Hopp til innhold

Kunstnar oppdaga ulovleg bruk av eigen illustrasjon på bokomslag

Illustratøren «Pøbel» sin koronakunst blei brukt på framsida av ei bok om vaksinar – utan at han sjølv var klar over det. Forlaget meiner dette er gatefotografering, og det er no strid om kven som har opphavsretten.

«The Lovers» av kunstnaren «Pøbel» på Bryne

KORONAKUNST: Kunstverket «The Lovers» dukka opp under ein jernbaneovergang på Bryne då Noreg stengde ned den 12. mars. Eit fotografi på eit bokomslag på ei bok om vaksinar, har skapt full strid om kven som har rettigheitene.

Foto: Pøbel

Det var ein NRK-artikkel som først gjorde kunstnaren oppmerksam på bruken av illustrasjonen hans i kommersiell samanheng.

NRK skreiv i førre veke om oppdalingar som fekk ei vaksinebok frå ein anonym avsendar. Det var ikkje berre journalisten som fekk full innboks. Men også ein illustratør frå Jæren i Rogaland.

Den anonyme kunstnaren «Pøbel» oppdaga at motivet hans av to personar som kyssar med munnbind, hadde blitt misbrukt på bokomslaget til boka «Vaksinetvang – i skyggen av koronakrisen».

Kjend for koronakunst

«Pøbel» har det siste året blitt kjend for sin koronakunst. Både nasjonalt og internasjonalt.

Kunstverket «The Lovers» dukka opp under jernbana på Bryne då Noreg stengde ned den 12. mars i fjor. Verket har fått mykje merksemd. Det hamna mellom anna i storavisa New York Times.

Forlaget: – Dette er gatefotografering

Forlaget bak boka, Paradigmeskifte forlag, har ikkje fått løyve av «Pøbel» til å bruke fotografiet frå jernbaneundergangen på Bryne, som avbildar illustrasjonen hans.

Dei forstår heller ikkje problemet med å bruke motivet på bokomslaget når NRK konfronterer dei med det.

– Dette er gatefotografering, så det er lov å bruke biletet. Det er vanleg å fotografere rundt i gatene, seier forlagsredaktør Gottfried Fjeldså, som sjølv har fotografert biletet på bokomslaget.

Kunstnaren: – Frekt

– Det er frekt at forlaget ikkje har kontakta meg. Om dei hadde teke kontakt, hadde eg sagt nei. Dette er flaut for meg, seier «Pøbel» til NRK.

«Pøbel» har fått spørsmål om det var han som sende ut vaksinebøkene i Oppdal, sidan han også opptrer anonymt.

Det avkreftar han.

Paradigmeskifte forlag i Stavanger er også svært tydelege på at dei heller ikkje står bak dette.

– Avgrensa opphavsrett for begge partar

Det er full strid om kven som eigentleg har opphavsretten til motivet på bokomslaget.

Kristine Farstadvoll er juridisk rådgjevar i BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Ho fortel at begge partane har opphavsrett, men at den er avgrensa for begge.

Juridisk rådgiver i BONO, Kristine Farstadvoll

– BEGGE HAR OPPHAVSRETT: Kristine Farstadvoll i BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) fortel at begge partar har avgrensa opphavsrett.

Foto: Ansgar Valbo / BONO

– Utgangspunktet er at kunstnaren har opphavsretten, og at kunstnaren må gje løyve til bruk av kunstverket.

Ho held fram:

– Kunstnaren har opphavsrett til alle verk dei har skapt. Også verk som er plassert utandørs i det offentlege rom. Fotografen har rettigheitene til fotografiet som avbildar kunstverket, men fotografen sine rettigheiter vil vere avgrensa, sidan kunstnaren har opphavsretten til motivet.

Farstadvoll fortel at kunstverk i offentlege rom kan avbildast utan å spørje kunstnaren om løyve først. Men eit unntak i åndsverklova seier at dersom verket klart er hovudmotivet, og det blir brukt kommersielt, må ein likevel klarere dette med kunstnaren først.

– Kunstnaren kan heller ikkje bruke fotografiet som forlaget har teke, sidan fotografen har rettigheitene til fotografiet, opplyser Farstadvoll.

Vil ikkje assosierast med innhaldet i vaksineboka

«Pøbel» blei for alvor ein «snakkis» då han lurte Helse Vest med ein skjult beskjed i eit julekort. Kritikken handla om underbemanning ved sjukehusa.

Seinare hylla sjukehustilsette kunstnaren for dette stuntet. Dette har gitt han mange følgjarar frå helsevesenet på Instagram. Noko som fører til at dette bokomslaget er ekstra problematisk for kunstnaren.

«Pøbel» får no spørsmål om han «står for innhaldet» vaksineboka representerer. Det avkreftar han på det sterkaste. Kunstnaren har ikkje lese boka, og vil derfor ikkje uttale seg om innhaldet.

Boka tek opp spørsmål om massevaksinering i befolkninga er riktig, og aktualiserer det med koronavaksinen.

– Det eg reagerer på er når mine verk blir brukt utan samtykke, for å fronte synspunkt eg ikkje deler sjølv. Dette drar meg inn i ein uønska debatt.

Det er vanskeleg å kontrollere kva slags samanhengar motivet hans blir brukt i. At folk avbildar «Pøbel» sin gatekunst har vore «ein stein i skoen» lenge, fortel han.

– Eit bilete du målar offentleg er litt som ein flaskepost du kastar i havet. Du veit aldri kor det hamnar, seier kunstnaren.

«Pøbel» får no bistand frå ein annan jurist i BONO. Opplaget var på eit par hundre bøker. Det blir ikkje trykt opp fleire bøker med dette omslaget.

– Uansett om kunstnaren ynskjer å bli assosiert med innhaldet eller ikkje, må forlaget ha løyve frå kunstnaren dersom verket er hovudmotiv og dette er til kommersiell bruk, fastslår Farstadvoll.