Hopp til innhold

Politifolk gruer seg til å gå på jobb i Orkdal

– Eg har for lengst slutta å sjå på videoane på Facebook. Men det gjer noko med deg å få slik hets, berre fordi eg gjer jobben min.

Tor Kristian Haugan

Lensmannen i Orkdal, Tor Kristian Haugan, fortalde om sterke påkjenningar ved måten tiltalte har oppført seg på mot politifolk.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det var ein prega, men klartsnakkande lensmann i Orkdal som vitna i Sør-Trøndelag tingrett tysdag.

Tiltalen mot ein 45 år gamal mann frå Orkdal omfattar mange punkt som gjeld filming, publisering og krenkande omtale av lensmannen og andre polititenestefolk.

Lensmann Tor Kristian Haugan er ein hyppig gjengangar i dei nesten 400 filmane som tiltalte har produsert og lagt ut på Facebook sidan 2009.

Tek støyten for dei underordna

Når tiltalte oppsøkjer lensmannskontoret i Orkdal, med mobilkamera på, freistar dei andre polititenestefolka ofte å «rømme» for ikkje å bli filma. Det har retten fått sjå fleire døme på når videoane er vorte avspelte under rettssaka denne veka.

Haugan sa at kollegane hans gruer seg til å gå på jobb og til å snakke med tiltalte når han ringjer. Haugan meiner det er han som sjef som skal ta støyten overfor dei han har arbeidsgjevaransvar for. Derfor stiller han opp når tiltalte oppsøkjer han på jobben. Og hamnar på film, ofte direkte overført på Facebook.

– Eg har bede han slutte å filme mange gonger, utan hell. Sluttar han, så kan vi snakke om det han lurer på, sa Haugan som viste til fleire belastande episodar.

Også når lensmannen hadde fri og slo plenen eller vaska bilen, kunne tiltalte dukke opp og filme. Under bilvaskinga var tiltalte berre 30 cm frå andletet til lensmannen, mens «kamera» gjekk, kom det fram under vitnemålet tysdag.

Haugan blir ofte kalla «Lensmann LØKEN» av tiltalte.

«LØKEN skrelles lag for lag for sine løyner, og til slutt kommer vi inn i kjernen som mest sannsynlig er råtten», skreiv tiltalte på Facebook.

Frå 2015 til tiltalte vart fengsla i juni 2017 var det ekstra ille, i følgje lensmannen.

Har ekstra sikkerheit i heimen

17. mai i år var lensmannen ute på Orkanger saman med barnebarna sine. Då såg han tiltalte kome på rulleskøyter og stille seg ved sidan av ein ballongseljar. Dermed måtte Haugan gå rundt for å få kjøpt ballongar. Dette kjende han som svært ubehageleg, sjølv om tiltalte ikkje sa noko til han. Tiltalte avviser at dette var meint som trugsmål, han skulle berre kaste eit iskrempapir i søpla, sa han i forklaringa si måndag.

Bekjente av tiltalte har også kome på døra heime hos Haugan og forlangt å få snakke med han.

16. juni i år fekk lensmannen vete at tiltalte var på veg heim til han, og fekk varsla politipatrulje som pågreip tiltalte utanfor huset til lensmannen.

Denne episoden førte til at tiltalte vart sikta for fleire av forholda han no er tiltalt for. Han vart varetektsfengsla til slutten av oktober.

Lensmannen fortalde i retten at han har ordna seg med ekstra sikkerheit i heimen sin, også av omsyn til dei mindreårige barnebarna som ofte er på besøk.

Erklært utilrekneleg i 2015

I 2015 vart tiltalte erklært strafferettsleg utilrekneleg.

Meiningane hans om at det er Staten som eig namn og personnummer på alle nordmenn, gjer at tiltalte ikkje ser på seg sjølv som ein juridisk person .

Derfor meiner han politiet tek seg til rette og bryt menneskerettane når dei til dømes må inndrive gjeld ved å ta beslag i eigendelar.

Lensmann Haugan fortalte i retten tysdag at tiltalte var ein annan, tilsynelatande «normal» person i 2010, då dei møttest første gong etter at huset til tiltalte hadde brunne ned.

Haugan ville ikkje seie noko om han synes tiltalte verkar tilrekneleg no.

Dei rettsspykatrisk sakkunnige har førebels konkludert med at 45-åringen er tilrekneleg og dermed frisk slik at han kan eventuelt sone ei straff i fengsel.

– Kva inntrykk har du av kva tiltalte vil oppnå med at han stadig oppsøkjer politiet, spurte aktor Kaia Strandjord.

– At tiltalte skal gjere det så ubehageleg for meg at eg skal slutte å gjere jobben min, svarte lensmann Tor Kristian Haugan frå vitneboksen i Sør-Trøndelag tingrett.