Hopp til innhold

Ville gå frå avhøyret da han fekk spørsmål om flagget som låg over drepne Råger Holte

Den drapssikta 27-åringen var irritert og ville forlate avhøyret då politiet spurte om han kjende til at avdøde hadde eit flagg i huset. Flagget låg over avdøde Råger Holte da han vart funnen.

Denne flaggvimpelen vart funnen over den drepne Råger Holte på Ler

Denne flaggvimpelen vart funnen over den drepne Råger Holte på Ler.

Foto: Politiet

Mannen som står tiltalt for å ha drepe Råger Holte 24. januar i går, nekta i går å forklare seg for retten.

Derfor må aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne lese opp dei fem politiforklaringane 27-åringen gav.

Då Råger Holte vart funnen død på golvet i huset sitt på Ler, låg det ein norsk flaggvimpel over kroppen hans. I det tredje avhøyret, 7. mars, vart sikta vist eit bilete av ein flaggvimpel. Men då vart han ikkje fortalt at flagget låg over avdøde då han vart funnen. Eller at det vart funne DNA både frå avdøde og tiltalte på flaggvimpelen.

Aktor Per Morten Schjetne leser fra dommeravhør under rettssaken om drapt på Råger Holte

Aktor Per Morten Schjetne les frå politiforklaringane med tiltalte under rettssaka om drapet på Råger Holte.

Foto: Kari Sørbø / NRK

«– Nei, dette gidd eg ikkje»

I avhøyret 7. mars blir han vist bilete av vimpelen. Etter kvart seier han at han har sett ein slikt på rommet til Råger Holte, kanskje også i yttergangen og at det hang utanfor huset.

Politiet spør om sikta nokon gong har tatt på flagget.

Sikta blir irritert og seier at dersom Råger Holte har mista flagget sitt så kan vel politiet etterlyse det gjennom Trønderbladet.

Når politiet vil vete meir om kjennskapen sikta har til flaggvimpelen svarer sikta med replikkar som: «Neste spørsmål», «Seriøst» og «Nei, dette gidd eg ikkje, det blir så jævlig teit».

Sikta reiste seg fleire gonger under avhøyret og ville gå.

I neste avhøyr 4. april spør sikta om kvifor han fekk så mange spørsmål om flagget. Han seier også at dersom det er blod på flagget kan det vere fordi Råger slo han med det.

Den som gjer avhøyret informerer sikta om at flagget låg over avdøde og spør om han vil ha ein pause. Sikta seier han ikkje treng det.

Christian Wiig og Arve Opdahl er forsvarere for den tiltalte 27-åringen i Ler-drapet

Christian Wiig og Arve Opdahl er forsvararar for den tiltalte 27-åringen.

Foto: Morten Andersen / NRK

«Hadde brent kleda om eg hadde drepe Råger»

To dagar før Råger Holte vart drepen, vart tiltalte registrert på overvakingskamera på ein butikk på Ler. Ullgenseren han har på seg er mykje lenger enn genseren av same type som 27-åringen hadde på seg då han vart arrestert 26. januar.

Då han vart vist bileta under avhøyr seier han:

– Det ser ut som den (frå butikken, red. anm.) er litt lenger, men det kan jo vere vinkelen på biletet.

Av politiavhøyra går det fram at tiltalte meiner han kunne ha lånt den mindre genseren av ei venninne. Han sa han hadde på seg den vesle genseren sundag kveld og syntest den var litt trong.

Aktor meiner tiltalte vaska ullgenseren etter drapet for å fjerne spor. Tiltalte kjøpte også ei flaske tøymjuknar tysdag kveld, viser etterforskinga. Det kan ikkje tiltalte hugse. I avhøyr sa han også at dersom han hadde drepe Råger så hadde han brent kleda han hadde på seg.

genserer

Er dette same genser? Det er eitt av spørsmåla i drapssaka. Aktor meiner at tiltalte har vaska ullgenseren etter at Råger Holte vart drepe, og at genseren har krympa i vask. Tiltalte sin forsvarer meiner at det er snakk om to ulike gensere. Bildet til høyre er frå da tiltalte vart arrestert av politiet. Til venstre frå overvakingskamera på Prix Ler to dagar før drapet.

Foto: Politiet

«Ser meir ut som eit gjengdrap»

Tiltalte har erkjent at han og Holte slåst natt til tysdag. Delvis kallar han det «viking-leik», ein slags leikeslossing der det mellom anna vart brukt både tallerkar, oskebeger, lysestake, radio og ein stålstol. Men tiltalte nektar for å ha brukt bajonetten under slagsmålet.

Av avhøyra går det også fram den då sikta kalla det «jævlig dårleg politiarbeid» og at han nemnde namn på andre som han meinte kunne vere drapsmannen.

«Det ser meir ut som eit gjengdrap enn noko ein kamerat av Råger har gjort», sa tiltalte i politiavhøyr då han fekk sjå biletet av avdøde med alle stikka.

Den då sikta sa i avhøyra at han ikkje ønska å sjå bilete av den avdøde. Han sa også at han ikkje tolte å sjå blod. Råger Holte var homofil. Tiltalte har forklart at dei to fleire gonger låg i same seng då han besøkte kameraten på Ler. Tiltalte avviser at han er homofil, at han tidlegare var det han kallar «homofob», men at han respekterte Holte og ikkje hadde noko problem med legninga hans.

Dei rettsspsykatrisk sakkunnige meiner tiltalte oppfyller kriteria for dyssosial personlegdomsforstyrring .

Psykiater Solveig Klæbo Reitan sa i Sør-Trøndelag tingrett tysdag at ingenting tyder på at tiltalte er eller var psykotisk. Dermed er han strafferettsleg tiltrekneleg.