Hopp til innhold

Dømt for å ha lasta ned og delt tusenvis av overgrepsbilete av barn for andre gong

På seks år har mannen i femtiåra blitt dømt to gonger.

Overgrepsbilder

DØMT FOR ANDRE GONG: For seks år sidan vart han dømt i den til då største overgrepsbiletesaka i Trøndelag. (Illustrasjon.)

Foto: NRK

I 2016 vart mannen dømt til eitt år og seks månaders fengsel for brot på paragraf 311 i straffelova som omhandlar overgrepsbilete.

Denne veka møtte han i retten igjen.

Overgrepsbilete av spedbarn

I 2015 aksjonerte politiet for første gong mot mannen på Fosen. I ti år hadde han samla overgrepsmateriale av barn, heilt ned i spedbarnsalder. I tillegg var det også ein del lovleg pornografi.

Politiet gjekk gjennom 1,6 millionar bilete. Han vart sikta for dryge 400 000 bilete og 3600 videoar. Etterforskinga i Trøndelag politidistrikt vart kalla «Operasjon Duck» og sakene gjekk inn i «Dark Room» styrt frå politiet i Bergen.

I den første rettssaka gav mannen uttrykk for at han var forferda over det han hadde gjort. Han sa han hadde kome inn i ei verd der grensene gradvis vart utviska.

Dataavhengig

Mannen i midten av 50-åra vart pågripen på nytt i mars i fjor. Frå januar 2019 og i to år lasta han ned og delte om lag 3.000 bilete. Dei viste overgrep eller seksualiserte framstillingar av barn, ifølgje siktinga.

Han sat tre veker i varetekt for å hindre at han skulle øydeleggje bevis.

Også no erkjente han forholda med ein gong. Til liks med første gongen, vart det måndag derfor ei tilståingssak i Trøndelag tingrett.

Politiet fann også ein datalogg mellom sikta og ein ukjend person under ransakinga. Dei to delte overgrepsbilete og skreiv kva dei kunne tenkje seg å gjere mot barna.

Sikta sa i retten at han er avhengig av data og brukte mykje tid på å sjå porno, også den ulovlege. Han sa han kan trenge profesjonell hjelp. Men det gjeld meir for dataavhengigheita enn for å sjå og laste ned overgrepsmateriale mot barn, meinte han.

Med strafferabatt for tilståiinga vart han dømd til 10 månader i fengsel. Det er ein månad mindre enn påstanden frå aktor.

Frode Wisth

Frode Wisth forsvarte den dømte mannen i retten.

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen / NRK