Hopp til innhold

27-åring kjent skuldig i drap

27-åringen som seier han drepte Råger Holte i naudverje, er kjent skuldig i drap. Kjennelsen i Lerdrapet kom måndag ettermiddag etter drøyt ein times møte i juryen i Frostating lagmannsrett.

Juryen på befaring i huset hvor Råger Holte ble drept på Ler

Juryen har tidligere vært på befaring i boligen på Ler hvor en mann ble funnet død kraftig knivstukket. I dag kjente juryen den tiltalte 27-åringen skyldig.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Tiltalte handla ikkje i naudverje. Han påførte Råger Holte dødelige stikk også i ryggen og kunne truleg ha flykta i staden for å halde fram med å stikke avdøde.

Det meiner aktor i ankesaka Per Morten Schjetne etter Lerdrapet. Forsvararen utelukkar likevel ikkje at tiltalte kan ha vorte utsett for eit valdtektsforsøk som ga han rett til å verje seg, om så med kniv.

Mens aktor, Per Morten Schjetne, meiner bevisa underbyggjer drap, prosederer forsvarar Arve Opdahl på naudverje.

Lagrettens dom om hvilken straff 27-åringen får faller fredag.

Tiltalte nærast uskadd

Slossinga mellom tiltalte og kameraten førte til blod mellom anna på tallerkenar og på ein stol som vart brukt. Men det er berre funne blod frå avdøde. I tillegg hadde ikkje tiltalte ei einaste rift etter slagsmålet, trass i at det vart brukt ein bajonett.

– Tiltalte framstår som nærast uskadd, sa aktor og viste til bilete frå overvakingskamera utanfor butikken tiltalte oppsøkte kort tid etter.

Aktor meiner dette viser at det var tiltalte som angreip Holte og ikkje omvendt slik 27-åringen har forklart.

Forsvarer Arve Opdahl sa i si prosedyre i Frostating lagmannsrett måndag at dei to hundane som var i huset har slikka blod etter drapet og at det derfor er vanskeleg å vete kor mykje blod det var og frå kven.

Forsvaren viser også til tiltalte som har sagt at dersom det hadde vore eit kamera i stova, ville ein ha sett at han snakka sant.

Ler

38 år gamle Råger Holte ble funnet død i hjemmet sitt på Ler i Melhus den 25. januar i fjor.

Foto: Stein Lorentzen

Kampen om bajonetten

Forklaringa til tiltalte om at det var Råger Holte som henta bajonettkniven er feil, meiner aktor. Det er DNA frå tiltalte også på slira til bajonetten. Tiltalte har sagt at han aldri har sett eller rørt slira.

Obduksjonen avdekka at avdøde vart påført minst ni stikk i ryggen og at to var dødelege. Tiltalte har sagt at Holte ikkje reiste seg frå golvet igjen etter at han hamna der.
Aktor meiner bevisa tyder på at tiltalte stakk Holte først i ryggen, mens han sat eller sto, og at dei deretter hamna på golvet.

– Hvis juryen er overtydd om at det var tiltalte som starta åtaket med bajonetten, kan de sjå bort frå naudverje, sa aktor.

Statsadvokat Per Morten Schjetne

Statsadvokat Per Morten Schjetne avviser at 27-åringen som drepte Råger Holte handlet i nødverge.


Statsadvokaten viste til at tiltalte nekta heilt til første dag i ankesaka for at det var han som drap Holte. I seks lange politiavhøyr heldt han fast ved at Holte var oppegåande og i live då tiltalte forlet huset like før klokka åtte på morgonen.

Forsvarer Opdahl viser til at hendinga har vore ei stor psykisk belastning for tiltalte og at han kan ha frykta represalier frå andre i miljøet om han vedgjekk drapet med ein gong.

Aktor nemde at tiltalte allereie då han forlet huset etter drapet sende SMS til avdøde og meiner dette viser at tiltalte planla alibiet sitt nøye.

Seksuelt motiv?

Opdahl trakk også fram forholdet mellom dei to kameratane. Holte var open homofil, tiltalte heterofil, i følgje han sjølv. Men 27-åringen og andre har i retten vitna om episodar av seksuell karakter mellom dei to. Tiltalte har fortalt at han vakna på sofaen av at Holte utførte ei seksuell handling med 27-åringen.

Opdahl sa i prosedyren at ein ikkje kan utelukke at tiltalte drapsmorgonen var utsett for eit valdtektsforsøk frå Holte og at naudverjeparagrafen kan brukast også på ei slik hending.
Knivstikka i ryggen kan ha skjedd då Holte snudde seg mens han låg på golvet under tiltalte, meinte Opdahl.

Arve Opdahl

Arve Opdahl forsvarer den 27 år gamle mannen.

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen / NRK


Han avviste også at det var lett for klienten å flykte der han oppheldt seg i sofaen.


Medforsvarar Christian Wiig viste til det som skjedde i huset tre dagar før drapet. Då var ikkje tiltalte til stades. Men seinare avdøde utførte då svært grov vald mot to gjester som var på nachspiel i huset. Wiig meinte vitneforklaringane frå gjestene, fortel kor valdeleg den no avdøde kunne bli og at dette visste tiltalte.

Aktor: – Drapet skjedde tidlegare enn tiltalte seier.

Tiltalte har forklart at knivkampen gjekk føre seg like før klokka åtte på morgonen. Det er bevist at han forlet huset like etter og ikkje kom tilbake. Men påtalemakta meiner drapet skjedde allereie i femtida på morgonen. Teledata viser at tiltalte då freista å få tak i bestemora på telefon slik at ho skulle kome og hente han.

Råger Holte vart først funnen dagen etter då ein telemontør kom til huset på Ler.