Hopp til innhold

Vil stramme inn hyttebygginga

Regjeringa vil blant anna at det skal bli vanskelegare å bygge heilt nye hyttefelt.

Hyttebygging

KAN BLI VANSKELEGARE: Det kan bli vanskelegare å bygge ut nye hyttefelt. Regjeringa vil heller at dei felta som allereie finst skal bli fortetta.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa foreslår å stramme inn fleire punkt i retningslinjene knytt til hytteutbygging i norske kommunar.

Dei nye retningslinjene gjeld all planlegging etter plan- og bygningslova. For kommunane betyr det at dei må ta omsyn til klima og energi i alle planane sine.

Blant anna meiner regjeringa at bygging av hytter bør skje ved å fortette hytteområde, framfor å bygge ut nye hytteområde.

Om ein skal bygge ut eit allereie eksisterande område eller bygge heilt nytt, bør det ikkje byggast på myr eller i og over skoggrensa.

Forslaget skal ut på høyring.

Vil ta meir omsyn til forskjellane på bygd og by

Dei nye statlege planretningslinjene for klima og energi skal erstatte dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing

– Omsynet til at kommunane er forskjellige, og at dei difor må kunne planlegge ut frå lokale føresetnader, har vore sentralt i fornyinga.

Det seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Les også Vil begrense hyttebygging i Norges største hyttekommuner

Det nyeste hyttefeltet i Oppdal.

– Forslaget til nye retningslinjer gjev meir fridom til distriktskommunar for å sikre at dei kan utvikle seg utan at dei møter stramme retningslinjer som er tilpassa pressområda.

Dei skal og bidra både til å nå berekraftsmåla og målet om auka folketal i distrikta, og bidra til å utvikle attraktive byar og tettstadar, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Hytter på Beitostølen med fjellet Bitihorn bak

Hytter på Beitostølen med fjellet Bitihorn bak.

Foto: Frode Meskau / NRK

Hytteforbundet: – Behov for ei innskjerping.

Trond Hagen er styreleiar i Norges Hytteforbund. Han er for hyttebygging, men meiner det er behov for ei innskjerping.

– Kommunane må stikke fingeren i jorda og finne ut kva det er plass til og eventuelt etablere ei grense kor det ikkje skal byggast, fordi det går ut over fritidsområde for både innbyggarar og eksisterande hytteeigarar.

Han seier det er plass til mange hytter i Noreg, men ikkje kor som helst og peikar særleg på at det er mange utryddingstrua arter i fjellområda.

Trond G. Hagen

Trond Hagen er styreleiar i Norges Hytteforbund.

Foto: Dag Kessel / NRK

Samtidig stiller han seg undrande til korleis ein skal fortette allereie etablerte hytteområde.

– Kva er det dei skal fortetta? Tomtene kan dei ikkje få gjort noko med, fordi dei allereie er kjøpt og betalt. Det einaste dei eventuelt kan ta av er friarealet mellom hyttene, og dei er allereie kjøpt.

– Vann og avløpskapasitet er bygd spesifikt for område og det er ikkje alltid at det er plass til fleire hytter på den røyrleidninga. Vi har sett desse problema på Susjøen og fleire andre hytteområde kor det begynner å bli knapt med ressursar.

Kritisk til forslaget

Lars Haltbrekken (SV) er kritisk til regjeringas formulering av forslaget. i statsbudsjettet for 2023 vedtok Stortinget at regjeringa skal legge fram et forslag om forbod mot nedbygging av myr.

– Når regjeringa no seier at det ikkje bør byggast på myr er det eit brot på det vedtaket. Det regjeringa må forslå er at det ikkje skal byggast på myr. Det held ikkje med ei mild oppmoding om man ikkje skal gjere det, seier han.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk venstreparti

Lars Haltbrekken er politikar for Sosialistisk Venstreparti.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han seier regjeringa må skjerpe forslaga sine.

– Her skal det nemleg komme eit forbod. Det er under arbeid. Miljødirektoratet har kome med eit forslag til lov, som foreløpig ligg hos Klima- og miljødepartementet og skal ut på høyring. Vi forventar at det forbodet kjem raskt på plass, seier Haltbrekken.

Collage med byggefelt

Her er Norges største natur­inngrep

Haltbrekken er ikkje åleine om å vera skeptisk til det nye forslaget.

– Dette kan sjå ut som fantastiske nyheiter, men eg er redd det fort er same gamle politikken i ny innpakning. Det bekymrar meg at regjeringa frå start fokuserer på unntaka, og at distriktskommunar skal skjermast frå å ta omsyn til klima og natur.

Det seier Une Bastholm. (MDG).

Ho peikar mellom anna på at mykje av landsarealet i Noreg er distriktskommunar, og at det er i distrikta det blir regulert for nye store hyttefelt.

– I staden for unntak bør distriktskommunar i Noreg givast betre økonomi, moglegheita til gode tenester og fleire stillingar til å sikra forsvarleg planarbeid.

– Omsynet til klima skal ha høg prioritet

I dei nye retningslinjene foreslår regjeringa ei eksplisitt omtale av korleis kommunane skal ta omsyn til sirkulær økonomi og karbonrike areal. Dette er nytt samanlikna med dagens retningslinjer, skriv dei i pressemeldinga.

– Kommunane har ei svært viktig rolle i arbeidet for å kutte utslepp. Vi ønsker å tydeleggjere kor kommunane har ansvar for å redusere klimagassutslepp, samtidig som vi gjer det klart at staten skal bidra med kunnskap, informasjon og rettleiing.

Det seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

– Det har òg vore viktig for oss korleis kommunane skal ta omsyn til energiomlegging og effektiv og fleksibel energibruk.

Les også Færre hytter vart bygd i fjor: – Toppen er nådd

Hytter på Beitostølen

Kunne vore meir spissa

Ei som har teke til orde for å avgrensa hytteutbygginga er ordførar i hyttekommunen Oppdal, Elisabeth Hals.

Ho tykkjer forslaget er ein god start, men skulle ønske regjeringa hadde tort å vera tydelegare.

– Det verkar som at det er mykje bør-formulering og lite skal-formulering, så her kunne bodskapen vore endå meir spissa etter min smak, seier ho.

Elisabeth Hals (V) er ordfører i Oppdal.

Ordførar i Oppdal kommune, Elisabeth Hals meiner kommunane må få meir hjelp til å ta avgjerder om utbygging.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ei kampsak for ordføraren har vore å få meir statleg støtte når det gjeld avgjerder om utbygging.

– Det er ganske vanskeleg for ein kommunestyrerepresentant å vega klimaomsyn på den eine sida opp mot arbeidsplassar, som det gjerne blir, på den andre sida.

Ho seier det som regel blir arbeidsplassane som vinn den kampen.

– Det lønner seg ikkje for kommunane å seia nei til å byggja ut meir natur – og derfor så treng ein hjelpemiddel som gjer at me kan ta gode avgjerder.

Med det meiner ho at regjeringa må vera meir tydeleg på kvar det er greitt å byggja og kvar skal ein halda seg unna.

Vil løfte klimaarbeidet i kommunane

Regjeringa foreslår også nye retningslinjer for korleis kommunar, fylkeskommunar og staten skal jobbe med klima og energi.

Kommunane skal sjølv sette seg mål og utarbeide tiltaksplanar tilpassa sine lokale forhold.

– Dei statlege planretningslinjene for klima og energi er over 15 år gamle. Vi har fått mykje kunnskap om både klimaendringar og tiltak for å kutte utslepp sidan den gong.

Det seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

– Difor foreslår vi no å oppdatere retningslinjene i tråd med dagens praksis og kunnskap, seier han.