Hopp til innhold

Reineigar tapte i lagmannsretten – må sone i fengsel etter bjørnedrap

Tingretten gav han ein dom på vilkår. No har lagmannsretten skjerpa straffa til fengsel.

Reinkalv tatt av bjørn

Reinkalv tatt av bjørn på staden.

Foto: Politiet

Reineigaren som skaut tre bjørnar i Lierne i mai i fjor, må likevel sone i fengsel.

I Trøndelag tingrett ville aktor at tiltalte skulle dømast til eit års fengsel. Tingretten landa på vilkårsbunde fengsel i åtte månader med ei prøvetid på to år.

Les også Slepp å sone i fengsel etter å ha skote tre bjørnar

Tre bjørner ble skutt i Lierne i mai 2022

Meinte han skaut i naudverje

Dei tre bjørnane vart skotne i eit område der minst 14 reinsdyrkalvar vart funne døde av Statens naturoppsyn i løpet av få dagar.

Tiltalte fann fleire døde kalvar då han skulle sjå til reinflokken i området.

Tre bjørner ble skutt i Lierne i Trøndelag på søndag.

Reineigaren må sone i fengsel etter å ha skote tre bjørnar.

Foto: Trøndelag politidistrikt

Han såg bjørnane ligge og ete på reinskrottar og meinte bjørnane kom til å angripe flokken igjen om kort tid.

Han skaut dyra på om lag 30 meters avstand, men forklarte i retten at det var naudverje.

Få dagar før hadde tiltalte fått avslag på søknaden om å få skadefelle dyra.

Bjørnen er totalfreda. Det er berre tillate å skyte bjørn når det er snakk om eit pågåande eller umiddelbart åtak mot til dømes tamrein eller sau.

(...) kan avlive vilt når det må anses påkrevd på grunn av et pågående eller umiddelbart forestående angrep (...)

Naturmangfaldlova paragraf 17

Aktor, politiadvokat Amund Sand, gjentok i ankesaka påstand om eit års fengsel for tiltalte (50).

Sand sa at tingretten hadde brukt lova rett. Men at straffa på åtte månader i fengsel på vilkår er for mild for alvorleg miljøkriminalitet.

Til liks med tingretten meiner fleirtalet i Frostating lagmannsrett at det ikkje var snakk om naudverje.

Usemje blant lagdomarane

Fleirtalet viser til at det hadde gått ein times tid etter åtaket på reinkalvane då tiltalte skaut bjørnane:

Flertallet kan heller ikke se at angrep var umiddelbart forestående da bjørnene ble skutt. Bjørnene lå som nevnt og hvilte, flere hundre meter fra reinflokken. Man kan da vanskelig si at et angrep var «umiddelbart forestående», eller «i ferd med» å skje.

Frostating lagmannsrett

Ein av dei tre lagdomarane meinte det var snakk om eit pågåande åtak på reinflokken sjølv om bjørnane låg og åt då tiltalte skaut dei.

Han burde derfor frifinnast, meinte mindretalet.

Relativt nøye planlagt

Tre bjørner ble skutt i Lierne i mai 2022

Biletet er tatt etter at dyra vart frakta ned frå fjellsida der dei vart skotne av tiltalte.

Foto: Politiet

«Avlivingen var heller ingen impulshandling, men relativt nøye planlagt.», står det i domen frå lagmannsretten.

Tiltalte bestemte seg for å avlive bjørnane minst tre kvarter før det skjedde.

Ein kollega på post rettleia tiltalte i retning av bjørnane.

To av dei tre dyra var binner. Terskelen for å felle binner med ungar skal vere høg.

Alt dette er skjerpande omstende, meiner retten.

På den andre sida har tiltalte i stor grad vore med på å opplyse saka.

Avlivinga skjedde for å verne om reinkalvane. Tiltalte hadde i dagane før freista å halde bjørnane unna staden der kalvinga gjekk føre seg.

Dette er formildande, og lagmannsretten sette straffa til seks månader i fengsel.

Forsvarer Brynjar Meling opplyser til NRK at domen kjem til å bli anka til Høgsterett.