Fem regnvåte studentar går med ivrige steg mot Bakklandet i Trondheim. Bak dei går ein fadder som ser ut til å ha det like hyggjeleg.
– Dei er veldig heldige, seier fadder og andreårsstudent på medisin i Trondheim Kamilla Hval Skiaker (23).
Kullet hennar hadde ei mykje mindre sosial fadderveke i fjor.
Forutan medisinstudia, har Skiaker jobba i heimesjukepleia i Trondheim det siste året. Som mange andre helsearbeidarar har medisinstudenten derfor vore ekstra forsiktig.
– Eg har vore i kontakt med eldre folk heile tida, så eg har vore ekstra stressa for å smitte dei, seier Skiaker.
Men no er ho fullvaksinert, og kan derfor senka skuldrene litt meir enn dei som ikkje er det.
– Det er deilig, seier ho.
Å vere fullvaksinert kjem også godt med i ein studieby der smitten stig, og politikarane no vurderer om dei skal innføre nye tiltak for å få kontroll over situasjonen.
Ifølgje FHI gjer det å vere fullvaksinert ho mindre utsett for smitte. Det er effektivt mot alvorleg koronasjukdom og bidreg til at smitta spreier seg mindre. Men nokre vaksinerte får covid-19 og kan likevel smitte andre.
FULLVAKSINERTE FADRAR: Emilie Busk (24), Helene Synnes (21) og Kamilla Skiaker (23) er fullvaksinerte mot korona.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRKBekymra for smitte under faddervekene
I helga vart det påvist smitte blant studentar som har vore med på fadderveka i Trondheim. Kommunen er bekymra fordi fleire av desse hadde svært mange nærkontaktar.
Formannskapet i Trondheim skulle ta stilling til om dei vil stramme inn koronareglane på onsdag.
I Bergen har dei allereie innført lokale tiltak, og no er dei ein av kommunane med dei strengaste tiltaka i Noreg.
Det siste døgnet vart det registrert 101 nye smitta i vår gamle hovudstad i vest.
– Vi er bekymra for situasjonen, og vi begynner no for alvor å sjå konsekvensane av fadderveka, seier smittevernoverlege Egil Bovim.
Studentar i vaksinekø utanfor Sentralbadet i Bergen på måndag.
Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRKLange køar for drop in-vaksinar for studentar i Bergen
Medan smittetala stig i Bergen står studentar no i kø for å bli beskytta mot koronaviruset.
Måndag opna nemleg dørene i vaksinestasjonen Sentralbadet for studentar som ikkje har folkeregistrert adresse i byen.
5400 dosar er sett av til studentane, som kan kome på drop-in til og med onsdag.
Andrea Langfeldt og Maria Hasslund er to av studentane som har tatt turen til Sentralbadet.
– Me har stått her i over ein time, men det er absolutt verdt det, seier Langfeldt.
Veninnene kjem ifrå Oslo og Bærum.
– Drop-in tilbodet til kommunen er veldig bra. Då slepp vi å reisa heim og sparar litt pengar. Det er fint no når vi er studentar, seier Hasslund.
DROPPA INNOM: Andrea Langfeldt og Maria Hasslund nytta seg av tilbodet om drop-in-vaksine i Bergen.
Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRKTar omsyn til smittevern uansett
Nesten alle fadrane og fadderbarna på medisin i Trondheim er beskytta mot korona. Det ser ut til å ha funka bra så langt i fadderveka.
Det har nemleg framleis ikkje blitt registrert smitte blant medisinstudentar under årets fadderveke, fortel faddersjef for medisinstudentane, Sander Hoff.
94 prosent av første- og andreårsstudentane på medisinstudiet i Trondheim var beskytta mot korona før startskotet på årets fadderveke, fortel han.
Likevel har dei vore forsiktige med tanke på smitte.
– Sjølv om nesten alle har grønt koronapass har vi likevel omsyn til smittevern. For eksempel ved å halde avstand og bruke Antibac, seier fadder Skiaker.
Linjeforeininga Placebo har gjort mykje for å lage ei så trygg og sosial fadderveke som mogleg.
Kartlegging av beskytta studentar, registrering av personar som deltar på arrangement og oppfordring til mindre kontakt med folk frå andre faddergrupper, har vore blant verktøya deira.
– Det har vore eit maraton, seier faddersjef Hoff om planlegginga og gjennomføringa.
Dei har også unngått å blande studentar frå dei forskjellige faddergruppene.
– Ein blir betre kjent med folk frå eiga faddergruppe, men det blir vanskelegare å bli kjent på tvers av gruppene, avsluttar Skiaker.
25.08.21: NRK har lagt til ei presisering om at også fullvaksinerte kan smitte vidare.