Store forsinkelser E6 nordover
Foto: Stein Lorentzen / NRK

Trafikk i Trøndelag

Oppsummert

Har du bilder eller tips? Kontakt oss på 03030 eller trondelag@nrk.no

  • Traktor påkøyrd av bil

    Ein traktor har blitt påkøyrd av ein bil ved Sundsbrua i Rissa. Personen som køyrde traktoren skal ha fått eit kutt i ansiktet.

    Laster Twitter-innhold
  • Vogntog med stopp på E6

    Eit vogntog har stoppa på E6 ved Soknedal, og trafikken blir dirigert. Bremsene på køyretøyet skal ifølgje politiet ha låst seg, og ein mekanikar er på veg for å hjelpe.

    Laster Twitter-innhold
  • Person beheld førarkortet

    Personen som blei påkøyrd på Ranheim i Trondheim blir tatt hand om no. Politiet skriv på Twitter at føraren av bilen beheld førarkortet, men dei opprettar sak.

    Laster Twitter-innhold
  • Fotgjengar blir undersøkt av helse

    Personen som blei påkøyrd av ein bil på Ranheim i Trondheim er ved bevisstheit. Vedkommande skal ha blitt kasta opp på panseret, og frontruta på bilen er knust.

    Laster Twitter-innhold