Utelivsbransjen tar grep: «Dougie» stenger dørene ved midnatt

Smitten har auka drastisk i Trondheim den siste veka. Ein pubeigar meiner det er vanskeleg å ha kontroll, og stenger derfor kranene tidlegare enn han må.

Adrian "Dougie" Douglas

STENGER TIDLEG: Adrian «Dougie» Douglas vel å stenge «Three Lions English Pub» ved midnatt, sjølv om myndigheitene har opna for å ha ope lenger.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det er ikkje verdt risikoen. Det var ei enkel avgjerd å ta, seier Adrian «Dougie» Douglas.

Han er eigar av «Three Lions English Pub» i Trondheim sentrum. Puben er populær blant ivrige fotballfans som samlast for å sjå engelsk fotball.

Mange blei kanskje glade då den nasjonale skjenkestoppen ved midnatt nyleg blei oppheva. Engelskmannen i Trondheim vel likevel å stenge dørene ved midnatt.

– Folk går frå pub til pub, og dei har kanskje med seg koronasmitte. Dessutan veit alle at det er vanskelegare å kontrollere korleis folk oppfører seg etter midnatt.

– Viruset spreier seg lett når folk er fulle. Eg vil ikkje at dørvakta og dei tilsette på puben skal måtte ta støyten av det, legg han til.

Avisa Nidaros omtalte Douglas si avgjerd først.

– Vanskeleg å kontrollere etter midnatt

Utestadane Lille London og Barmuda i Trondheim stengde etter at det blei oppdaga smitte der i førre veke.

«This is not a blame game», seier den britiske pubeigaren, som er tydeleg på at alle må ta ansvar.

52-åringen synest det er rart at myndigheitene no har opna for å ha ope etter midnatt.

– Eg stenger ved midnatt fordi eg veit korleis dette fungerer. Folk i utelivsbransjen bør få lov til å vere med på å bestemme reglane. Myndigheitene bør lytte til oss som er i bransjen, og har vore der i årevis, fastslår han.

Han har livnært seg på å drive pub både i England, Spania og Noreg. På puben i Trondheim har han jobba sidan 2005, men briten har vore i bransjen sidan han var 18 år.

– Mange trur vi tek denne jobben berre fordi vi ikkje kan få ein anna. «Absolute rubbish!» Vi er profesjonelle. Det er grunnen til at vi oppnår suksess i vårt miljø, fastslår han.

Three Lions English Pub

THREE LIONS: Ved denne puben i Trondheim stenger dei kranene klokka tolv.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Kommunen har stramma inn rutinane

52-åringen er oppvaksen i Peterborough i England, men dei siste 20 åra har han budd på Melhus i Trøndelag.

– Nordmenn er heldige. Eg har sett mykje kritikkverdig heime i England. Det er mange som ikkje tar pandemien på alvor, hevdar han.

Fredag skjerpa Trondheim kommune rutinane. No skal alle utestadane registrere gjestene sine med minst eit namn per bord. Men ikkje alle registrerer seg med riktig namn og telefonnummer.

– Vi har eit manuelt system der vi faktisk kan sjå folk skrive namnet og telefonnummeret sitt. Det er meir stress og meir arbeid, men kanskje det fungerer betre, seier Douglas og held fram:

– Vi tek eigne val i forsøket på å knuse dette forferdelege, usynlege viruset.

– Folk må skjerpe seg

Johanne Fredriksen (29) jobbar på Trondhjem mikrobryggeri. Ho reagerer kraftig på at utelivsgjester registrerer seg med falskt namn og nummer.

Johanne Fredriksen

FORTVILAR: Johanne Fredriksen frå Trondheim går hardt ut mot gjester som registrerer seg med feil namn og nummer på utestadane.

Foto: Privat

– Folk som gjer slike ting må skjerpe seg. Eg synest det er veldig dårleg gjort at folk ikkje tek det på alvor, med tanke på den smitteauken vi har i Trondheim no.

Men dei har ikkje hatt store problem på hennar arbeidsplass.

– Dersom vi påpeikar at nokon bryt smittevernreglane, er folk veldig kjappe med å beklage, fortel ho.

Fredriksen forstår godt at enkelte no vel å stenge tidlegare.

– Eg har vore i bransjen i ti år. Vi har aldri hatt ein situasjon der vi må passe på at folk ikkje gir kvarandre ein klem. Det er spesielt.

– Utfordringa er dei som oppsøker utestadane

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, er tydeleg på at utelivsbransjen har gjort det dei kan for å følgje smittevernreglane.

Morten Wolden, kommunedirektør, Trondheim

KOMMUNEDIREKTØR: Morten Wolden.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det er viktig å presisere at vi ikkje har noko grunnlag for å seie at utelivsbransjen i Trondheim har opptredd i strid med smittevernreglane. Tvert i mot har vi i mange månadar følgt bransjen tett, og det har vore svært få avvik, hevdar han.

Fredag bad han folk om å droppe festar og nachspiel i privat regi. Han meiner det er tryggare å oppsøke ein stad som har rutinar for smittevern.

– Utfordringa er ikkje bransjen sjølv, men dei som oppsøker utestadane. Eg er rysta over dei opplysningane vi har fått om at enkelte tullar med registreringa. Smittesporarane får ein utruleg vanskeleg jobb, fastslår han.

Status Norge

Sist oppdatert: 28.11.2020
2 841
Siste uke
118
Innlagt
328
Døde