Hopp til innhold

Koronakunst frå ti byar

Kunst er viktig, og kanskje spesielt i krisetider. Nå poppar koronakunst opp over heile verda. Sjå bileta her.

Koronakunst på Jæren av Pøbel

JÆREN: I ein undergang på Bryne kom denne koronakunsten opp i løpet av natt til fredag 13. mars. Kunsten har fått særs god respons i sosiale medium.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ordførar i Time kommune, Reinert Kverneland, er vanlegvis ikkje glad i «tagging».

– Men akkurat dette var veldig fint, seier han i ein kort kommentar til NRK under eit koronamøte i rådhuset.

Kultursjef, Trond Lie, utdjupar:

– Dette er eit eksempel på at gatekunst gjerne er spontan, aktuell og kan engasjera.

Og det er ikkje berre på Bryne det har kome opp koronarelatert gatekunst dei siste dagane. Her er eit lite utval av all koronakunsten som finst der ute.

1. Bryne, Noreg

På Bryne har det nye kunstverket av «Pøbel», som har kome opp i sentrum, blitt tatt svært godt imot etter at det kom opp natt til fredag.

I ein SMS skriv kunstnaren, som vil vera anonym, følgjande til NRK:

– Eg håper kunsten kan vera ei oppmuntring og spreia litt glede i denne krisetida. Me må vera forsiktige, ta omsyn og beskytta dei me er glade i.

2. Barcelona, Spania

Den italienske kunstnaren «TVBOY» har laga gatekunstverket «Mobile World Virus» i Barcelona. Han tar, som fleire andre, utgangspunkt i eit allereie kjent måleri.

3. Valencia, Spania

Skulpturen «Esto también pasará», som på norsk betyr «Dette vil også gå over», fekk namnet sitt lenge før koronakrisa. Men då kunstnaren «Escif» førre tysdag la til eit munnbind, blei kvinna i lotusstilling langt meir aktuell.

Skulpturen er plassert på eitt av torga i Valencia, og roterer 360 grader i same fart som jorda, skriv den spanske avisa eldiario.es.

4. Hertfordshire, England

Kunstnar «Gnasher» jobbar stort sett med gatekunst i og rundt London. I det siste verket han presenterer på Instagram kombinerts britisk pubkultur og koronafrykt. Sjølv skriv kunstnaren at han skal vera nøye med hygienen, men drikka plenty med Corona-øl.

5. Tel Aviv, Israel

«Wash your hands» er den klare oppfordringa som er skriven på ein vegg i den israelske storbyen Tel Aviv. Kunstnaren «Niro» som har lagt bilde ut på Instagram, er genuint opptatt av å visa fram gatekunst og graffiti frå Israel.

6. Karachi, Pakistan

Gatekunstnaren Affan Tariq, frå Pakistan, skriv på Instagram at dette er hans bidrag for å gjera folk oppmerksame på koronasituasjonen som herjar i heile verda.

7. Mumbai, India

Ikkje så ulik Valencia-installasjonen, med ei harmonisk kvinne i lotusstilling, er bodskapen til indiske «Tyler Street Art» også at ein må halda på roa.

8. Berlin, Tyskland

Nokon har hatt det morosamt med ein reklameplakat i Tyskland.

9. Malmö, Sverige

Den svensk-chilenske fotografen Gabriel Perez Santiago tok bilde av denne grafittikunsten i Malmö. Også her står Corona-ølet sentralt.

10. Ko Sichang, Thailand

Her er det ikkje brukt måling, men chilisaus. Gatekunst står alltid i fare for å forsvinna, dette verket må me nesten rekna med at allereie er vekke.

Kunst på nett

I tillegg til den fysiske kunsten, er det mange som lager koronakunst digitalt, til stor glede for mobilskrollarar.

Her er eit lite knippe av den digital koronakunst: