Hopp til innhold

Rysta over dårleg smittevern: – Folk kjem heim frå raudt land og dreg rett på jobb

Smittevernkontoret i Trondheim opplever at mange er lei av koronatiltak og gir blaffen i smittevernet. – Forferdeleg egoistisk, synest helse- og velferdsdirektøren i kommunen.

Trondheim by Nidarosdomen

TRONDHEIM: Kommunen opplever folk har blitt meir slepphendte med smittevernet i byen.

Foto: NRK

– Enkelte personar lèt vere å informere om at dei har vore i raudt land og går rett på jobb og får påvist korona, fortel helse- og velferdsdirektør i Trondheim kommune Helge Garåsen.

Han har fleire døme på at folk har vorte meir slepphendte og ikkje tek smittevernet like alvorleg lengre.

– Enkelte vel òg å ha normal aktivitet, fordi dei har så milde symptom at dei ikkje opplever seg sjølv som sjuke, seier Garåsen.

Helse- og velferdsdirektør i Trondheim kommune Helge Garåsen.

TA ANSVAR: Helse- og velferdsdirektøren i Trondheim kommune; Helge Garåsen, ber innbyggjarane i byen ta ansvar.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Smittsamt virus

Førre veke måtte utestadene Lille London og Barmuda på Solsiden i Trondheim stenge dørene etter at det blei påvist koronasmitte. Etter smitten på Lille London måtte over tusen personar i karantene.

Smittesporarane har ein vanskeleg jobb då besøkande ved fleire serveringsstader i byen registrerer seg med hundenamn og falske telefonnummer.

Tysdag blei det kjent at sju nye servingssteder i Trondheim er ramma etter at ein koronasmitta har besøkt stadene.

Det blir no jobba med å avklare smitterisikoen til andre som har vore på desse plassane og dei tilsette.

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, seier det er krevjande for kommunen at fleire av dei som er på byen i helgane, er innom mange stader i løpet av kvelden.

– Eg merkar at aktsemda med å halde avstand på ein meter, sprite seg og følgje med, er sløvare enn tidlegare, seier Wolden.

– Forferdeleg egoistisk

Helse- og velferdsdirektøren er klar på kva han synest om at folk gir meir blaffen i smittevernet og droppar karantene.

– Det er forferdeleg egoistisk. Ein ting er å bli sjuk sjølv, men dei kan smitte sårbare grupper som det kan få store konsekvensar for, seier Helge Garåsen.

Ifølgje han er det godt smittevern og sporing som avdekkjer smitte.

– Vi har folk som ikkje gir seg før dei finn ut kvar smitten kjem frå.

Han legg til at det fortløpande blir vurdert om personar skal meldast eller ikkje for brot på smittevernet.

Ane Bjøru Fjeldsæter er kommunepsykolog i Trondheim.

LITEN EFFEKT: Kommunepsykolog i Trondheim Ane Bjøru Fjeldsæter meiner det har liten effekt å kjefte på folk som ikkje følgjer smittevernet.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

Sløvleik skaper sinne

At folk har vorte meir sløve med koronareglane, fører òg til meir sinne i befolkninga.

Det fortel kommunepsykolog i Trondheim, Ane Bjøru Fjeldsæter, som skjønner at ein kan kjenne på sinne når folk ikkje er flinke i ei vanskeleg tid.

– Eg trur det kan vere herleg å vere sint, men det er ikkje konstruktivt.

Ho meiner det er viktig å fokusere på det som går bra. Samtidig meiner ho at det å kjefte på andre folk, gir liten effekt.

– Viss eg til dømes synest at kjeften er ufortent, kan det hendet at eg tek meg saman der og då. Men viss eg skal bli ein betre samfunnsborgar, treng eg ikkje kjeft. Då treng eg inspirasjon.

– Ta ansvar!

Om du har vore i eit raudt land skal du i karantene. I tillegg rådar helse- og velferdsdirektøren deg til å passe på å halde avstand og teste deg kjappt om du har symptom.

– Kvart individ må ta ansvar no. Det er det einaste som hjelper mot blomstring av sjukdommen, avsluttar Helge Garåsen.