Hopp til innhold

Dette bør du vite om angre­piller

Den er frykta for å vere ei hormon­bombe og skape infertilitet, men kva er eigentleg sant om angrepilla?

Har du gløymt du å ta p-pilla eller kanskje hoppa av i svingen? Er det ein mogelegheit for at du kan bli uønskt gravid?

Talet på sal av nødprevensjon, også kjent som angrepiller, har variert dei siste åra. Frå 2015 gjekk salet kraftig ned, men dei siste åra har det stige igjen.

Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, FHI

Samtidig stig aborttala og det er stadig fleire som droppar prevensjon.

Vi har snakka med gynekologspesialist og kurshaldar i Sex og Samfunn, Siri Kløkstad, om kva som er sant og usant om angrepiller. For om du gjer eit søk i Google, kjem det opp mange spørsmål kring konsekvensane av å bruke dei.

Visste du at dersom du tar angrepilla samtidig som du har eggløysing så fungerer den ikkje?

Gynekolog Siri Kløkstad smiler mot kamera. Hun har på seg en blålilla legeskjorte hvor det står Sex og samfunn i hvit skrift.

Siri Kløkstad er lege og spesialist i kvinnesjukdommar og fødselshjelp.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Angrepiller kan gjere deg infertil

USANT PNG

Det er ikkje nokon samanheng mellom bruk av nødprevensjon og framtidig fertilitet.

Du kan ta pilla opp til fem dagar etter samleie

SANT PNG

Avhengig av kva for ein type du brukar kan dei ha effekt opp til 3 eller 5 dagar etter samleie. Men dei har betre effekt jo kortare tid etter samleiet dei takast.

Kalender PNG

Ei angrepille er det same som abort

USANT PNG

Medikamentell nødprevensjon utset eggløysing slik at ein graviditet aldri oppstår.

Det er farleg å ta for mange angrepiller

Delvis sant png

Det finst to typar nødprevensjon. Den eine varianten som inneheld Levonorgestrel (Norlevo) kan ein ta så mange gongar etter kvarandre som ein vil. Den andre typen som inneheld ulipristalacetat (EllaOne) skal berre brukast maks to gongar per syklus.

Angrepiller

Du kan få alvorlege biverknadar

USANT PNG

Begge typane er rekna for å vere trygge, men EllaOne skal ikkje brukast av personar med alvorleg leversvikt.

Den beskyttar like bra som anna prevensjon

USANT PNG

Nødprevensjon beskyttar ikkje like bra mot graviditet som anna prevensjon, men dei kan redusere risikoen for å bli gravid dersom dei takast på riktig tidspunkt.

spiral, kondom og p-piller

Angrepiller fungerer ikkje om du har eggløysing når du tar den

SANT PNG

Medikamentell nødprevensjon må takast litt før eggløysing finn stad, viss ikkje verkar den ikkje.

Ein kan ta angrepiller og p-piller samtidig

Delvis sant png

Den typen nødprevensjon som inneheld levonorgestrel (Norlevo), kan takast samtidig som anna prevensjon dersom ein har gløymt p-pillene sine. Nødprevensjon med ulipristalacetat (EllaOne) skal ikkje brukast samtidig med anna hormonell prevensjon.

P-piller og angrepiller PNG av Kristine Sandnes

Dersom ein bruker ein anna hormonell prevensjon anbefaler Kløkstad å snakke med lege/helsesjukepleiar/jordmor før ein vel nødprevensjon.

Likevel fastslår ho at det er koparspiral som er den sikraste forma for nødprevensjon.

Den kan brukast opp til fem dagar etter samleie, og forhindrar nesten alle graviditetar, legg ho til.