Hopp til innhold

Nye vedtekter i Trøndelag Ap sender Giske ut på stemmesanking

Trondheim Arbeidarparti mister fleirtalet når Stortingsrepresentantar skal nominerast.

Trond Giske viser stemmetegn i forbindelse med en votering. Han sitter i en møtesal og det er flere delegater rundt ham som også viser stemmetegn

MÅ SANKE STEMMER: Med dei nye vedtektene må Trond Giske sanke stemmer frå andre kommuneparti for å kome tilbake til Stortinget.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Jo fleire medlem du har, jo fleire representantar.

Det seier Per Olav Skurdal Hopsø som legg fram vedtektene til Trøndelag Arbeidarparti.

Vedtektene sikrar alle kommuneparti 1 delegat når stortingsrepresentantar skal nominerast.

Dermed har Trondheim Ap 57 av 133 delegatar på nominasjonsmøtet i Sør-Trøndelag valkrets. Dette er 10 færre enn tidlegare.

Kommunepartiet mister fleirtalet, men beheld fleire representantar enn først antatt.

Sjølv om Trøndelag er eit fylke er det framleis to valdistrikt.

Les også Nye reglar kan hindre comeback for Giske

Trond Giske i salen på årsmøtet til Trøndelag Arbeiderparti. Han holder hånden opp til ansiktet og lytter på det som blir sagt fra en talerstol

Set kjeppar i hjula for Giske

På grunn av den store veksten til lokallaget Nidaros låg Trondheim Ap an til å få reint fleirtal på nominasjonsmøta. Men slik blir det altså ikkje.

Dette gjer Nidaros-medlem Astrid Grendstad uroleg. Ho trur det set kjeppar i hjula for nominasjonen av Trond Giske.

Å eventuelt miste han vil ikkje vere bra. Me treng ei sånn tydeleg stemme og me treng stemma hans, seier Grendstad.

Gjer endringane som ein har banka gjennom her i føremiddag det vanskelegare med nominasjon for Giske?

Viss eg skal vere heilt ærleg så ville eg ha svart ja på det. Eg er uroleg.

Trond Giske vil ikkje kommentere dei nye vedtektene.

Les også Maktkrav i Trøndelag Ap: «Nærhet til grasrota»

En smilende Trond Giske sitter i en sal med masse folk. Giske klapper.

For no må Giske sanke stemmer utanfor Trondheim for å sikre seg ein nominasjon til Stortinget.

– Med dei nye vedtektene for nominasjonen til stortingslista, vil Giske no vere avhengig av ganske mange stemmer frå resten av dei sørtrønderske kommunepartia om han vil gjere comeback på Stortinget.

Det seier politisk kommentator i NRK Trøndelag, Linda Bjørgan.

– Det er ikkje utenkeleg at han kan sanke stemmer her. Om alle 57 delegatar frå Trondheim Ap kjem til å stemme han fram, er meir tvilsamt.

Trond Giske i samtale med Jan Christian Vestre under en pause i årsmøtet til Trøndelag Ap. I forkant av dem sitter en smilende Ingvild Kjerkol

Trond Giske og Jan Christian Vestre pratar saman rett bak Ingvild Kjerkol på årsmøtet til Trøndelag Ap.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Bør bu fast i Trøndelag

I tillegg har fylkespartiet vedtatt at stortingsrepresentantane bør bu fast i Trøndelag.

I dag er det berre Eva Kristin Hansen frå Trøndelag som ikkje har fast bustad i fylket. Ho bur i Akershus, men har takka nei til attval.

– Etter at Eva Kristin Hansen trakk seg frå renominasjon, har svært mange peika på Karianne Tung som den openberre førstekandidaten for Ap i Sør-Trøndelag, seier Bjørgan.

– Ho vil også representere Trondheim og då vil det nok komme eit krav om at andrekandidaten kjem frå ein annan stad enn Trondheim. Det kan hindre Giske ei topplassering på lista.

Trond Giske har framleis bustadadresse i Trondheim sjølv om familien bur i Oslo.

Les også Utelukker ikke å stille for Oslo

Hadia Tajik samler hendene foran seg og ser mot høyre. Hun har svart dressjakke og svart genser og har langt, løst brunt hår. Bak henne er lys murvegg. Hun ser nøytral ut i ansiktet.

Ingvild Kjerkol på årsmøtet til Trøndelag Arbeiderparti.

Ingvild Kjerkol blei attvald som leiar for Trøndelag Ap under årsmøtet i fylkespartiet på Scandic Hell i Stjørdal.