Hopp til innhold

Uvêr på fjellovergangane: – Det er vinterdekk som gjeld no

Vind og snø gir enkelte stader vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

Rv. 7 ved Dyranyt

Rv. 7 frå Dyranut.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

– I dag og ut på dagen i morgon er det litt ruskevêr rundt om, seier trafikkoperatør Marius Næss ved Vegtrafikksentralen Vest.

Nedbør i form av snø, gir saman med vinden ein del fokksnø i fjellet søndag.

– Særleg på Hardangervidda ser vi at det bles ganske godt inn mot vegbana. Så dei jobbar på der oppe, seier Næss.

  • E134 Haukelifjell: Ope.
  • E16 Filefjell: Ope.
  • Riksveg 7 Hardangervidda: Stengt. Ny vurdering kl. 19 søndag.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Ope.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Opnar ikkje etter nattestenging. Ny vurdering måndag kl. 12.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Ope, men smal vegbane og dårleg sikt nokon stader.
  • Fv. 51 Valdresflye: Stengt.
  • Fv. 2814 Imingfjell: Stengt.
  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Ope.

Status for alle fjellovergangane kan du finne her.

– Viss ein skal over fjellet er det vinterdekk som gjeld no. Så er det å halde seg oppdatert på vegmeldingane på 175.no og å følgje med på vêrvarselet, seier Næss.

Kolonnekøyring Haukelifjell

Det er kolonnekøyring på Haukelifjell.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sognefjellet stengt til måndag

Nord-Europas høgste fjellovergang, fv. 55 Sognefjellet, opna etter vinterstenging 28. april.

Fjellovergangen skal ha nattestenging frå klokka 20 til 08 ei stund framover.

Søndag er likevel fjellovergangen heilt stengt grunna uvêret, og ny vurdering blir gjort måndag kl. 12.

– Der stengde dei som vanleg nattestenging i går. Så vart det vurdert i dag at dei ikkje greier opne det i dag, seier Næss.

Brøyting på Sognefjellet.

Varsla snø

Det var sendt ut gult farevarsel om snøfokk for delar av fjellet i Sør-Noreg laurdag. Varselet gjeld til søndag kl. 10.

– Det skal vere litt vind utover dagen, så ein må gjerne rekne med litt redusert framkomst på enkelte fjellovergangar, sa trafikkoperatør Marianne Hove laurdag.

Ho oppmodar bilistar om å følgje med på 175.no for å få oppdaterte trafikkmeldingar.

Det var varsla snø for delar av Vestlandet i helga.

Den siste helga i april kan bli kvit fleire stader i Noreg.

For Nord-Noreg blir det skiftande vêr, med periodar både med nedbør og sol. Vest om fjella og i Trøndelag er det venta nedbør og litt vind.

– Vinteren har ikkje vinka adjø heilt enno, seier meteorolog Charalampos Sarchosidis.

Les også Kom mai, du skjønne ... kalde

Ørsta, 28. april 2023