Hopp til innhold

Slepp å sone i fengsel etter å ha skote tre bjørnar

Reineigaren meiner han skaut tre bjørnar i naudverje. Han fekk ikkje medhald i retten. No ankar han domen til lagmannsretten.

Tre bjørner ble skutt i Lierne i mai 2022

SKOTNE: Biletet er tatt etter at dyra vart frakta ned frå fjellsida der dei vart skotne av tiltalte.

Foto: Politiet

Tiltalte er i staden dømt til åtte månadar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Aktor la ned påstand om eitt års fengsel utan vilkår då rettssaka vart avslutta i Trøndelag tingrett for to veker sidan.

Fleire reinsdyrkalvar funne døde før hendinga

Dei tre bjørnane vart skotne i eit område i Lierne der fleire reinsdyrkalvar allereie hadde vorte drepne av bjørn. Det opplyste politiet like etter hendinga i mai i fjor.

Tiltalte fann fleire døde kalvar då han skulle sjå til reinflokken i området.

Han såg også bjørnane ligge og ete på reinskrottar då han kom til området. Han skaut dyra på omlag 30 meter avstand, opplyste han i retten.

Bjørnen er totalfreda. Det er berre tillate å skyte bjørn når det er snakk om eit pågåande eller umiddelbart åtak mot til dømes tamrein eller sau.

Reinkalv tatt av bjørn

Ein av dei daude kalvane som bjørnen låg og åt på. Det var då tiltalte bestemte seg for å oppsøke bjørnane og skyte dei.

Foto: Politiet

Tiltalte (60) meinte det var tilfelle. Han hadde også fått munnleg avslag på skadefelling frå Miljødirektoratet to dagar før.

Bjørnane vart skotne i eit forvaltningsområde for bjørn der det er lagt til rette for at dyra kan yngle.

Tiltalte melde sjølv frå til politiet om det han hadde gjort.

Les også Etterforskninga av «lefse-bjørnen» bortlagt

Bjørn skutt i Snåsa

Formildande omstende meiner retten

Fleirtalet i retten meiner risikoen for skade på reindrifta ikkje var langt større enn for bjørnestamma. Men at det var formildande omstende som gjer at straffa skal bli lågare.

I domen står det:

«Etter rettens syn må den vanskelege situasjonen som (tiltalte, red, anm.) var i på handlingstidspunktet tillegges vekt i formildende retning. Han observerte at binna og ungene herjet i reinflokken og blant kalver som ikke hadde noen mulighet til å komme seg bort.»

Brynjar Meling

Brynjar Meling seier berre frifinning er godt nok og tiltalte har bestemt seg for å anke domen. Biletet er tatt ved eit tidlegare høve.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

Ein av meddomarane meinte det var snakk om naudrett og ville frifinne tiltalte ifølgje domen:

«Hele situasjonen var av en slik karakter at det foreligger «særlige grunner» som tilsier frifinnelse. Det vises til tiltaltes iherdige forsøk på å jage bort bjørnene, binna og ungenes gjentatte herjinger i reinflokken, den korte tid til de igjen ville jakte og drepe rein og de øvrige forhold som er beskrevet i det ovennevnte.»

–Berre full frifinning kan godtakast

Forsvarer Brynjar Meling har diskutert domen med tiltalte måndag kveld. Dei har bestemt seg for å anke til lagmannsretten.

–Berre full frifinning kan godtakast. Det er ei prinispielt viktig sak. Rettane til urfolk og dyrevelferda til reinsdyrflokken må gå framfor naturmangfaldet, seier Meling til NRK.

Aktor, politiadvokat Amund Sand, er tilfreds med at retten meiner det ikkje var snakk om naudverje.

Om straffa skal ankast, er det statsadvokaten som avgjer etter tilråding frå Sand. Han har enno ikkje bestemt seg for kva han vil gjere.

Amund Sand i Trøndelag politidistrikt.

Politiadvokat Amund Sand er tilfreds med at fleirtalet i retten er samd med han i at det ikkje var naudverje.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Les også Tre bjørner skutt – mann hevder han skjøt i nødverge

Tre bjørner ble skutt i Lierne i Trøndelag på søndag.

Dyrevernorganisasjonen NOAH er vonbrotne over det dei meiner er ei låg straff.

Her har personen gjort seg skuldig i grov faunakriminalitet ved å uretteleg ta livet av tre freda bjørnar, og slepp unna med nærast berre ei åtvaring.

Av ålmennpreventive omsyn er det viktig at norske domstolar straffar faunakriminalitet strengt, seier leiar i NOAH Siri Martinsen til NRK.

Oppdatert kl. 2200 den 6. mars med kommentarar frå forsvarer og NOAH.