Hopp til innhold

Ny rapport: Bebuarar låst inne i leilegheitene sine under pandemien

Personar med utviklingshemming blei isolerte i leilegheitene sine under pandemien. Enkelte var sperra inne i heile seks månader.

Nøkkel (Illustrasjonsfoto)

LÅST INNE: Fleire personar med utviklingshemming blei låst inne i bustadane sine under pandemien.

Foto: colourbox.no

– Eg vil jo seie at det var eit brot på smittevernlova, men også eit brot på fleire av menneskerettane til personar med utviklingshemming.

Det seier postdoktor ved Universitetet i Agder, Ellen Margrete Iveland Ersfjord.

Forskarar ved institutt for helse- og sjukepleiarvitskap og Senter for fedmeforsking på St. Olavs hospital, har utført ein studie om tiltak ifølge av pandemien der fem bufellesskap i Midt-Noreg blei undersøkt.

– Dei gruppene som var sårbare blei ekstra hardt ramma. Både ifølgje av pandemien i seg sjølv, men også av dei tiltaka som blei sett i verk. Og særleg utsett var personar med utviklingshemming.

Forskarane har intervjua leiarar og tilsette ved dei fem bufellesskapa.

I fire av dei fem bustadene blei bebuarane isolerte. Enten blei dei isolert i leilegheitene sine eller så blei ytterdør låst.

Dette blei gjort for å unngå at bebuarane skulle bli smitta av korona, men dette var ikkje i tråd med smittevernreglane.

Bustad nummer fem var den einaste som følgde smittevernreglane, legg Ersfjord til.

Det er ukjent kva for omsorgsbustadar det er snakk om på grunn av teieplikta i undersøkinga.

Les også Barn med sterke smerter får for lite hjelp, viser forsking

Nesespray med smertestillende for barn

Informasjon kom ikkje fram

Då landet stengde ned i mars 2020 blei livet på omsorgsbustad snudd på hovudet.

Men i april same år kom Helsedirektoratet med ei pressemelding om at kommunar ikkje kunne innføre besøksforbod eller avgrensing i private heimar som personar med utviklingshemming leiger i bufellesskap.

Men likevel skjedde nettopp dette.

– Denne informasjon forsvann kanskje, sjølv om det blei publisert i Dagsavisen til dømes, seier Iveland Ersfjord.

Hege Mari Johnsen til venstre og Ellen Margrete Iveland Ersfjord til høyre

Postdoktor Ellen Margrete Iveland Ersfjord (til høgre) og førsteamanuens Hege Mari Johnsen har funnet ut at bebuarane var stengd inne fram til dei tilsette blei vaksinert.

Foto: Universitetet i Agder

Men funna i studien er ikkje unike for dei fem bustadane.

Dette blei gjort i utstrekt grad i Noreg.

Iveland Ersfjord viser til rapportar frå Helsedirektoratet og Bufdir.

Om lag 70 prosent som bur i bemanna har svara at dei i liten grad kunne ta i mot besøk. Over halvparten har oppgitt at dei i liten grad kunne kontakte folk utanfor bustaden som stod deg nær.

– Eg tek på det største alvoret at tenestene blei utfordra på kvalitet og tryggleik for denne brukargruppa.

Det seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ellen Moen Rønning-Arnesen.

Ikkje lov å bruke tvang

Fylkeslege i Trøndelag, Jan Vaage, seier det ikkje er lov å bruke tvang utan vedtak frå Statsforvaltar.

Jan Vaage

Fylkeslege i Trøndelag, Jan Vaage.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

Det er klare avgrensingar i mogelegheita til å utøve tvang ovanfor personar med utviklingshemming.

Vaage seier at smitteverntiltak må stå i forhold til risiko og at bruk at tvang må ha heimel i lova.

Manglande pandemiberedskap i bufellesskap er eit læringspunkt etter covid-19 som både kommunen og staten må følgje opp.

Men konklusjonen frå forskarane klar: Bebuarane blei utsett for menneskerettsbrot.

Les også Emilie (26) lever med intens kløe. Nå er forskere nærmere et svar på hvorfor

Emilie Bergmann klør seg på albuen, hvor hun har et utbrudd av psoriasis. Hun står foran en blå vegg og har på seg en rød t-skjorte.

Brot på menneskerettane

I studien har forskarane funne fleire brot på menneskerettane.

Ved eit av bufellesskapa fortalde dei tilsette at dei til slutt gav etter, sjølv om dei visste at nedstenginga var eit brot på menneskerettane.

– Det kjendest ikkje bra, å stenge dei ute sånn som me gjorde, seier ein tilsett til forskarane.

Fellesområda blei stengde og bebuarane fekk ikkje ta imot besøk.

– Dei (bebuarar og pårørande) sto i vindauge og vinka til kvarandre. Men så vente me oss jo til det også, seier personen vidare.

Iveland Ersfjord viser til formålsartikkel 1 i menneskerettane for personar med utviklingshemming.

– Retten til eit sjølvstendig liv og til å vere ein del av samfunnet. Og det var jo noko veldig mange mista.

Og etterverknadane ser dei framleis.

– Nokre tilsette sa i april 2022 at dei framleis sleit med etterverknadar hos sine bebuarar.

– Dei vil jo det beste for bebuarane sine, men dei sa jo også at for mange bebuarar har dette vore ein sterk psykisk påkjenning.

Les også Meklingsmøte om Fosensaken ferdig, verken brudd eller avtale

Riksmekler Fosen

Sårbar gruppe

Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet peikar på at menneske med utviklingshemming er ei spesielt sårbar gruppe.

– For mange var det ei veldig sterk psykisk påkjenning med inngripande tiltak med nedstenging, avgrensande tiltak og isolering.

Ho meiner at det no er viktig å få på plass fleire studiar om forhold i helse- og omsorgstenesta under pandemien.

Funna i denne studien er svært alvorlege og viser at både brukarar og tilsette stod i svært krevjande situasjonar i denne perioden.

– Samtidig viser studien at fagfolk mange stader gjorde vurderingar etter lokale forhold, etter beste evne.

Rønning-Arnesen fortel at departementet la fram ei melding om helseberedskap sist veke. Her peiker dei på korleis ein skal jobbe betre med sårbare grupper når kriser oppstår.