Hopp til innhold

Stal kamerautstyr for fleire hundre tusen – sende direkte frå flukta

Tjuveriet av kamerautstyret på Leangen travbane i Trondheim vart ei kortvarig affære for den sikta mannen.

Politiet stopper tyven som stjal kameraet

PÅGRIPEN: Tjuven (t.h) med hendene i veret. I midten Jørgen Kjelsberg som passa på tjuven til politiet kom.

Foto: Politiet

Utan å vete om det, avslørte tjuven si eiga fluktrute.

– Det var lett å følgje spora hans, seier Jørgen Kjelsberg.

Han er arrangementssjef på Leangen og humrar godt når NRK snakkar med han.

Direktesende flukta si

Det var i oktober 2019 det skjedde.

Det var travløp på Leangen i Trondheim og den sikta i slutten av 20-åra var der for å spele på hest og drikke øl.

Då løpa var over for kvelden, oppdaga han eit kamera som låg på golvet inne på eit ulåst rom. Han bestemte seg for å ta med kameraet.

Målet var å bytte det mot narkotika, forklarte han i retten i førre veke. Han anslo at kameraet var verd 30.000 kroner.

Kameraet som ble stjålet

AVSLØRT AV TJUVEGODSET: Filma fluktruta mens tjuven bar på det.

Foto: NEP/Politiet

Men tjuvegodset var eit Sony PMW-400k-kamera med påmontert TV-linse og ein dyr mikrofon.

Verdien var 354.000 ifølgje eigaren, produksjonsselskapet NEP. Dei filmar løpa på travbanen.

Kameraet hadde også ein trådlaus videosendar og den var ikkje slått av.

Men det kunne ikkje tjuven vete, og dermed kunne produksjonsfolka følgje fluktruta direktesendt til kontrollrommet i NEP-bussen.

Avslørande innpakning

Jørgen Kjelsberg stod i restauranten då han fekk telefon frå kollegaer om den spesielle TV-overføringa til bussen like utanfor.

Jørgen Kjelsberg

TOK OPP JAKTA: Arrangementssjef Jørgen Kjelsberg ved Leangen travbane.

Foto: Privat

Opptaket viste at tjuven var på veg mot IKEA like ved. Signalet forsvann etter kvart, men då var Kjelsberg allereie i bilen sin.

Etter nokre rundar rundt, oppdaga han ein person på parkeringsplassen ved IKEA. Kjelsberg stoppa og gjekk ut til personen. Han bar på noko, innpakka i det som Kjelsberg kjenner godt til – eit Rikstoto-flagg.

– Eg spurte han kva det var. Han svarte at det var hans kamera. Då eg bad han om å få sjå på det, sette han det ned på bakken og la på sprang, fortel Kjelsberg.

Han sprang etter og fekk stoppa tjuven etter få hundre meter.

Kjelsberg og tjuven

KJELSBERG OG TJUVEN: Filma av politiet då dei kom til staden.

Foto: Politiet

– Han var ikkje særleg aggressiv, så det gjekk greitt. Eg varsla kollegaer på Leangen som stod med politiet. Dei kom i løpet av eitt minutt, seier Kjelsberg.

Politiet er alltid på Leangen etter travløpa.

Klokka 21.41 fekk dei melding om tjuveriet, eit kvarter seinare var mannen pågripen.

Slepp å sone i fengsel om han gjennomfører narkotikabehandling

Sikta fortalde i retten om langvarige rusproblem og narkotikagjeld.

Det var også forklaringa på at han i november 2020 skulle ta ein nattsafe frå eit kjøpesenter i Trondheim. Då var han saman med to andre. Dei mislukkast etter å ha freista å få safen med seg i ei handlevogn.

Mannen har tidlegare freista å gjennomføre eit narkotikaprogram som domstolen skal kontrollere, men utan hell. No er han meir motivert.

Trøndelag tingrett dømte han derfor til fengsel på vilkår i åtte månader med ei prøvetid på tre år.

Og kameraet er for lengst klart til å gjere nye opptak på Leangen av dei som spring. Men først og fremst av firbeinte.