Her varslar meteorologane snø og minusgrader i morgon

No kjem vinteren i Trøndelag, Møre og Romsdal, og nordlege delar av Vestland.

Nå kommer kuldebølgen!

SNØEN KJEM: Det er fare for snø fleire stadar i landet på torsdag.

Foto: Meteorologisk instiutt

Fleire stader i Sør-Noreg vil det snø i helga, og denne gongen vert den liggjande. For no kjem det ei kuldebølgje, fortel meteorolog Jon Austerheim.

– Det har allereie vorte vinterleg og kaldt i store delar av Nord-Noreg. No står Sør-Noreg for tur i løpet av dei næraste dagane, seier han.

Snø og stabile minusgrader har allereie kome nord for Trøndelag, mellom anna i Bodø, der byens stoltheit får selskap av sju minusgrader i møte med CSKA Sofia på Aspmyra i morgon.

I Trøndelag og resten av Sør-Noreg har derimot snøen stort sett regna vekk så langt i haust.

Når NRK spør meteorologen svarer han verken «Winter is coming» som Ned Stark i Game of Thrones, eller «no kjem den kalde fine tida» som Jokke, men:

– Det er kaldare luft som rykkjer sørover no.

Det gjer at regn vert bytta ut med snøbyer i alle fall nord for Stad, og enkelte stader lenger sør i landet òg etter kvart, fortel Austerheim.

Han fortel at snøen og vil bli liggande fleire stader på grunn av minusgradene som er venta.

Glimt - Kaldt

Onsdag morgon har kulden lagt seg over Aspmyra. Torsdag blir det endå kaldare.

Foto: Ola Helness / NRK

Farevarsel i fleire fylke

Torsdag ventar meteorologane snøbyer med fem til 20 centimeter snø i låglandet i Møre og Romsdal.

I Trøndelag sør for Namsos og Sunnfjord og Nordfjord ventar meteorologane mellom fem og 15 centimeter snø i låglandet. I høgareliggande strøk ventar dei endå meir snø.

Det er derfor sendt ut gult farevarsel for snø i desse fylka.

Snø på Aust- og Sørlandet? Tja ...

Kjem det snø på Austlandet og Sørlandet til helga? Tja, seier meteorolog Austerheim.

Det som er sikkert er at det blir såpass kaldt fleire stadar, at dersom det kjem nedbør, så kjem den som snø – og den blir liggjande!

Men lågtrykka som nærmar Sør- og Austlandet ser ikkje ut til å vite heilt kor dei skal ta vegen endå.

– Det ser ikkje ut til å bli dei store nedbørsmengdene, men det vil nok bli snø om det kjem nedbør, seier han.

Mildvêr gjev tidlegare skisesong i Trondheim

I det siste har det vore veldig mildt og mykje regn i Trøndelag, men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Det har nemleg vore så bløytt og mildt i Trøndelag i det siste at skiløypene i Granåsen like ved Trondheim faktisk opnar tidlegare enn først tenkt.

Allereie til helga kan ivrige skiløparar spenne på seg skia og suse nedover Granåsen like ved Trondheim.

– Berre vegar rundt i løypene gjer det enkelt å komme fram med lastebilane, så det går raskare, seier Pål Jostein Bjørset, driftsansvarleg i Granåsen idrettspark.

Tysdag regna det svært mykje i Trøndelag. Likevel gjekk det bra med kunstsnøen som no vert lagt i skispora, fortel arbeidsleiar Roar Klette i Trondheim bydrift Granåsen.

Han kan ikkje hugse at det har vore så mykje regn på eit døgn medan dei har køyrt ut snø.

– Eg vart litt stressa av det, men det ser ut til å går bra som alltid, seier Klette med eit smil.

Roar Klette, arbeidsleder, Trondheim bydrift Granåsen,

NØGD: Roar Klette kan smile over at Granåsen truleg vert klar for skiløparane ei veke tidlegare i år trass i ekstremt mykje nedbør siste døgn.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK