Hopp til innhold

Krev helserapport kvar veke

Helsedirektoratet krev at kommunane må rapportere om svineinfluensa til fylkeslegen kvar einaste veke.

Apotek

Hyllene i apoteka i Steinkjer er tomme for flytande antibaktriell handvask fordi folk er redde for å bli smitta av svineinfluensa.

Foto: Knut Reitan / NRK

- No har vi sett opp beredskapen. Vi er sikre på at det kjem ein pandemi, og at det blir fri smitte. Kommunane må vere førebudd på at ein stor del av befolkninga kan verte sjuke på same tid, seier fylkeslege i Nord-Trøndelag Marit Dybdal Kverkil.

Frå i dag er beredskapen for pandemi heva til eit nytt nivå. I følgje Folkehelseinstituttet ligg 245 personar i Noreg smitta av svineinfluensa i dag.

Rapporteringsplikt

Frå fredag må alle kommunar rapportere om pandemisituasjonen og korleis kommunane og helseføretaka er førebudd. Helsedirektør Bjarne Håkon Hansen har understreka at det ikkje finnast noko unnskyldning for ikkje å vere førebudd.

Fylkeslege i Nord-Trøndelag Marit Dypdal Kverkil

Fylkeslege i Nord-Trøndelag Marit Dypdal Kverkil meiner viktigste for helsevesenet er å vere tilgjengelig.

Foto: Knut Reitan / NRK

Kverkil trur kommunane står framfor ei stor utfordring, no som ho er sikker på at det kjem til å bli fri smitte i Noreg. Det betyr at folk ikkje lenger berre vert smitta i utlandet eller av familie og kjende. I løpet av nokre dagar eller veker smitter svineinfluensa på linje med ein normal sesonginfluensa.

- Det viktigaste er at kommunane har god kapasitet og tilgjengelegheit, seier Kverkil.

Utseld for antibaktriell

På apoteka i Steinkjer er det teikn til at folk har tatt inn over seg at dei må passe seg for smitte.

- Vi er tomme for flytande Antibac som er ein spritbasert handvask. Vå får inn igjen på onsdag, men er tomme no, seier Linn Cristell Fossan som jobbar på apotek i Steinkjer. Til då må folk nøye seg med våtserviettar.

Ingrid Elise Jekthammer er tilbake i Steinkjer frå 4H leir i Sogn og Fjordane . Medan kompisen ligg i isolat i jaktar ho på antibaktriell handvask for å ikkje bli smitta sjølv. Men frykta for svineinfluensa har ført til at apoteka er tomme.

Ingrid Elise Jekthammer (til høgre) må nøye seg med våtserviettar

Ingrid Elise Jekthammer (til høgre) og venninna frå 4H må nøye seg med nøye seg med våtserviettar.

Foto: Knut Reitan / NRK

For Elise er det ekstra viktig å halde seg frisk. Ho skal bu eit år i USA, og reiser om ei veke. Om ho blir sjuk no går året i utlandet i vasken. Då slepp ho ikkje inn i USA.

- Då må eg vere nøye for å ikkje få året spolert. Det vart jo laber stemninga av å verte sendt heim frå 4H landsleiren etter utbrotet der.

Men ho er ikkje så bekymra for situasjonen. Ho kjenner guten som ligg på isolat med svineinfluensa etter landsleiren til 4H og har daglig kontakt med han.

- Han har det bra. Eg trur dette er blåst opp mykje av media. Eg har høyrt om fleire på isolat som har det så bra at dei ikkje vil heim etterpå. Men eg kjem til å vere nøye på å vaske hendene likevel, avsluttar ho.

Les også:

Setter ut sprit på Storås

Alvorlig sjuk av svineinfluensa

Vurderer eget mottak

Inga hjelp frå helsemyndigheitene