Hopp til innhold

Dette er det siste bildet av Råger Holte i live

Eit overvakingskamera fanga mandag 23. januar i 22-tiden på kvelden opp det siste biletet av Råger Holtet (37). Han var då innom nærbutikken på Ler i Melhus.

Det siste bildet av drapsofferet Råger Holte

Dette er det siste bilete av drapsofferet Råger Holte. Det er frå eit overvakingskamera på Coop Prix Ler måndag 23. januar.

Foto: Overvåkningsbilde / Politiet

Politibetjent Eskild Røen ved Trøndelag politidistrikt vitna i dag om mobildata og overvakingsbilete som er undersøkt etter at Råger Holte vart funnen død på Ler 25. januar i år.

Den drapstiltalte ringde mor si om lag 40 gonger i løpet av eit par timar og la igjen meldingar på mobilsvar. Mora sletta talepostmeldingane og politiet var for seint ute med å sikre seg dei hos teleoperatøren.

Den tiltalte 27-åringen nektar for at han drap kameraten sin.

Ba om pengane

Mobildata frå basestasjonar i Melhus underbyggjer tiltaltets forklaring om at han forlèt avdødes hus på Ler like før klokka 8 tysdag morgon 24. januar.
I 5-tida på morgonen ringde han bestemor si utan å få svar.

I tillegg ringde han i løpet av to timar tysdags morgonen rundt 40 gonger til mor si og la igjen beskjedar på mobilsvar.

Tiltalte sende også SMS og bad henne overføre 300 kroner.

Sletta meldingane

Under etterforskinga kom det fram at mor til tiltalte hadde sletta meldingane i talepostkassa fortløpande, opplyste politibetjent Eskild Røen i Sør-Trøndelag tingrett måndag. Då politiet kontakta teleselskapet 30. januar, hadde det gått meir enn sju dagar. Derfor hadde også selskapet sletta talepostmeldingane, slik lova krev. Tysdag ettermiddag sende mor tekstmelding til sonen om at ho hadde vore utan straum på mobilen sin.

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne vil overfor NRK ikkje spekulere i om mobilsvarmeldingane frå drapstiltalte til mor si kunne ha inneheldt opplysningar som ville ha kasta meir lys over saka.

Mor til tiltalte skal vitne i retten seinare denne veka.

Politibetjent Eskild Røen la også fram mobildata for dei to som tidlegare også var sikta i saka.

Politibetjent Eskild Røen la også fram mobildata for dei to som tidlegare også var sikta i saka. Den eine reiste tilbake til Østerdalen laurdag og mobildata tyder på at vedkomande ikkje reiste til Trøndelag igjen, opplyste Røen.

Skulle reparere mobiltelefonane til avdøde

Den andre, ein 43 år gamal mann busett på Ler, vart sikta for drapet på Råger Holte 3. februar. Alt same dag som Holte vart funnen død, forklarte sikta i avhøyr at han var heime hos Holte 24. januar og ringde på døra.

Men sidan hundane ikkje bjeffa, noko dei pleidde å gjere, ifølgje sikta, gjekk han ut frå at Holte ikkje var heime. 43-åringen skulle også skifte ut dei knuste skjermane på Holtes to mobiltelefonar. Dei to vart funne heime hos 43-åringen. Siste møtet med Holte hadde han to dagar før, det vil seie sundag kveld, då han var sjåfør på ein tur til Buvika.

Då 43-åringen vitna i retten i dag var det mange ting han ikkje hugsa frå dagane rundt drapet fordi det er gått lang tid. Om Holte sa 43-åringen at han hadde ein stor omgangskrets, men at 43-åringen ikkje kjende så mange av dei.

Tiltalte har vitnet berre treft tre-fire gonger hos Råger Holte, som han gjenopptok kontakten med då Holte flytta til Ler i november i fjor.

Både i politiavhøyr og i retten måndag la ikkje vitnet skjul på at han ikkje likar tiltalte.

– Han (tiltalte red.anm.) er ein iskald kar som det skal veldig mykje til for å knekke. Det er eit bilete eg har danna meg, men eg kjenner jo ikkje tiltalte , sa vitnet i retten.

Verken han eller mannen busett i Østerdalen er lenger sikta i saka.

– Veit ikkje om han hadde ein Ulvanggenser

Ei kvinne i 20-åra som delvis budde saman med tiltalte nokre månader i fjor, stadfesta at var mykje øl og annan rus i miljøet. Men ho personleg opplevde aldri noko vald frå tiltalte, sa ho i Sør-Trøndelag tingrett måndag .

Ho såg heller ikkje tiltalte og Holte i nokon slosskamp, men visste at dei slest av og til. Ekskjærasten stadfesta at ho fekk ein Ulvanggenser i julegåve av tiltalte. Den har ho framleis, men veit ikkje om tiltalte også hadde ein lik genser. Men ho hadde sett biletet av tiltalte med ein slik genser i samband med rettssaka.

Aktor meiner tiltalte vaska mellom anna sin eigen Ulvanggenser etter drapet, men at ullgenseren krympa mykje.