Hopp til innhold

Tipsa politiet om drapstiltalte ein månad før kona vart forgifta første gongen

Ein månad før kona vart innlagd på sjukehus, fekk politiet tips om at ektemannen ønska å hjelpe ein ven med å døy. Eit halvt år etter døydde kona av ein overdose morfin.

Politihuset i Trondheim

TIPSET FORSVANN: Politiet fekk tips om tiltalte sine planar om å hjelpe ein annan person med å døy ein månad før fornærma hamna på sjukehus.

Foto: Bent Lindsetmo

I førre veke vart han tiltalt å ha drepe kona (73) i juni og for å ha forsøkt å drepe henne på same måten i februar 2023. Då vart ho innlagd på sjukehus, men overlevde.

Med den kunnskapen politiet hadde då, var det ikkje grunnlag for å etterforske saka vidare.

Les også Tiltalt for giftdrap og forsøk på drap på kona

Drap Ørland stills

Ektemannen sa han ville hjelpe ein ven med å døy

3. januar i fjor, ein månad før fornærma vart innlagd, fekk leiar i stiftinga Erlik/Gatemagasinet Sorgenfri, Erlend Paxal, vete at ein mann hadde kontakta personar tilknytta organisasjonen om hjelp til å skaffe tablettar for å bidra til sjølvmord.

Sorgenfri er eit lågterskeltilbod for menneske som fell utanfor det ordinære arbeidslivet, og som slit med rus, psykisk helse eller fattigdom.

Erlend Paxal , Leiar i stiftinga Erlik/Gatemagasinet Sorgenfri

Leiar i stiftinga Erlik/Gatemagasinet Sorgenfri, Erlend Paxal, synest det er uheldig at tipset han kom med ikkje vart sjekka vidare.

Foto: Thomas Bergvoll Alstad / NRK

Paxal fortel til NRK:

– Mannen fortalde at han hadde ein ven som var alvorleg sjuk og som ønska å døy. Mannen ville hjelpe venen, men trengte å kjøpe stoff.

Vedkomande i Sorgenfrimiljøet som vart kontakta avslo å hjelpe fordi hen ikkje ville ha noko med slikt å gjere, fortel Paxal til NRK.

Det er straffbart å medverke til sjølvmord i Noreg.

Den no tiltalte vart varetektsfengsla 6. juli sikta for drap.

Mannen i slutten av 60-åra nekta først å ha noko med kona sin død å gjere.

Seinare endra han forklaring og fortalde at kona ønska å døy fordi ho var alvorleg sjuk på grunn av Parkinson.

Ho ville at han skulle hjelpe henne, men at ingen andre måtte få vete om at ho ikkje ønska å leve lenger. Heller ikkje barna.

Han fortalde at han kom i kontakt med folk i rusmiljøet i Trondheim som han kjøpte tablettar av. Kona var med til byen, sa no tiltalte.

Les også Drapssikta seier kona var med då han kjøpte gifta ho døydde av

Drap Ørland stills

Tipsa straks politiet-høyrde ingen ting meir

Tips om medverknad til sjølvmord tek vi på det største alvor fordi vi ønskjer å bidra til å redde liv og helse, seier Paxal til NRK.

Derfor ringde han politiet same dagen for å varsle om det han hadde fått vete.

Eg oppgav også mobilnummer og namn på vedkomande, seier Paxal.

Han har ikkje namnet på polititenestepersonen han snakka med.

Samtalen med politiet varte toppen fem minutt, men eg rekna med at tipset var i dei beste hender.

Men verken Paxal eller kollegaen vart kontakta.

Aktor, statsadvokat Unni Sandøy

Statsadvokat Unni Sandøy visste ikkje om at politiet vart tipsa om tiltalte i januar i fjor.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Skjønte at det kunne ha samanheng med giftsaka

Etter kvart vart meir av historia kjend gjennom media.

17. august las Paxal om giftsaka på nettet og skjønte at tiltalte måtte vere same mannen som hadde kontakta Sorgenfri i januar.

Dagen etter ringde Paxal på nytt til politiet og fortalde det han visste.

Seinare på hausten avhøyrde politiet både Paxal og to andre som er tilknytt Sorgenfri.

– Då eg fortalde i avhøyr om tipset eg gav i januar, fekk eg inntrykk av at dette var nytt for politiet, seier Paxal i dag.

– Har du tenkt etterpå kvifor ikkje tipset ditt vart behandla på ein betre måte?

Nei, det har eg ikkje svaret på. Men våre tilsette har ein relativt høg terskel for å tilkalle politiet om ting dei observerer på jobb. Når dei gjer det er det fordi dei meiner det kan stå om liv og helse.

Slik var det også denne gongen. Då er det sjølvsagt viktig at tipset blir følgd opp, svarer Paxal.

Veldig forundra over at det ikkje vart loggført

Politiet har ikkje funne tipset frå Paxal den 3. januar 2023 i systema sine.

– Dersom meldaren har formidla det slik til politiet som han fortel, forundrar det oss veldig at det ikkje er loggført hos oss.

Det seier politistasjonssjef Arve Nordtvedt til NRK.

– Politiet får inn mange meldingar og tips kvar dag. Det vil alltid vere ein viss grad av skjøn hos den som tek imot tipset om det skal undersøkast vidare.

Tipset kom frå Sorgenfrimiljøet. Blir tipsa derifrå vurdert som mindre truverdige?

Nei det har eg ingen grunn til å tru. Det er innhaldet i tipset som er det vesentlege, svarer Nordtvedt.

Arve Nordtvedt, politistasjonssjef i Trondheim. Han har en lys blå politiskjorte på seg. På hodet har han en hvit hatt.

– Ville mest sannsynleg ha starta etterforsking i februar, om tipset hadde blitt loggført. Det seier stasjonssjef Arve Nordtvedt.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Det var sjukehuset som varsla politiet i februar om den fornærma kvinna som var innlagd med mistanke om forgifting.

Dersom tipset hadde vorte loggført i januar, kunne eit registersøk avdekt opplysningane om ektemannen som ville hjelpe ein ven med å døy.

– Då er det mest sannsynleg at vi hadde starta ei etterforsking allereie i februar, seier Nordtvedt.

Politiet skal no gå gjennom rutinane for korleis tips skal handterast slik at vesentleg informasjon ikkje går tapt.

Giftblanding funne i kroppen til avdøde

Ektefellen til tiltalte kom etter kvart heim igjen frå sjukehuset.

29. juni døydde kvinna.

Obduksjonen viste at ho hadde dødelege mengder av morfin, alprazolam og klonazepam. Ifølgje tiltalen fekk fornærma i seg stoffa gjennom mat eller drikke.

Det er funne pulveriserte restar av morfin i heimen til tiltalte og avdøde.

Tiltalte nektar straffskuld for drap og drapsforsøk, eller for å ha hjelpt henne med å ta livet av seg.

Han veit ikkje korleis kona fekk stoffet i seg, ifølgje forsvarer Kristina Jørgensen.

Rettssaka startar i Trøndelag tingrett 11. mars. Det er sett av to veker i retten.