I fjor vart det ferdigstilt 4662 hytter, ifølgje SSB.
Det er langt færre enn året før. Då vart det sett rekord i talet på nybygde hytter med 6690 nye fritidsbustader.
– Det at vi har ei nedkjøling frå eit sinnssjukt nivå, er bra, seier Truls Gulowsen.
Han er leiar i Naturvernforbundet og meiner at dette er fantastiske nyheiter for norsk natur.
- På 23 år er det ført opp over 100 000 nye hytter i Noreg. Les om kvifor nokre no vil nokre forby nye hyttefelt.



Utbyggingsfelt på Mosetertoppen i Hafjell.
12 nye hytter kvar einaste dag
Samstundes som talet på ferdigstilte hytter gjekk ned, var det også ein stor nedgang i talet på igangsettingsløyve samanlikna med åra før.
– Den kraftige bygginga av hytter og andre fritidsbustader dei siste åra har tatt veldig store og verdifulle naturareal. At det no blir bygd færre er bra, seier Gulowsen.
Trass ein nedgang, synest leiaren i Naturvernforbundet at 4662 nybygde hytter, eller 12 nye hytter kvar einaste dag, er mange.
– Det er klart at 12 nye hytter kvar einaste dag heile året et mykje natur. Så det er framleis eit alt for høgt nivå, seier han.
Truls Gulowsen er leiar i Naturvernforbundet.
Foto: KSENIA NOVIKOVA / NRKTrur toppen er nådd
Dei siste åra har det vore ein eksplosiv byggeaktivitet av fritidsbustader.
I 2020 og 2021 vart vi hardt råka av korona- og reiserestriksjonar. Det skapte nærast ei hytterenessanse.
Men, i 2022 var det slutt på restriksjonane.
Igjen måtte hyttelivet konkurrere med mellom anna utanlandsreiser. Samstundes sette rentene fart og prisane auka.
Sjølv om talet på nybygde hytter og nye hytteprosjekt har gått ned mange stader, gjekk det opp i Vestre Slidre kommune i Innlandet. Her vart det ferdigstilt 127 hytter, samstundes som det vart gjeve 144 igangsettingsløyve i fjor. Biletet er frå hytteområdet Vaset.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKGulowsen peiker på ulike faktorar som kan vere årsaka til at det vart bygd færre nye hytter i fjor.
– Eg skulle ønske årsaka var eit meir bevisst forhold til naturen, men eg trur den viktigaste årsaka er at økonomien har stramma seg inn, seier han.
Meiner du det er plass til fleire nye hytter og hyttefelt i Noreg?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Det er styreleiar i Noregs hytteforbund, Trond G. Hagen, einig i.
– I 2023 auka rentene, kostnadene, kronekursen var låg og det var ikkje straumstøtte på fritidsbustader. Det har nok bidratt til at folk har valt å sitte på gjerdet til ting er blitt føreseielege igjen, seier Hagen.
Trond Hagen er styreleiar i Noregs hytteforbund.
Foto: Dag Kessel / NRKHan trur toppen er nådd.
– Heilt klart, toppen er nådd. Men at folk framleis vil bygge og eige hytte, det trur eg nok. Men ein vil etter kvart bli meir bevisst på kor og kor mykje som kan bli bygd ut, seier Hagen.
- Les også om Ane som ikkje får selt hyttetomtene sine.
Brutalt for næringa
Linn Alicia Slora Kristiansen er seniorrådgjevar i NHO Innlandet. Ho omtalar dei ferske tala frå SSB som dramatiske.
– Det er ein dramatisk nedgang. Hyttesalet er på eit historisk lågt nivå.
– Hyttenæringa er ei veldig stor næring i distriktet. Tradisjonelt sett er det veldig mange hyttekommunar i Innlandet, så det er ei stor og viktig næring, seier ho.
Linn Alicia Slora Kristiansen, seniorrådgjevar NHO Innlandet. Ho seier den låge byggeaktiviteten slår hard ut på hytteprodusentar.
Foto: NHO INNLANDETI NHO si nyaste medlemsundersøking, kjem det fram at 25 prosent av bedriftene opplev marknadssituasjonen som dårleg.
Det er store skilnader frå næring til næring, men byggebransjen er blant dei som melder om dårlegast situasjon no.
Situasjonen for mange er at ordrereserven er tom og fleire må permittere, ifølgje NHO.
– Verksemdene kjenner effekten av svakare lønnsemd og lågare etterspurnad. Det dei treng no gjennom dyrtida er meir føreseielegheit slik at dei kan styrke konkurranseevna, skape arbeidsplassar og verdiar framover, seier ho.
Det er sett av store område til hyttebygging i Noreg. Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner kommunane no bør bruke tid på å gå gjennom arealplanar og gjennomføre planvask no som dei har færre byggesøknader på pulten.
Foto: Terje Pedersen / NTBFor NHO skulle dei gjerne sett at byggeaktiviteten hadde tatt seg opp att, sjølv om ho kan forstå at enkelte har andre interesser.
– Eg trur ikkje vi kan basere oss på ein økonomi som heile tida går på legge under seg store, nye naturareal med bygningar som skal bli brukt i gjennomsnitt 50 dagar i året. Det er definisjonen på dårleg berekraft, seier Gulowsen i Naturvernforbundet.
- Fekk du med deg saka om at folk på bygda har fått nok? Halvparten meiner hyttebygginga må avgrensast.
Må tenke nytt
Klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen (Ap), omtaler hyttebygginga i Noreg som ein bit for bit-nedbygging av naturen over tid.
– Det truar noko av det som er unikt med Noreg, nemleg naturlandskapet vårt.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), seier at det er sett av pengar i statsbudsjettet til kommunar som vil rydde opp i arealplanane sine.
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRKHan meiner at ein no må tenke nytt rundt hytter.
– Vi veit at mange hytter står tomme dei aller fleste dagane i året. Alle må ikkje nødvendigvis eige ein eigen hytte for å kunne ferdast i naturen.
– Utleigehytter og meir tettbygde hyttefelt vil gjere det mogleg for fleire å oppleve naturen, utan at vi treng å øydelegge meir av den, seier han.
Hei!
Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!
SJÅ OGSÅ:
Kvifor har vi øydelagt så mykje av naturen vi elskar? Programleiar Bård Tufte Johansen i «Oppsynsmannen» reiser mellom anna til Filefjell der det er store planar om meir utbygging.