Hopp til innhold

Utbrot blant studentar i Trondheim: – Vi har ein uoversiktleg situasjon

Smitta studentar med svært mange nærkontaktar gjer smittesporinga til ei nærmast håplaus oppgåve, meiner kommunedirektøren i Trondheim.

Kø for koronatest ved Statens Hus i Trondheim

KØ: Det er venta lange køar for å ta koronatest i Trondheim i dag.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Åtte personar i studentmiljøet i Trondheim er bekrefta smitta i helga. Kommunen har i tillegg fått melding om fleire positive hurtigtestar blant studentane.

– Dei som både er på nachspiel, vorspiel og går frå hybel til hybel. Det er ikkje nødvendig og heilt feil. Det seier kommunedirektør Morten Wolden.

Dei aller fleste studentane oppfører seg bra, understrekar han, men kommunen er bekymra fordi mange av dei smitta har mange nærkontaktar.

– Spesielt studentgruppene som no er smitta har veldig mange nærkontaktar som gjer smittesporing veldig krevjande, seier Wolden.

– Vi får inn studentar som har 60 til 80 nærkontaktar, det er nærmast ei håplaus oppgåve for smittesporarane våre å gå i gang med den jobben, utdjupar han.

52 smitta i helga

I løpet av helga vart det registrert 52 nye personar i Trondheim som har testa positivt for covid-19. Førre helg var talet 29.

Ni av dei smitta har ukjent smittekjelde og sju er smitta i utlandet.

Tre pasientar er innlagt på St. Olavs hospital med covid-19. Ein av dei får pustehjelp frå respirator.

– Vi har absolutt kontroll

Ingeborg Bolstad er kommunikasjonsansvarleg i Fadderutvalget Dragvoll, som har ansvar for linjeforeiningane der.

Fadderutvalget Dragvoll arrangerer fadderveka for rundt 3000 av dei rundt 15.000 nye studentane, som byrja å studere i Trondheim i førre veke.

– Eg opplever at våre linjeforeiningar er ansvarlege og flinke til å halde faddergruppene kvar for seg og oppfører seg slik som vi ønskjer, seier ho.

– Opplever du at andre studentar eller faddergrupper i Trondheim har oppført seg kritikkverdig?

– Ikkje som eg har kjennskap til, men vi går ikkje rundt og observerer alle linjeforeiningane, svarar Bolstad.

Ho fortel at det er lite smitte blant deira 3000 studentar, og at dei er klar til å handtere eventuelle smittefarlege situasjonar på ein god og ansvarleg måte.

– Vi har absolutt kontroll, og god oversikt over kva vi kan gjere og ikkje gjere under fadderveka, seier Bolstad.

Fadderuka 2021

Ingeborg Bolstad i Fadderutvalget Dragvoll ved NTNU

Foto: Sara Tangen Killingbergtrø / NRK

– Dette er smittetilfelle vi har leita etter

– Studentane som er smitta er knytte til NTNU, vi har planlagt eit møte med dei og linjeforeiningane no, seier fungerande kommuneoverlege Elizabeth Anna Kimbell.

Kommunen veit framleis ikkje om smittevegen til fem av studentane som var registrert smitta i helga, opplyser den fungerande kommuneoverlegen i Trondheim.

– Vi har ein uoversiktleg situasjon i studentmiljøet no, og må då kunne seie at vi har eit utbrot, seier ho.

Kimbell understrekar at kommunen venta ei auke i smitten blant studentar under fadderveka. Dei gjennomførte derfor ein såkalla «screening», eller massetest av mellom 6000 og 7000 studentar måndag og tysdag i førre veke.

– Dette er smittetilfelle vi har leita etter, som vi har håpa å finne, seier Kimbell.

Portrettbilde av Elizabeth Kimbell, sykehjemsoverlege i Trondheim. Bildet er tatt utendørs i Munkegata i Trondheim

GLAD DEI HAR OPPDAGA SMITTA: Fungerande kommuneoverlege i Trondheim, Elizabeth Anna Kimbell.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kan ha nær sosial kontakt

Tysdag 22. juni oppheva Trondheim kommune den lokale koronaforskrifta. No gjeld dei nasjonale reglane.

«Personar som er beskytta kan i private samanhengar, slik som heime, ha nær sosial kontakt (under ein meter) med andre beskytta og ubeskytta som ikkje er i risikogruppa», heiter det i Regjeringa si oversikt over nasjonale tiltak.

Dei som tok første vaksinedose for tre veker sidan vert også rekna som beskytta. Desse vert ikkje rekna som ein av dei tjue gjestane, som styresmaktene anbefaler oss å avgrense oss til når vi får besøk heime.

– Det er nok ikkje eit råd som gjev fritt løyve til å vere saman med så mange som ein vil, og så nært ein vil, berre ein er i ein privat bustad, seier kommuneoverlege Kimbell.

Ho meiner intensjonen med dei nasjonale reglane for sosial kontakt og besøk er at vi skal kunne vere normalt sosiale med våre nærmaste, altså familie og nære vener.

– Sjølv om ein kan vere nære kvarandre i private heimar, så er det framleis ein anbefaling om å avgrense talet på sosiale kontaktar. Dette er viktig i ein smittevernsamanheng, seier ho.

– Ein kan tolke dei nasjonale reglane for besøk ulikt. Vil de prøve å kommunisere dette tydelegare til studentane no?

– Ja. Dette vil vere eit av dei punkta som vi kjem til å følgje opp med NTNU og linjeforeiningane no.

Trondheim kommune vil denne veka vurdere om dei skal innføre strengare tiltak enn dei nasjonale smittevernreglane for å bremse koronasmitten i byen, opplyser Morten Wolden.

Formannskapet vil ta stilling til dette på onsdag.