38 år gamle Råger Holte vart funnen død i huset sitt på Ler 25. januar. Han låg på golvet og var stukken meir enn 100 gonger med ein bajonett.
Aarset er nemnd opp som sakkunnig av retten. Skadane på Holte indikerer at han tidleg fekk lungene punktert og dermed mista pusten. Nokre få stikk var altså nok til at han døydde. Resten vart påført han etter døden, meiner Aarset.
Dødstidspunktet usikkert
Når Holte døydde er derimot usikkert mellom anna fordi han ikkje vart funnen før minst eitt døgn etter at tiltalte forlèt huset. Patologen meiner Holte kan ha døydd "ein eller to dagar tidlegare".
Det vart tatt prøve av augevæska til avdøde for om mogeleg finne ut meir nøyaktig når han døydde. Prøva vart analysert ved Oslo Universitetssykehus (OUS).
Arne-Stray Pedersen, førsteamanuensis og overlege ved Oslo Universitetssykehus (OUS) er nemnd opp som sakkunnig for retten. Stray-Pedersen stadfesta i tingretten torsdag at prøvene tyder på at Holte døydde ein gong mellom tidleg på morgonen same dag han vart funnen og eit til to døgn tidlegare.
Holte var sist sett i live klokka 2218 måndag kveld på ein butikk på Ler. Tiltalte har forklart at dei to deretter var i lag heime i huset til avdøde til tysdag morgon.
Ikkje DNA frå andre enn avdøde og tiltalte
Totalt sende politiet i Trondheim 166 prøver til analyse ved avdeling for rettsgenetikk ved Oslo Universitetssjukehus (OUS). Fagansvarleg der, Bente Mevåg, vitna i Sør-Trøndelag tingrett torsdag.
Ho stadfesta det aktor har opplyst tidlegare, at det ikkje er funne DNA frå andre enn avdøde Råger Holte og tiltalte i huset på Ler.
Fagansvarleg Bente Mevåg ved avdeling for rettsgenetikk ved Oslo Universitetssjukehus.
Foto: Kari Sørbø / NRK
Det er mellom anna påvist DNA frå begge i blodet på bajonetten som politiet meiner er drapsvåpenet. Det var avdøde som eigde bajonetten.
På ein klappstol av stål er det funne DNA i form av blod frå avdøde, likeins på ein knust tallerken.
Den tiltalte 27-åringen har erkjent at dei to slest, men at dei to vart vener og at Holte var «heilt i live» og oppegåande då tiltalte forlèt huset i 8-tida tysdag morgon. Tiltalte har også sagt bajonetten ikkje vart brukt i slagsmålet.
På spørsmål frå medforsvarar Christian Wiig om ein generelt kan tidfeste kor gamle blodflekker på gjenstandar er, svarte Bente Mevåg at det er vanskeleg, om dei ikkje ser ferske ut.
– Nyvaska klede er vanskeleg å finne blod på
Retten fekk torsdag sjå ytterjakka som tiltalte hadde på seg då han vart arrestert 25. januar. På to stader vart det funne DNA og blod frå avdøde, men når blodet kom dit, er det umogeleg å svare på, sa Mevåg.
Forsvararane meiner det ikkje er unaturleg at tiltalte kunne fått Holte sitt blod på seg ved eit høve, sidan tiltalte nærast budde der og dei to hadde for vane å «leikesloss», som tiltalte sjølv har forklart i politiavhøyr.
Ullgenseren som tiltalte hadde på seg då han vart arrestert er også undersøkt ved OUS.
Krimteknikar Frode Reiten viser fram genseren tiltalte skal ha brukt.
Foto: Kari Sørbø / NRK
Mevåg hadde same meining som kriminalteknikar Frode Reiten vitna om onsdag:
Genseren i storleik «large» verka tova og krympa og lukta sterkt av skyljemiddel.
Men sjølv etter nøye testar, kunne det ikkje påvisast blod, opplyste Mevåg.
Aktor Per Morten Schjetne meiner tiltalte vaska ullgenseren på 60 grader etter drapet. På spørsmål frå aktor svarte Mevåg at når klede er vaska, er det ofte svært vanskeleg å finne blodflekkar.
Generelt tilrår ho at vaska klede ikkje blir sendt til undersøking i kriminalsaker, fordi det er så lite å finne.
Torsdag vitna også pensjonert professor i rettsmedisin, Bjørnar Olaisen. Det er forsvararane som har bede om at han måtte innkallast, og retten har bestemt at han også skal nemnast opp som sakkunnig.
Olaisen er ein av dei som meiner augevæskemetoden er for upresis til å anslå dødstidspunkt.
Han gjekk gjennom opplysningane om mellom anna temperaturen på åstaden og tilstanden til avdøde då han vart funnen i 13-tida onsdag. Olaisen sa at Holte truleg døydde seinast tysdag kveld. Men den røynde rettsmedisinaren sa at eit tidspunkt ikkje er meir sannsynleg enn eit anna.
Pensjonert professor og tidlegare leiar ved Rettsmedisinsk Institutt Bjørnar Olaisen (frå venstre) saman med forsvararane Christian Wiig og Arve Opdahl.
Foto: Kari Sørbø / NRK