Hopp til innhold

Tiltalt var tilbake på drapsstaden på Ler

Den tingrettsdømte i drapssaka frå Ler i Sør-Trøndelag var i dag tilbake på åstaden, der retten i ankesaka var på synfaring i huset der ugjerninga skjedde.

Juryen på befaring i huset hvor Råger Holte ble drept på Ler

Jury og dommarar i drapssaka på Ler var i dag på synfaring i huset der drapet skjedde for eit år sidan.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Drapet skjedde 24. januar 2017.

I dag var juryen og fagdommarane på synfaring i huset. Også tiltalte ville vere med tilbake til plassen der kameraten, Råger Holte, vart drepen og ille tilreidd etterpå.

Dermed var mykje endra frå sist saka gjekk for retten.

Da ønskte ikkje tiltalte ein gong å sjå bilete av drapsstaden.

Synfaring drapsstad Ler

Retten inne i huset på Ler.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det nye i ankesaka i Frostating lagmannsrett denne veka, var at saka opna med at tiltalte, mot kva han tidlegare har sagt, kjente seg skuldig i drapet.

Deretter har mykje i retten handla om påstanden om at drapet vart utført som eit forsvar mot den drepne, og at tiltalte dermed hadde handla i naudverge.

Nyttig å vere på draps-åstaden

Drapssynfaring Lerdrapet 2018

Slik ser det ut på drapsstaden på Ler.

Foto: Kari Sørbø / NRK
Synfaring drapsstaden for Ler-drapet

Ifølgje tiltalte starta slåsskampen, med at den drepne angreip tiltalte med bajonett mens han sat i denne sofaen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det var forsvararen Arve Opdahl, som hadde bede retten om å bli med til huset på Ler:

– Vi vil at juryen skal sjå dimensjonane, kor stort huset er, eventuelt kor lite, seier Opdahl.

– Kvifor ville tiltalte vere med?

– Han ønskte å kunne vise korleis han vart trengt opp i eit hjørne, seier forsvaren.

Aktor Per Morten Schjetne som skal føre bevis for at tiltalte er skuldig i drap, meiner det også var bra at retten reiste ut til Ler:

– Det er ideelt for lagretten som skal avgjere skyldspørsmålet å sjå åstaden, seier aktor.

Han innrømmer at dette ikkje skjer så ofte.

Drapsstad på Ler i Sør-Trøndelag januar 2016

Politi under arbeid på drapsstaden på Ler i januar 2016.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Mot slutten på rettssaka

Torsdag vart dei siste vitna førte i Frostating lagmannsrett. Fredag er det fridag for retten, og måndag skal prosedyrane førast.

Forsvarar prosederer altså på naudverge, etter at tiltalte på første dag i ankesaka tilstod drapshandlinga.

Dommen fell venteleg tysdag. Blir tiltalte på nytt funne skuldig av juryen, blir det fagdommarane som skal måle ut straffa.