NRK Meny
Normal

Nyvaska bukser funne i avdødes maskin

Ei dongeribukse som politiet meiner tilhøyrer tiltalte, vart funne i vaskemaskina heime hos avdøde i Lerdrapet. Buksa var nyvaska, men låg framleis i maskina då krimteknikarane byrja undersøkingane i huset dagen då Råger Holte(38) vart funnen død.

Bildebevis Lerdrapet

Dongeribuksa med slitemerke på baklommene vart funnen i vaskemaskina heime hos avdøde. Politiet meiner dette kan vere samme bukse som tiltalte hadde på seg på Prix Ler sundag kveld.

Foto: Eskil Røen, Politiet

I maskina låg også ei bukse av same type som avdøde vart sett med måndag ettermiddag på ein butikk på Ler.

Aktoratets teori er at det var tiltalte som putta buksene i avdødes maskin etter at 27-åringen hadde drepe Holte måndag kveld eller natt til tysdag.

genserer

Biletet til venstre er tatt frå eit overvakingskamera på butikken på Ler to dagar før drapet. Politiet meiner tiltalte står i ei dongeribukse som er identisk med den i vaskemaskina.

Foto: Politiet

Identisk slitasje på baklommene

Tiltalte er registert på overvakingskamera på ein butikk på Ler sundag kveld. Aktor Per Morten Schjetne sa i si innleiing måndag at buksa tiltalte har på seg på biletet truleg er den same som vart funnen i vaskemaskina hos avdøde tre dagar seinare.

På baklommene er det slitasjemerker som framstår identisk med dei på buksa i maskina.

På det same biletet har tiltalte på seg ein ullgenser av typen Ulvang med raud krage. Denne genseren vart ikkje funnen på åstaden. Men då 27-åringen vart arrestert onsdag kveld, hadde han på seg ein genser av same type , men som berre nådde han til midt på magen.

Aktor meiner tiltalte vaska denne genseren slik at den krympa.

Måndag ettermiddag er også avdøde registert på overvakingskamera frå eit butikkbesøk der han har på seg ei vinterfora , fleirfarga Cammobukse . Ei identisk bukse vart også funne i same vaskemaskin.

Tiltalte har forklart at han forlet huset på Ler like før klokka 8 tysdag morgon og at Holte då var "heilt i live" og at dei to skiltes som vener etter at dei hadde slest .

Buksa til mannen som ble drept på Melhus

Denne buksa hadde avdøde på seg då han vitja butikken på Ler måndag ettermiddag.

Foto: Eskild Røen, Politiet

– Hadde brent klea om eg hadde drepe Råger

Alt tyder på at tiltalte ikkje var tilbake i huset etter at han forlet det tysdag morgon , meiner aktor.

Holte vart funnen død over eit døgn seinare. Det var ein telemontør som fann avdøde. Han forklarte i retten onsdag at han var varsam med å ikkje røre noko og at politiet vart kontakta via mor til avdøde.

Tiltalte vil ikkje forklare seg i retten. Men i politiforklaringar står det at han har sagt at dersom han hadde drepe Holte så ville han ha brent klea.

Kriminalteknikar Frode Reiten opplyste i retten onsdag at det også vart funne ei uvaska dongeribuske på baderomsgolvet med blodflekk som inneheldt DNA frå avdøde.

Badet framstod som uvaska, bortsett frå eit "blankpolert" blandingsbatteri , slik Reiten uttrykte det.

Usikkert dødstidspunkt

Holte vart sist sett offentleg då han handla på Coop Ler i nærleiken av heimen måndag kveld 23.januar. Overvakingskameraet på butikken viser klokkeslettet 22.18. Då var tiltalte ikkje i lag med han, noko han også har stadfesta i politiavhøyr.

Men på ettermiddagen same dagen var dei samtidig på butikken og kjøpte 30 ølboksar av lik sort.

Alle dei tome boksane vart funne i huset då kriminalteknikarane undersøkte åstaden etter drapet.

Ingen av boksane hadde fingeravtrykk eller DNA frå andre enn tiltalte og avdøde, opplyste Reiten i Sør-Trøndelag tingrett onsdag.

Han meiner dei kriminaltekniske undersøkingane tyder på at Råger Holte vart drepen på golvet ved sofagruppa der også eit bord var velta.

I følgje tiltalen døydde Holte etter "kort tid " av forblødning og lungekollaps på grunn av dei langt over 100 stikka med bajonett.

Rettsmedisinarane har hatt vanskar med å fastslå nøyaktig når Råger Holte døydde , men anslår at det skjedde natt til eller på morgonen tysdag 24.januar.

Dei skal vitne i Sør-Trøndelag tingrett torsdag.

– Genseren virker krympet

Krimteknikker Frode Reiten viser fram genseren tiltalte skal ha brukt.

Krimtekniker Frode Reiten viser fram genseren tiltalte skal ha brukt.

Foto: Kari Sørbø / NRK

På tampen av rettsdagen viste kriminalteknikar Frode Reiten fram Ulvanggenseren som tiltalte hadde på seg då han vart arrestert onsdag 25.januar.

Reiten fortalde i retten at då han fekk sjå genseren verka den tova og krympa. Den vart sikra som bevis og undersøkt. Det lukta svært sterkt av å vere nyvaska , inkludert skyllemiddel med "eit hint av eple", som Reiten uttrykte det i retten.

Genseren skal ha krympa mellom 15 og 20 centimeter.

På badet heime hos tiltalte vart det funne tøymjuknar med epleduft.

Reiten opplyste at det ikkje vart funne nokon annan Ulvanggenser heime hos tiltalte. 27-åringen har forklart at genseren han hadde på seg då han vart arrestert var ein annan enn den som han vart sett i sundag kveld på Prix Ler.

Aktor meiner det er snakk om same genseren som tiltalte vaska for å fjerne blod.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.