NRK Meny
Normal

Alvorlig sjuk av svineinfluensa

Ei kvinne i byrjinga av 20-åra ligg i respirator med pustevanskar på St Olavs i Trondheim. Ho har påvist lungebetennelse og svineinfluensa.

St. Olavs Hospital

Ein person er alvorlig sjuk av svineinfluensa på St. Olavs Hospital.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

- Tilstanden til kvinna er alvorlig og kritisk, seier klinikksjef ved medisinsk klinikk på St. Olavs Hospital i Trondheim, Eiliv Brenna.

Pustevanskar

St. Olavs Hospital haldt tysdag klokka 19.00 pressekonferanse om ein alvorlig sjuk pasient. Kvinna som har fått påvist svineinfluensa og er no tilkopla respirator på intensivavdelinga grunna pusteproblem. Ho ligg no i isolat og vert behandla med antibiotika og Tamiflu for å motverke infeksjonar.

- Dette er det mest alvorlige tilfellet i Noreg så langt, seier Brenna.

Brenna seier at det ikkje er uvanlig med lungeinfeksjon når ein har influensa, men ikkje at det er så alvorlig. Men kvinna fekk lungebetennelsen som følgje av svineinfluensaen.

- Ho har ein kronisk sjukdom som gjer at ho har verte hardare råka av svineinfluensaen, men vi kan ikkje seie kva slags sjukdom det dreiar seg om fordi det vil gjere ho lettare å identifisere. Men sjukdommen er ikkje medfødt.

Kvinna er frå Nord-Trøndelag og vart smitta av svineinfluensaen i heimfylket. Verken ho eller nær familie har vore i utlandet i det siste.

Pasienten vart i utgangspunktet lagt inn grunna lungebetennelse, men helsepersonell fekk mistanke om svineinfluensa etter røntgenundersøkingar, og oppdaga svineinfluensaen.

Testar familien

- Kvinna har verte smitta i Nord-Trøndelag. Fleire andre i familien har influensasymptom, men det vert sjekka av helsetenesta i Nord-Trøndelag, seier Brenna. Trulig har dei også svineinfluensa.

Svineinfluensa vert behandla som ein normal influensa i følgje Brenna.

- Ut over hausten og vinteren kan sjukdommen verte farligare enn den er no, men det veit vi førebels lite om, seier han.

Dei tilsette på St. Olavs er føre var når det gjeld sjukdommen. Tilsette har både smitte-munnmind og hanskar når dei arbeidar med personar som dei mistenkjer har svineinfluensa.

So langt har ingen døydd av svineinfluensaen i Noreg. Kvinna frå Nord-Trøndelag er den tredje som er innlagt på St. Olavs Hospital med svineinfluensa.


Les meir informasjon og råd om svineinfluensa her .

Les også:

13 nye smittet av svineinfluensa

Vurderer eget mottak

Sju nye smitta

Fotballag fikk svineinfluensa

Daglige tilfeller av svineinfluensa

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal