Hopp til innhold

Overgrepstiltalt tok løgndetektor for å bevise uskuld

Midt under forklaringa til tiltalte i retten fortalde han at han hadde tatt ein løgndetektortest. Retten visste ingenting, men forsvarar ville legge fram testen som bevis.

Sør-Trøndelag tingrett, Trondheim tinghus

TRONDHEIM TINGHUS. Tiltalte erklærer seg skuldig i dei fleste overgrepa.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Ifølgje tiltalen forgreip trenaren seg på fem gutar som han møtte gjennom idretten tidleg på 2000-talet.

Tiltalte erkjenner straffskuld for det meste, men nektar for oralsex med ein 11 år gamal gut. Derfor tok han løgndetektortest førre veke.

På båttur med far til fornærma

Oralsexen skal ha skjedd i ein lugar på ein fritidsbåt. Far til barnet var også med.

Først då politiet kontakta fornærma forstod han at det som hadde skjedd, ikkje var rett.

– Etterpå har det lege i tankane mine heile tida. Men eg klarer ikkje å synest noko vondt om N.N. (fornamn på tiltalte) likevel, sa fornærma.

Vitnet fortalde om rusbruk og psykiske vanskar. Kor mykje som skuldast overgrepet, veit han ikkje.

Han gret mykje mens han forklarte seg. Tiltalte synest det var «leit» å sjå han i retten.

– Det skjedde aldri noko mellom oss. Han var ein «artig gut», sa tiltalte.

Overgrep i bil og på turar

Ein annan fornærma hugsa godt det første overgrepet då han var 13 år. Han var på ei turnering der dei overnatta på ei hytte.

Tiltalte sette seg på sengekanten for å seie godnatt. Så befølte han penisen hans og etter kvart masturberte den. Det føregjekk kanskje i eitt minutt.

– Eg var så liten at eg visste ikkje kva det var, sa fornærma.

Tiltalte sa ingenting mens det pågjekk, ifølgje mannen.

Seinare skjedde det same fleire gonger, kanskje 20 i løpet av dei fire-fem neste åra, meinte fornærma.

Tiltalte køyrde han og andre ungar til og frå trening mange gonger i veka. Når han var aleine i bilen med ein av ungane, befølte han penisen til barnet utanpå kleda.

På bade- eller campingturar der foreldra var i nærleiken, stakk tiltalte handa si inn i lomma eller ned i buksa på nokre av barna.

Vibeke Meland

BELASTANDE: Vibeke Meland er bistandsadvokat for dei fem som i dag er vaksne menn.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Var spesiallærar for vanskelegstilte barn

Tiltalte er i dag pensjonist. Han jobba i mange år med vanskelegstilte barn i skulevesenet.

Dei fornærma sa i retten at dei såg på han som ein «farsfigur» og «ei klippe».

Han vart også god ven med fleire av foreldra.

Ingen av barna fortalde noko om det som skjedde. Dei var redde for at både sporten, turane og venskap med treningskameratar ville «ryke», som ein av mennene uttrykte det i retten.

– Det var ein tanke blant folk i klubben at tiltalte sette pris på samvær med unge gutar. Kanskje litt sjarmerande, søte gutar.

Det sa leiar i idrettskubben der tiltalte var medlem i mange år.

– Det var nokre gonger eg tenkte at dette er for tett, sa vitnet.

Sidan tiltalte jobba i skulen og det aldri kom formelle klager, gjorde ikkje klubben noko med situasjonen.

Melde person til politiet for utpressing

Saka starta med at tiltalte politimelde ein person som hadde pressa han for minst 180.000 kroner. Vedkomande hadde brote seg inn i uteboda hans og stole ein gamal PC.

Då politiet avhøyrde tjuven, fortalde han at tiltalte hadde utført oralsex på han på 1990-talet då han var 11–12 år gamal.

Dermed starta etterforskinga av tiltalte.

Han sa i retten at han kontakta politiet fordi han var redd for eit våpen som personen også stal. Tiltalte skjønte at det kunne bli avdekka kva han hadde gjort mot barna.

På den stolne PC-en fann politiet 22 nedlasta overgrepsbilete av barn. Tiltalte meiner det må vere personen som stal datamaskina som har lagt desse inn på PC-en hans.

Spesialetterforskar Jørgen Bendiksen ved Trøndelag politidistrikt sa i retten at ein må vere svært datakyndig for å få dette til.

Den moglege overgrepssaka vart lagt bort fordi den er forelda. Det same gjeld tre andre saker som kom opp under etterforskinga.

Løgndetektortest avvist som bevis

Tiltalte namnga sjølv fire av dei fem barna som er fornærma då han vart avhøyrt av politiet. Han tilstod å ha berørt dei, men avviser at han masturberte dei.

Då han fekk vite at han vart tiltalt for oralsex med den eine, vart han fortvilt.

– Eg vil ikkje bli dømt for ting eg ikkje har gjort. I førre veke drog eg derfor til Bergen der eg tok to løgndetektortestar, sa tiltalte i retten tysdag.

Dette kom svært overraskande på alle, unnateke forsvararen som visste at klienten hadde reist av garde kort tid før rettssaka starta.

Tiltalte fekk så vidt fortelje resultatet av den eine testen, før han vart stansa av dommaren.

Bevis som skal leggast fram i retten må varslast i god tid før saka startar.

Forsvarer Morten Aalberg

VILLE LEGGE FRAM LØGNDETEKTORTEST: Retten avviste kravet frå forsvarar.

Forsvarar Morten Aalberg meinte tiltalte burde få forklare seg om resultatet av testen fordi den kom så seint.

Bistandsadvokat Vibeke Meland kalla det «overrumpling» frå forsvarar si side. Både ho og aktor, konstituert statsadvokat Eli Reeberg Nessimo, ba retten om å avvise beviset.

Høgsterett sa i 1996 nei til at slike testar kan brukast i straffesaker.

Onsdag avviste tingretten å bruke løgndetektortesten som bevis:

«Det er tingrettens klare oppfatning at både tiltalte og forsvarer bevisst og planmessig har unnlatt å melde fra på forhand om at polygraftesten kom til å bli å bli ført som bevis i saka», står det i avgjerda.

Er tiltrukken av barn

Tiltalte fortalde om ein oppvekst der han var veldig populær fordi han var god i idrett.

– Men eg har følt gjennom heile livet at eg ikkje har passa inn, sa tiltalte.

Han trudde han var homofil. Men det var ingen å snakke med om det då han var ungdom.

Han meiner han aldri har vore «kynisk» slik overgriparar ofte er. Han oppfatta ungane som «kompisane» sine – ikkje at han var ein vaksen.

– Er du tiltrukken av barn? spør dommaren.

– Ja, det trur eg. Det er greitt å seie det no. Det er noko eg ikkje kan noko for, svarar tiltalte.

For mange år sidan kutta han kontakten til idrettsmiljøet. Han bestemte seg for å ikkje lenger ha med barn å gjere på fritida. Han har også oppsøkt profesjonell hjelp.

Påstand om fire og eit halvt års fengsel

Under etterforskinga fann politiet nettsamtaler med to mindreårige som tiltalte var hjelpelærar for. Barna vart avhøyrde.

Det kom ikkje fram opplysningar som tyda på at desse to vart utsette for overgrep frå tiltalte.

Mannen er også tiltalt for å ha skaffa seg seksuell omgang ved å misbruke stillinga si og utnytte tilliten barna hadde til han som trenar.

Aktor la ned påstand om fire og eit halvt års fengsel.

Forsvarar meiner klienten må frifinnast for oralsex og for overgrepsbileta.

Tiltalte godtek å betale oppreisningserstatning for overgrepa mot dei fire gutane som han har erkjent straffskuld for.