Hopp til innhold

Stor smitteauke i Trondheim: – Ein alvorleg situasjon

69 personar fekk påvist koronasmitta i Trondheim det siste døgnet. Det er meir enn dobbelt så mange som i går.

Nidelva i Trondheim

SMITTEN STIG: Talet på registrerte koronasmitta i Trondheim siste døgn er betydeleg høgare enn dagen med mest flest registrert smitta i førre veke.

Foto: Roger Myren / NRK

Talet på smitta er det høgste til no i år.

– Det offisielle talet er 69, men vi har nesten like mange hurtigtestar som er positive. Veldig mange av dei er knytte til studentmiljøet, seier kommunedirektør Morten Wolden, som no orienterer formannskapet i Trondheim om smittesituasjonen i byen.

Fire pasientar er no innlagde på St. Olavs hospital med covid-19. Ein av dei ligg på intensivavdelinga.

Formannskapet i Trondheim kommune vil ta stilling til om dei vil innføre nye lokale tiltak i eit ekstraordinært formannskapsmøte på torsdag.

Etter som mange av dei smitta vart meldt inn seint tysdag, er berre 28 av dei smitta så langt ferdig spora, skriv Trondheim kommune i ei pressemelding.

– Det er ein alvorleg situasjon. Den er meir krevjande å handtere no enn det har vore tidlegare sidan det ikkje er mange som blir alvorleg sjuke, og sidan det er mange med milde symptom. Samtidig kan vi ikkje risikere å miste kontrollen, seier Morten Wolden til formannskapet i Trondheim kommune.

Mange er vaksinerte

– Det er tilsynelatande dramatiske tal, men vi må hugse at situasjonen no er ein heilt annan den var i mai og juni då vi sist hadde eit stort utbrot, seier fungerande kommuneoverlege Elizabeth Anna Kimbell, som peikar på at Trondheim no har vaksinert mange fleire enn dei hadde i vår.

– Sannsynet for at det blir mange med alvorleg sjukdom i samfunnet no er derfor vesentleg lågare enn i vår. Samtidig er det slik at dersom svært mange blir sjuke, så vil også nokon av dei bli alvorleg sjuke fordi vaksinen ikkje beskyttar hundre prosent mot alvorleg sjukdom, utdjupar Kimbell.

Smitte blant studentar

Det skal vere minst tjue registrerte smittetilfelle ved NTNU som vert knytte til det pågåande utbrotet i studentmiljøet i byen.

Etter anbefaling frå kommuneoverlegen vart det igjen innført krav om ein meter avstand mellom folk ved NTNU sine studiestader i Trondheim i går.

– Det blir eit nytt møte mellom kommunen og NTNU i kveld, seier Wolden.

Kommunen har tidlegare omtalt smittesituasjon i studentmiljøet som uoversiktleg.

Fleire linjeforeiningar har avlyst arrangement i samband med fadderveka som følgje av smittesituasjonen i byen.

– Vi planlegg også ei massetesting på same måte som vi hadde i førre veke ved oppstart av fadderveka, kor vi tilbyr ein sjølvtest til heile førsteårskullet igjen kor vi ser at vi har smitte no, seier Kimbell.

– Vi ser at vi har mykje smitte knytte til fadderaktivitet. Det er ikkje berre førsteårsstudentar som er smitta, presiserer ho.

Smitta skuleelevar

Måndag vart det påvist eit utbrot av koronasmitte ved fire skular i Trondheim.

Berre ved Charlottenlund ungdomsskule er det no registrert 26 smitta.

Fleire hundre elevar har no heimeundervisning medan dei ventar på svar på hurtigtestar.

Testar elevane negativt kan dei igjen ha fysisk undervisning på skulen, slik som Helsedirektoratet opna for då dei endra koronaforskrifta før skulestart.

Må legge om smittesporinga som følgje av gjenopninga

Kimbell fortel at kommunen har store utfordringar med å drive smittesporing som følgje av at samfunnet er gjenopna og at folk flest har mange fleire nærkontaktar no enn tidlegare under pandemien.

– Barna, studentane og samfunnet elles har mange nærkontaktar. Vi har ikkje sett ei smittespreiing på skular tidlegare som vi ser no, seier ho.

Det krev at kommunen utarbeider nye måtar å drive smittesporing på.

– Vi har ikkje tid til å vere like nøye i arbeidet med smittesporing som vi har vore tidlegare. Vi er nøydde til å gjere det raskare og overlate meir av ansvaret på den som er smitta, fordi omfanget er så stort, seier Kimbell.

Lange køar for testing

Det er stor pågang av folk som vil ha koronatest no. Kommunen jobbar derfor med å auke kapasiteten, som er sterkt pressa. Dei ønskjer å utvide opningstida på teststasjonane, sjå på løysingar for spyttesting, og lage eigne løysningar for personar som har fått ein positiv hurtigtest privat.

Årsaka til presset er det nye testregimet for barn og unge i samband med skulestart, samt to smitteutbrot i kommunen.

– Vi fryktar at mykje av testkapasiteten vår blir bunden opp av folk som ikkje treng å teste seg, seier Kimbell.

Du kan lese meir om karantenereglane og andre unntak for delvaksinerte og fullvaksinerte på Helse Norge sine nettsider.