenester, forklarte mannen.

Aktor, statsadvokat Kaia Strandjord, viste til det finst ein del rørsler med liknande syn og livsførsel som tiltalte. Aktor nemnde særskilt såkalla "Frimenn"- men tiltalte avviser at han er med i den rørsla. Aktor viste også til den amerikanske Freemen- rørsla også, men tiltalte avviste at han støttar dei.

Strafferettsleg tilrekneleg

Dei rettsspsykatrisk sakkunnige har førebels kome fram til at tiltalte er strafferettsleg tilrekneleg. Men dei sakkunnige følgjer rettssaka og har tatt atterhald om at dei kan endre konklusjon undervegs etter å ha høyrt tiltalte i retten.

– Kva tenkjer du om at du blir erklært tilrekneleg, spurte aktor Strandjord.

– Kva tenkjer du, spurte tiltalte tilbake.

Han la til at han kunne forstå at tankane hans om å ikkje ha namn og personnummer kan verke "litt høgt over hovudet."

Men tiltalte sa han oppfattar seg som frisk. Han avviste også at merksemda hans mot politiet i Orkdal er hemn fordi han meiner seg dårleg behandla og svikta.

– Det er min måte å vise korleis samfunnet fråseier seg ansvar for borgarane. Dersom vi hadde hatt offentlege tilsette som gjer jobben sin og fører dialog, hadde ikkje dette vore ei sak, meinte tiltalte.

Han er elles ven med ein annan person som også har valda lensmannskontoret i Orkdal mykje arbeid. Den personen vart i februar dømd til to års fengsel utan vilkår for å ha motarbeidd rettsstellet.

Også han brukte mellom anna sosiale medium i kampen mot politi og rettsstell.

Tysdag skal lensmannen i Orkdal vitne om korleis han har opplevd konflikten med tiltalte.