– Det var veldig avgjerande det som skjedde her, seier Trond Giske om mogelegheitene hans til ein plass på Stortinget etter valet neste år.
Han fekk totalt 104 stemmer mot 68 stemmer til Tung i kampen om førsteplassen til Trondheim Ap.
– Eg må innrømme at eg var veldig spent, fordi eg trudde det skulle bli veldig jamt. Det var jo det som var spådd. Og så blei det eit overveldande resultat. Det var rørande, legg han til.
– Det me skal gjere no er å vinne valet. Slik at Karianne Tung og alle dei andre kan halde fram som ministrar, seier Giske.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKKveldens møte i representantskapet hadde som mål å bestemme kven Trondheim Ap ønsker å få inn Stortinget.
Men kven som ender opp med å stå øvst på Stortingslista til Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag valkrins skal endeleg vedtakast 30. november. Då skal både lista til Trondheim Ap og dei andre kommunepartia vurderast.
Likevel føler Giske seg trygg som førstekandidaten til Trondheim Ap.
– Trondheim har jo nesten 2/3 av veljarane i Sør-Trøndelag. Me har 75 % av medlemmane i Sør-Trøndelag Ap, så Trondheim må stå høgt på lista.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at han har respekt for utfallet av møtet.
– Eg har stor tillit til at fylkespartia gjer sin jobb, og dette er eit partilag i Trøndelag, så det får gå prosessen der. Dei tek dei avgjerda og tek ansvarfor det, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK etter kveldens partileiardebatt.
– Folk liker deg og dei liker deg ikkje
Trond Giske svarar optimistisk på om vegen tilbake til Stortinget står open for han.
– Trondheim Ap vil no det. Dette var ein sterk oppleving, seier Giske.
– Det er jo dei som meiner at du ikkje høyrer heime i politikken etter me-too-saka. Kva er tenker du om det?
– Det var mange som meinte eg ikkje hadde ein plass i politikken før det. Så at politikarar blir diskutert der noko er for og andre i mot, det er eldgamalt. Og det må me berre tole, svarar Giske.
– Meiner du det er forelda?
– Det kjem aldri til å bli forelda å vere for og i mot politikarar. Me skal veljast, folk er einig og ueinig. Folk liker deg og dei liker deg ikkje.
– Eg trur det finst både kvinner og menn som både er for og mot meg. Det trur eg går alle vegar, legg Giske til.
– Trur du det norske samfunnet et moden for deg?
– Eg trur det norske samfunnet treng ei vitalisering av politikken generelt, svarar han til slutt.
Stor usemje internt
Torsdag kveld skulle Trondheim Ap velje ei liste med sine fem øvste kandidatar til Stortinget. Dei skal også ha ei liste på totalt 20 kandidatar.
Men har vore stor usemje i Trondheim Ap om kven som er dei rette, og mest samlande, kandidatane for partiet.
På den eine sida står dei som vil ha Giske på Stortinget. På den andre sida står dei vil ha Karianne Tung, Per Olav Skurdal Hopsø og Sara Shafighi inn på tinget.
Men både Tung og Hopsø blei vraka til fordel for høvesvis Giske og Kirsti Leirtrø.
For i tillegg til å velje Trond Giske inn øvst på lista har Trondheim Ap no vald at Kirsti Leirtrø skal stå på 2.-plassen.
RESPEKT: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at han har respekt for utfallet av møtet. Her frå etter partileiardebatten i Arendal.
Foto: William Jobling / NRKPå 3. plass har dei vald at det skal vere ein fagleg kandidat. Det betyr at Trondheim Ap vil at nominasjonskomiteen i Trøndelag Arbeidarparti skal finne ein fagleg kandidat til å fylle denne plassen.
Isak Busch frå Røros blei vald inn på 4. plass og på 5. plass valde Trondheim Ap at det skal vere ein kandidat frå AUF.
Då det var ferdig storma fleire av medlemmane ut av møtet og ville ikkje kommentere det dei no har vedteke til pressa.
Kasta pressa på gangen
Då både medlemmane og pressekorpset møtte opp på Folkets hus blei det klart at leiar i Trondheim Ap, Pål Sture Nilsen, ville stenge møtet for pressa.
– Det er veldig lite plass i møtelokalet. Det er knapt nok plass til medlemmane.
Men forslaget fekk fleire til å reagere. I salen var det roping og stor usemje.
– Me må ha opne prosessar. Eg vil oppmode til at me ikkje lukkar møtet. Det er alltid bra med openheit, seier Trude Basso.
Også Jørn Arve Flått meiner pressa må vere til stades under diskusjonane på møtet.
– Det er ein dårleg idé å lukke møtet. Spesielt i eit parti som står for openheit og for opne prosessar, seier Flått.
Jørn Arve Flått og Trude Basso var svært kritiske til at pressa blei kasta ut på gangen under møtet.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKOg det enda med at pressa blei kasta på gangen, men utan at døra til møtet blei lukka.
86 stemte for å kaste ut pressa, medan 85 ville ha pressa til stades. 3 personar avstod frå å stemme.
Nilsen argumenterte for at pressa måtte ut for at medlemmane skulle tore å snakke fritt på talarstolen.
– Det andre som er viktig for meg er at det med media til stades vil avgrense mogelegheitene deira for å seie fritt det dei meiner frå talarstolen.
I tillegg til at leiaren ville lukke møtet, stemte også store delar av Nidaros, Giske sitt lokallag, for å kaste ut pressa.
Sjølv avstod Trond Giske frå å stemme.
Trond Giske stemte verken for eller mot å kaste pressa på gangen.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKKritiske til prosessane i partiet
Både under dette møte og i forbindelse med årsmøtet i Trondheim Ap i februar i år har fleire av medlemmane vore kritiske til dei interne prosessane i partiet.
– Eg har ein merknad til det eg meiner er manglande sakspapir. Dei kom veldig seint, noko som gjorde at me ikkje fekk førebudd oss skikkeleg.
Det sa Anne Sophie Hunstad frå talarstolen.
Også etter at pressa måtte på gangen held diskusjonane rundt prosessane internt i partiet fram.
– Det er ingen tvil om at Arbeidarpartiet, som nyleg vedtok ein visjon om å vere eit samla parti, ikkje er eit samla parti i Trondheim.
Det sa politisk redaktør i Adresseavisen, Siv Sandvik, til NRK i forkant av møtet.
På årsmøtet i Trondheim Ap i februar kom interne konfliktar og personstrid fram på talarstolen.
Og i etterkant av møtet bad statsminister Jonas Gahr Støre Trondheim Ap om å få slutt på bråket.
Og uroa internt partiet har ikkje lagt seg forklarar
– Oppkøyringa til dette møtet viser at Trondheim Ap ikkje er eit samla parti. Splittingane me såg under det opprivande årsmøtet i februar, riv framleis i partiet.